NRK Meny
Normal

Slo til med superlangrenn på heimebane

LILLEHAMMER/OSLO (NRK.no): Mikko Kokslien gjekk ut 1.40 minutt bak ein fransk tetduo, men eit superlangrenn over 10 kilometer sikra tredjeplass. – I overkant, sa Kokslien etter rennet.

Mikko Kokslien

Mikko Kokslien gjekk inn til tredjeplass på heimebane. Jørgen Gråbak følgde like bak og tok fjerdeplassen.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

– Det luktar pallen, sa NRK sine kommentatorar ved passering 5,8 kilometer.

Watabe, Lamy Chappuis og Kokslien

Akito Watabe (f.v.), Jason Lamy Chappuis og Mikko Kokslien tok pallplassane i kombinertrennet på Lillehammer.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Då hadde både Mikko Kokslien, Magnus Moan og Jørgen Gråbak gått inn over 45 sekund på trioen i tet – leia av franske Jason Lamy Chappuis.

– Eg hadde dårlege kjensler om Mikko, Jørgen og Magnus. Dei var lynraske, så eg prøvde mitt beste å halde unna. Eg var veldig nervøs for Mikko mot slutten, kommenterte Lamy Chappuis etter løpet.

Franskmannen heldt derimot unna, men Kokslien gjekk lynraskt og sikra tredjeplass.

– Eg hadde ikkje sjanse å ta inn Jason, eg trur han hadde kontroll. Men eg gjekk betre enn venta sjølv. Det fungerte godt i løypa, slo Kokslien fast til NRK etter målgang.

Roleg opning, så small det

Både Kokslien, Moan og Gråbak hadde eit mindre godt utgangspunkt etter hopprennet, med høvesvis 28., 25. og 24. plass. Begge gjekk ut over 90 sekund bak leiande Francois Braud.

Mikko Kokslien

Mikko Kokslien hoppa 91,5 meter, men stilpoenga var ikkje gode nok og det blei berre 28. plass.

Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Langrennet opna roleg, men i løpet av den andre runden var forspranget til tettrioen nede i 40 sekund. Håvard Klemetsen og Jan Schimd, som var nummer 20 og 11 etter hoppinga, hadde allereie blitt passert.

Så starta hardkøyret. Kokslien, som var heilt heime på Lillehammer, gjekk som eit olja lyn. Gråbak og Moan sleit med å halde følgje, før begge til slutt måtte sleppe lagkameraten.

– Farta blei dregen opp på den siste runden, men Mikko sette standarden i dag. Eg jobba knallhardt, og klarte å ta meg litt saman, men han var ein liten Lars Berger i dag, gitt, smilte Moan – som gjekk inn til sjuandeplass – etter løpet.

I teten måtte nemleg Braud sleppe Akito Watabe og Jason Lamys Chappuis, og éin kilometer før slutt feia Kokslien forbi. Jørgen Gråbak sikra norsk fjerdeplass.

Saka held fram under videoen.

Mikko Kokslien gikk ut 1.40 minutt bak en fransk tetduo, men et superlangrenn over 10 kilometer sikret tredjeplass. Kommentatorer: Jann Post og Torgeir Bjørn

– Kjendest som alle heia på meg

For Kokslien var det enorme langrennet ekstra kjekt framfor heimepublikummet. Ifølgje speaker på stadion var det 10.000 menneske rundtom i løypa.

Jørgen Gråbak

Jørgen Gråbak var fornøgd med fjerdeplass på Lillehammer.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

– Det var så god stemninga i løypa, og det kjendest som alle heia på meg. Så mykje folk, heiing, roping og skriking. Så det var kjempestas med eit slik renn, gliste Kokslien i prat med NRK.

– I mengda av Mikko-fans fekk eg faktisk eit par heiarop, sa Gråbak om stemninga på Lillehammer.

For 28-åringen på heimebane var tredjeplass, fire sekund framfor Gråbak, ikkje venta etter hopprennet.

– Eg hadde absolutt ikkje trudd det før start. Eg hadde håpa på å klatre mykje, topp ti kanskje, men pallen hadde eg ikkje tenkt. Det var litt i overkant, sa Kokslien.

– Men ein ser neste rygg, neste rygg og neste rygg, og eg følte meg bra i dag, la han til.

Magnus Moan

Magnus Moan fortel at det er godt å vere i gang.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Moan oppløfta og fokusert

Medan Gråbak var godt fornøgd med fjerdeplass, var Magnus Moan nesten like fornøgd med sin sjuandeplass. Den 30 år gamle trønderen har nemleg slite med sjølvtilliten før sesongopninga .

– No er vi i gang, og eg er fornøgd med rennet i dag. Det er mitt beste hopp på lenge og det var artig å gå. Eg er framleis ujamn, men eg skal halde fram med å vere fokusert, og då kan alt skje i morgon, sa Moan til NRK.

I morgon er det ny konkurranse, då i stor bakke følgt av 10 kilometer langrenn. Moan håper på fleire positive resultat, medan Kokslien og Gråbak går for pallplass.

– Får eg til ein bra konkurranse i morgon skal eg kjempe om pallplass, slo Gråbak fast.

– Klaffar det maks i begge kan det bli veldig gøy. No har eg ein tredje- og ein fjerdeplass, som er ein kjempestart, og så håper eg det held fram i morgon, avslutta Kokslien.

Resultat kombinert K100/10 kilometer:

1. Jason Lamy Chappuis (Frankrike): 26:45.2
2. Akito Watabe (Japan): +13.5
3. Mikko Kokslien (Noreg): +18.3
4. Jørgen Gråbak (Noreg): +22.2
5. Johannes Rydzek (Tyskland): +23. 8
6. Francois Braud (Frankrike): +29.1
7. Magnus Moan (Noreg): +35.4
8. Miroslav Dvorak (Tsjekkia): +48.1
9. Christoph Bieler (Austerrike): +1:02.5
10. Eric Frenzel (Tyskland): +1:04.5

Andre norske:
17. Jan Schmid: +1:18.4
20. Ole Martin Storlien: +1:29.1
28. Håvard Klemetsen: +2:07.5

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel