NRK Meny
Normal

Supertalentet har forlenga med Hødd

Han blei tidenes yngste cupmeister som 16-åring, og spelte seg fast inn i Hødd-laget i 2012. No har Fredrik Aursnes forlenga med blåtrøyene frå Ulsteinvik ut sesongen 2015.

Fredrik Aursnes

Fredrik Aursnes blei historisk då han som 16-åring tok cupgull med Hødd 25. november i fjor.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Vi, og alle som har sett han spele, veit at han har noko spesielt med seg. Det har vore såpass mykje blest rundt han det siste året, men han har takla det på ein veldig fin måte. Vi er veldig godt fornøgde med å ha forlenga.

Det seier André Nevstad, dagleg leiar og sportssjef i IL Hødd.

Seniordebut som 14-åring, toppfotballdebut som 16-åring

Fredrik Aursnes er opphavleg frå Hareid, der han debuterte på seniornivå som 14-åring. I 2011 blei han årets spelar for moderklubben som 15-åring, før han gjekk til Hødd før sesongen 2012.

Nevstad og Aursnes

Sportssjef og dagleg leiar i Hødd, André Nevstad (t.v.) og Fredrik Aursnes. Begge er godt fornøgde med kontraktsforlenging ut 2015-sesongen.

Foto: IL Hødd

Han spelte seg kjapt inn på førstelaget til Hødd i 1. divisjon, som 16-åring, der han ligadebuterte mot Bodø/Glimt i tredje serierunde 2012.

Debutsesongen i toppfotballen blei krona med cupgull. Aursnes er den yngste som nokon gong har blitt cupmeister i Noreg. I augneblinken står han med 49 A-kampar og tre scoringar for Hødd.

Tidlegare i år blei han kåra til det 18. største norske fotballtalentet av bladet Josimar. Han var einaste spelar på lista frå 1. divisjon.

No har Aursnes forlenga kontrakten med Hødd til ut sesongen 2015. Frå før hadde 17-åringen kontrakt ut 2014-sesongen.

– Enormt potensial

At Aursnes har forlenga er Nevstad svært glad for.

– Han har allereie etablert seg i 1. divisjon, og har spelt fast på Hødd nesten frå dag éin. No er han ein sentral spelar i laget som held eit høgt Adeccoliga-nivå.

– Vi er veldig godt fornøgde med at han har forlenga med Hødd, slår Nevstad fast.

Nevstad, mannen med flest Hødd-kampar gjennom tidene (682), er usikker på kor lenge Aursnes blir i klubben, trass i forlenginga.

– Tida får vise kva som skjer med han Fredrik. Han har eit enormt potensial og store moglegheiter til å nå langt i fotballen, men han er ung og ting kan gå opp og ned.

– Han skal få ro til å utvikle seg i trygge omgivnader her i Hødd, og vi skal gjere alt vi kan for at han får ta nye steg, seier ein tydeleg Nevstad til NRK.

Saka held fram under bildet.

Georg Aursnes Fredrik Aursnes

Bror til Fredrik, Georg Aursnes (t.v.) har òg ein lang Hødd-karriere bak seg.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Har spøka med rekordtaking

Aursnes mot Kara

Aursnes imponerte stort i fjorårets NM. Mot brann i semifinalen utlikna han til 1-1, medan han i finalen mot Tromsø var med på tidenes cupbombe. Her i duell med dåverande Tromsø-spelar Kara Mbodj.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Ei forlenging med eitt år kan òg få mykje å seie for Hødd. Seinast etter fjorårssesongen gjekk talentkeeper Ørjan Håskjold Nyland gratis til Molde.

– Slik er det alltids. Når ein spelar først skal forlate oss så er det greitt å få noko igjen.

– Men for alt vi veit blir han i Hødd i mange år framover. Han har spøka om å ta rekorden min, og då må han bli her i nokre år, flirer Nevstad.

Ein spelar som debuterer i 1. divisjon som 16-åring og er tidenes yngste cupmeister er derimot noko andre klubbar får med seg.

– Vi har ikkje fått konkrete førespurnader på han Fredrik, men mange klubbar følgjer med. Han er ung og spennande, og skal få utvikle seg i Hødd før han kanskje tek neste steg, avsluttar André Nevstad.

Siste nytt

  • Norge starter med Lunde i mål

    Thorir Hergeirsson velger å starte med Katrine Lunde i mål i åttedelsfinalen mot Spania mandag, melder TV 2. Dermed er Lunde tilbake i mål fra start etter at det var Kari Aalvik Grimsbø som fikk sjansen mot Sverige. Vinneren av kampen mellom Norge og Spania møter enten Russland eller Sør-Korea i kvartfinalen.

    Katrine Lunde
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Tre nye russiske CAS-ankesaker

    De tre siste russiske utøverne som ikke hadde påklaget utestengelsen fra OL, leverte anke til Idrettens Voldgiftsrett (CAS) mandag. De tre var skiskytteren Olga Zaitseva og langrennsløperne Julija Tsjekaleva og Anastasia Dotsenko.

    Olga Zaitseva
    Foto: Darko Bandic / AP
  • Nordstad Moen til Bislett Games

    Sondre Nordstad Moen skal løpe 10 000-meter på Bislett Games neste sommer, opplyser arrangøren mandag. Da blir målet å slå Are Nakkims norske rekord på 27.32,52 fra 1990. Det er første gang siden 1997 at det arrangeres 10 000-meter under Bislett-lekene.

    Sondre Nordstad Moen
    Foto: Anders Mjaaland / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge