Hopp til innhold

Superstjerna etter nytt kriserenn: – Det er ei skam

Frå éi veke til ei anna gjekk ho frå å vere verdas beste skiskyttar til å vere den dårlegaste skyttaren i verdscupen. Tre år seinare er problemet framleis uløyst for Lisa Vittozzi, som tabba seg ut igjen fredag.

TABBE: Sjå Vittozzi tabbe seg ut her.

– Det er ei skam. Eg skaut berre fire skot, men eg oppdaga ikkje at den eine hadde falle ut. Så eg trudde eg var ferdig. I dag var det berre eit veldig dårleg løp, seier hovudpersonen.

Forvirringa var total då den italienske skiskyttaren reiste seg opp og gjekk vidare etter berre å ha losna fire av fem skot på den første liggjande skytinga. Ho trefte ikkje på nokon av dei fire forsøka.

– Det er heilt forferdeleg å sjå på, kommenterte Ola Lunde.

Vittozzi skrudde og skrudde, så heilt rådlaus ut, og gjekk vidare – tilsynelatande med eitt skot igjen i børsa.

– Dette blir disk antakeleg, sa Lunde.

Det vart avkrefta av Borut Nunar, renndirektør i IBU.

– Ho er ikkje diskvalifisert. Ho skaut openbert berre fire gonger, men vi fann ei kule på matta, så det har nok skjedd ein feil. Vi veit ikkje kvifor ho ikkje hadde eit ekstra skot i våpenet, men det kan skje viss ein bommar fire gonger. Ho har fått to minutts tillegg i tida for ikkje å ha skote fem skot, og også fem tilleggsminutt for ikkje å ha fått ned nokon av blinkane.

Dermed fekk stjerna sju minutt tillegg berre etter den fyste skytinga. Etter fire skytingar, hadde ho fjorten tilleggsminutt.

Dagens kriserenn kom berre i tillegg til dei mange nedturane Vittozzi har hatt i det siste.

Lisa Vittozzi

MYSTERIUM: I 2019 var Vittozzi i ferd med å bli verdas beste skiskyttar. No er ho umogeleg å bli klok på.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

– Skikkeleg tungt

Det er skikkeleg tungt. De siste tre åra har eg ikkje vore der eg skal vere. Eg vil tilbake til toppen, men det har vore så mange dårlege opplevingar, sa Lisa Vittozzi til NRK før fredagens renn.

For tre år sidan låg ho an til å vinne verdscupen og overta skiskyttartrona, berre 24 år gammal. Men like før sesongslutt skjedde det noko med Italias Lisa Vittozzi.

Liggskota sat plutseleg ikkje, og treffprosenten fall dramatisk. Med det glapp også samanlagdsigeren, og tre år seinare er problema verre enn nokon gang.

Ho er nede på 62,5 prosent på liggjande denne sesongen. Det er ubegripeleg svakt, meiner NRKs ekspert Lunde.

Etter rennet torsdag er treffprosenten hennar på 58,9 prosent.

Utfordra superstjerna

Før VM i Östersund i 2019 kjempa to italienske løparar om å vinne verdscupen i skiskyting. To veker av sesongen stod att. Dorothea Wierer med sin stjernestatus blei utfordra av den lågmælte Vittozzi. Stemninga dei imellom var ikkje den aller beste.

Vittozzi har vore open om deira kjølige forhold.

Dei står fram jo som veldig ulike. Eg trur nok ikkje samarbeidet var all verda, nei. I dag er dei jo i kvar si treningsgruppe også, seier Ola Lunde.

Wierer var sterkast av dei i løypa den sesongen. På standplass var Vittozzi heilt overlegen. Ho kom til Östersund med ei treffprosent på 92, både på liggjande og ståande. Men under meisterskapen blei ho plutseleg ei helt anna.

Ho tok rett nok ein individuell sølvmedalje på 15 kilometer. Men resten av løypene fortalde at Vittozzi var på veg til å miste det. Nesten halvparten av skota i liggjande var bomskot.

Likevel var Wierer og Vittozzi helt likt før de tre siste renna i Oslo.

2020 Biathlon World Championships

KJØLIG: Stemninga mellom Vittozzi (til venstre) og Dorothea Wierer er ikkje den beste.

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

– Overraska

Verdscupavslutninga i Holmenkollen blei et mareritt. Vittozzi bomma fem gonger på sprinten og kom ikkje med på jaktstarten. Wierer fekk krystallkula utan å måtte kjempe veldig for den.

Eg hugsar eg møtte henne i Holmenkollen. Ho var sjølvsagt ekstremt skuffa. Då prøvde eg å si at di tid kjem, men vi ventar jo ennå, seier NRKs ekspert Synnøve Solemdal.

I skiskyting kan éin dag forandre alt. Eg tenkjer på det som skjedde som ein motivasjon, at det kan snu like fort den andre vegen, seier Vittozzi.

For problemet har berre forverra seg. Skrekkavslutninga i 2019 gjorde at treffprosenten i liggjande for sesongen falt til 83,6. Året etter var talet 78,8 – altfor lite til å henge med i toppen.

Førre sesong var treffprosenten så vidt over 70. Og denne sesongen er Vittozzi svakast av alle som har tatt verdscuppoeng. Berre 62,5 av skota i liggjande stilling er treff.

Sjølvtilliten er sikkert heilt borte. Eg er overraska, for når ein først har kunne liggjande skyting, så kan ein det. Det er litt som å sykle. Men ein del av seriane er sånn at ein person heilt utan trening kunne skote betre, seier Solemdal.

– Ho sette meg ut

Verdenscup skiskyting.

EKSPERTAR PÅ FØRSTEETAPPE: Synnøve Solemdal og Lisa Vittozzi har konkurrert mot kvarandre mange gonger.

Foto: Lise Åserud / NTB

Då skulle ein tru at Vittozzi er eit usikkert kort på stafett. Men sanninga er at Italia nesten alltid vekslar først når ho går. Treffprosenten på liggjande er svært respektable 86,5.

Lisa har revolusjonert førsteetappane i skiskyting. Ho sette meg ut då ho kom inn i verdscupen, med sine ekstremt raske førsteseriar, seier Synnøve Solemdal, som har gått førsteetappe for Noreg mange gonger.

Eg veit ikkje kva som er løyndomen. Men eg trur det berre handlar om at eg klarer å ha det gøy, seier Vittozzi.

Seinast i Ruhpolding sist helg følgde ho verdscupleiar Marte Olsbu Røiseland helt til veksling.

I villreie

Men individuelt er hennar 31 bom på liggjande 23 bom meir enn det Røiseland har denne sesongen.

Alle seier at «du må tenke at det er stafett», men det er ikkje berre å gjere det, seier Vittozzi oppgitt.

Skidskytte, världscupen, stafett, Ruhpolding

GODT SLAG: Sist helg var Vittozzi nok ein gong i storslag på stafett, og følgde Marte Olsbu Røiseland heilt til veksling.

Foto: THOMAS BACHUN / GEPA PICTURES

Det er lett å sjå at ho er i villreie. Trenarane hennar forstår lite. Nokre gonger sit bommane over blinken, andre gonger under.

– Det handlar mykje om det mentale, for skyteteknisk er det veldig bra på stafett, seier Ola Lunde.

– Det at ho er så god på stafett, gjer dette enda meir oppsiktsvekkjande, seier Solemdal.

No handlar alt om mental jobbing fram mot OL i Beijing for 26-åringen frå Sappada. På opningsdagen av OL fyller ho 27 år. Vittozzi ønsker seg berre éin ting til bursdagen: Å få gamle evner tilbake.

– Då eg var liten, drøymde eg om OL-medalje, og eg var så nær i Pyeongchang (fjerdeplass på fellesstart, red anm.). Men no tenkjer eg berre at eg må prøve å ha det gøy. Eg vil ha tilbake «gamle Lisa». De vil sjå henne ei gang i framtida, eg lover, seier ein av de aller beste skiskyttarane i verda – inntil vidare berre på stafett.

2019 IBU World Championships Biathlon, Day 11, Women 12.5 km Mass Start

STARTEN: Fellesstarten under VM i Östersund var starten på den verkelege nedturen. Første skyting enda med tre bom

Foto: JOHAN AXELSSON / BILDBYRÅN

Siste nytt

  • Villa forlenger med suksesstreneren

    Unai Emery har skrevet under en ny kontrakt med Premier League-klubben Aston Villa. Den nye avtalen til manageren strekker seg til 2027.

    Emery har ledet Birmingham-klubben med stor suksess etter at han tok over for Steven Gerrard i november 2022. I skrivende stund ligger laget på fjerdeplass i Premier League med fire kamper igjen. Dermed kan klubben sikret sin første mesterligadeltakelse på over 40 år.

    Emery sier til klubbens nettsider at han er veldig fornøyd med å forlenge avtalen sin.

    – Vi nyter tiden i Villa, og vi har en flott gruppe med spillere. Jeg og mitt trenerteam deler visjonen til eierne, og de er veldig støttende og respektfulle. Strukturen er på plass for at vi skal fortsette å utvikle klubben, sier spanjolen. (NTB)

    7ZFc-Z9Pon8
    Foto: AP
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Stina Nilsson gir seg som skiskytter – bytter idrett igjen

    Det bekrefter Nilsson til SVT.

    – Jeg skal gå langløp neste år, og det føles veldig kult, sier Nilsson.

    For fire år siden la hun brått opp langrennskarrieren, og begynte å satse på skiskyting. Det ble ingen suksess, og nå sier hun stopp.

    – Geværet er lagt på hylla, sier Nilsson.

    Nilsson har signert for det norske langløpslaget Team Ragde Charge, og skal gå Ski Classics neste sesong.

    – Allerede da jeg gikk over til skiskyting så jeg på meg selv nesten som en tretrinnsrakett. Det blir langrenn, skiskyting og så skal jeg prøve meg på langløp. Og nå føles det veldig riktig og spennende.

    Nilsson fikk med seg en pallplass i skiskyting, og sier de to første sesongene var veldig bra. Deretter gikk det nedover. Til slutt gikk hun lei enkelte deler av sporten.

    – Man kan være i superbra form, skyte en veldig god liggende serie, og likevel skyte seg bort på stående. Jeg var ganske lei av det på slutten, at jeg hadde gjort det så bra, men likevel var det noe som ikke stemte.

    Stina Nilsson
    Foto: BILDBYRÅN

Sendeplan

Kl. Program Kanal