Hopp til innhold

Super Bowl og USAs president på same tryggingsnivå

Trudde du tryggingstiltaka ved Sotsji-OL er ekstreme? Super Bowl i USA er minst like strengt overvaka. Kampen søndag blir det mest vakta amerikanske idrettsarrangementet nokonsinne.

Super Bowl og sikkerhet

Trygleikstiltaka er ufattelege i samband med Super Bowl. Her vrimlar det av politi. Men dei største og viktigaste tiltaka ser ein ikkje

Foto: JOHN MOORE / Afp

Finalekampen i National Football League (NFL), Super Bowl, er det mest sette enkeltståande idrettsarrangementet i USA. Og det har absolutt øvste nivå av tryggingsstatus.

– Det høgaste organet i amerikansk nasjonal tryggingsteneste har to område å sikre: USAs president og Super Bowl, fortalde professor Kimberly Schimmel under den store konferansen "Play the game" i Danmark i fjor haust.

Årets finalearena, Meadowland Stadium i East Rutherford, New Jersey, er spesialdesigna for tryggleik i samarbeid med dei nasjonale tryggingsstyresmaktene. Det inneber også tryggingstiltak som strekkjer seg langt inn i bykområda rundt Meadowland.

Dei stadig aukande militære krava til trygging er ei av årsakene til at finalearenaen blir utpeika fleire år på førehand. Allereie no er det klart at Super Bowl i 2017 skal gå i Houston, Texas.

Overvakinga blir ikkje fjerna

Avsperring i New Orleans

'Clean Zone' kallar NFL restriksjonane i byområdet kring Super Bowl-arenaen - ei sone som ifølgje Kimberly Schimmer blir større år for år

Foto: Kimberly Schimmer

Schimmel er professor i sports-sosiologi ved universitetet i Kent i Ohio i USA. Ho har forska på sportens plass i samfunnet og publisert mange bøker og artiklar om dette.

Ho er betenkt over at når overvakinga og andre tryggingstiltak ein gong er innført, blir ikkje dei fjerna dagen etter Super Bowl. For om ikkje dronene surrar like tett over arenaen etterpå, er mange andre tiltak der framleis. For alle NFL-arenaene har i prinsippet høgaste grad av tryggleik. Akkurat som presidenten.

Alle kampane i den amerikanske fotballigaen NFL er underlagt militær tryggingsteneste. Og tiltaka rundt finalen - Super Bowl - er mildt sagt enorme:

  • Tryggingsnivå på linje med arrangement der USAs president er med. Øvste nivået i USAs tryggingsteneste har berre to arbeidsområde: Presidenten og Super Bowl.
  • 700 uniformerte politifolk og eit ukjent tal sivilkledde skal vere til stades på årets finale mellom Denver Broncos og Seattle Seahawks
  • Overvakingskamera er ikkje berre inne på arenaområdet, men også i stadig større utstrekning også i byområdet rundt arenaen der finalen blir arrangert. Desse overvakingskameraene blir ståande permanent etter kampen.
  • Store - og stadig større - deler av arrangørbyane blir rekna som risikosoner før og under Super Bowl, og innbyggjarane må rette seg etter dei militære krava.
  • Lokalpolitiet i vertsbyen får tilgang tryggingstiltak på Pentagon-nivå. Dermed får dei bruke spesialutstyr, får spesialtrening, og kan bruke andre tilgjengelege ressursrar til reduserte kostnader.
  • Stadig strengar krav om at arenaene må byggast etter krava frå den militære etterretninga og tryggingstenesta.
  • Tiltaka er underlagt militær lov som nektar søksmål for alt som har med tryggingstiltaka å gjere. Ingen kan saksøke arrangøren eller styresmaktene for hendingar uansett - sjølv om det er tryggingsfolka som gjer feil eller tryggingsutstyret som sviktar.

– Maskulinitet og patriotisme

Super Bowl Transit Checkpoint Football

En politimann observerer reisende ved Secaucus Junction Station i New Jersey i forkant av søndagens Super Bowl. Fredag ble det innført sikkerhetskontroll på stasjonen, og alle reisende må gjennom denne før de får lov til å gå om bord på togene som tar dem til Super Bowl-arenaen.

Foto: Julie Jacobson / Ap

– Med unntak av OL i Salt Lake City i 2002, er det ingen idrettsarrangement i USA som har like høgt tryggingsnivå som Super Bowl. Dei einaste andre arrangementa som er på same nivå, er det som har med presidenten å gjere, og landsmøta i dei store politiske partia, seier Kimberly Schimmel til NRK.no.

– Kvifor gjeld desse tryggingstiltaka NFL og Super Bowl, og ikkje på langt nær same grad store idrettsarrangement innan til dømes baseball og basket?

– NFL er ein av dei største maktfaktorane i USA. Dei andre profesjonelle ligaene er også mektige, men ikkje i same grad. (Amerikansk) fotball har ein lang samarbeidstradisjon med militæret, og er blitt eit symbol på maskulinitet og patriotisme – ofte nasjonalisme. Ligaen er fyllt med krigerske metaforar. Og investeringane i NFL er langt større enn i andre ligaer. Der er rett og slett meir pengar å "verne", seier Schimmer.

«Special security event»

Super Bowl er arrangert kvart år sidan 1967. Allereie i 1968 tok forsvaret i bruk fly for å overvake arrangementet.

Sidan 2002 har Super Bowl vore klassifisert som eit terrormål på topp-risikonivå, og har vore «special scurity event, level 1».

Overvakinga gjeld ikkje berre kampdagen. Super Bowl er etter kvart blitt mange dagar med konstant aktivitet som byggjer opp fram mot kampdagen, vanlegvis første søndag i februar.

I mange av dei tradisjonelle innslaga på kampdagen inngår militært nærver som flyshow, militærmusikk og militær flaggheising. Rundt omkring i inn- og utland arrangerer militærbasar open dag.

– NFL og forsvaret har ei 40 år lang samanvevd historie, seier Kimberly Schimmer.

Scanna 100.000 ansikt

Ansikts-scanning

Allereie i 2001 vart alle dei 100.000 som slapp inn på stadionområdet, scanna - utan å vite det

Foto: Kimberly Schimmel

På konferansen i Århus fortalde ho om utviklinga av tryggleiken kring NFL generelt og Super Bowl spesielt.

– Alt i 2001 vart i det innført ansikts-scanning av kvar einaste tilskodar og andre som gjekk inn på arena-området, utan at dei visste om det. Og det var eit halvt år før 11. september og terror-angrepet mot World Trade Center.

Det førte til enda tettare band mellom forsvaret og NFL. Super Bowl vart klassisfisert som eit høgrisiko-terrormål, og skal sikrast i høve til det. Nye arrangørar må tole stadig tøffare tryggingskrav.

Miami er byen med flest Super Bowl – 10 i talet. Men no har dei fått beskjed om at dei ikkje får arrangere Super Bowl igjen før dei har laga eit heilt nytt tak over arenaen. Prisen er 300 millionar dollar, eller over 1,8 milliardar kroner.

Every citizen must be a soldier. This was the case with the Greeks and the Romans, and must be that of every free state. (Thomas Jefferson, Third President of the United States)

Thomas Jefferson, USAS tredje president

– Ver forsiktig med å springe

– I dag er heile bydelar så godt som militært område å rekne i dagevis før Super Bowl, sa Kimberly Schimmel.

– Om du bur i same bydel, eller kanskje til og med same by, som arenaen der kampen blir spela, bør du ikkje springe. Då blir du truleg hanka inn av tryggingspersonell, fortel Schimmel.

Sidan 9. september 2001 har samarbeidet mellom NFL, militæret, lovgivarane og private tryggingsselskap blitt meir og meir utvida. Og det spesialvakta området tek større og større bit av dei urbane områda omkring arenaene.

Styresmaktene brukar det nyaste nye av utstyr og taktikk for å hindre terrorangrep mot Super Bowl. Droner patruljerer over arena-området før og under kampen, store deler av arrangørbyen er underlangt den strengaste militære kontroll, og byen kan hermetisk stengjast på ein augneblink, om nødvendig.

Publikum blir oppfordra til å melde frå om dei ser eller høyrder det aller minste som kan verke mistenkelg, og overlat står det oppslag om telefonnummer dei kan bruke for å melde frå.

Kan ikkje gå til søksmål

Og blir du utsett for fare, uhell eller overgrep som har samanheng med tryggingstiltaka, kan du ikkje gå til politiet og melde det. Det er slått fast i lovs form - akkurat som i militærlova.

NFL er nemleg klassisfisert som såkalla "Pentagon supplier".

– Det inneber at NFL er juridisk plassert på same nivå som Pentagon, og at sivile innanfor områda som tryggingstiltaka omfattar, i praksis er soldatar i krig, sa Schimmel på konferansen i Århus i oktober.

If a terrorist action occurs at an NFL event, victims cannot sue the League to compensate for death or injury, even if the NFL’s security practices are shown to be faulty.

The NFL is legally viewed the same as a Pentagon supplier, and we, the citizens, are the soldiers at war.

Kimberly Schimmel, foredragshaldar i Århus i oktober

Bakgrunnen for lova er denne:

– For nokre år sidan fall eit militært helikopter ned, fortalde Schimmer. – Piloten overlevde krasjet. Men helikopterdøra let seg ikkje opne slik den skulle. Piloten kom seg ikkje ut, og han døydde før redningsmannskapa fekk han ut.

Familien gjekk til søksmål mot militæret og helikopter-produsenten, og det vart ei dyr og langvarig sak av det. Dette førte til ei lov om at det ikkje er mogeleg å rettsforfølgje hendingar knytta til militær terrorberedskap.

– Denne lova gjeld også tryggingstiltaka rundt Super Bowl. Skulle du bli utsett for noko som normalt kan føre til krav om erstatning, og som på nokon måte er knytta opp mot terrorvern eller andre offisielle tryggingstiltak, er du utan rettsleg vern, seier Kimberly Schimmel.

I 2009 prøvde ein tilskodar å saksøkje NFL etter å ha blitt kroppsvisitert. Han meinte det streid mot grunnlova å bli kroppsvisitert utan mistanke. Men Høgsterett avviste å behandle saka.

– Arbeidet med trygginga av Super Bowl tek til minst to år på førehand. Og når vi veit at det er Super Bowl kvart år, og at tiltaka i mindre grad gjeld alle NFL-kampane, er det klart at vi snakkar om tryggingsopplegg av gigantiske dimensjonar, seier Kimberly.

MetLife Stadium i East Rutherford i New Jersey

Årets Super Bowl mellom Denver Broncos og Seattle Seahawks skal spilles på MetLife Stadium i East Rutherford, New Jersey.

Foto: LI-Aerials / Afp

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal