NRK Meny
Normal

Sunweb vann lagtempoen: – Vilt og heilt fantastisk

Sunweb avslutta enormt sterkt og tok sitt tredje VM-gull i lagtempo for menn i Bergen søndag.

Team Katjusja klarte ikke helt å nå opp på lagtempo i sykkel-VM. Selv om Kristoff hang godt med. Sunweb vant VM-gull helt overlegent.

KNUST: Her blir Team Katjusja knust av Sunweb i lagtempoen

Sky var favoritt, men dei avslutta for dårleg og kom i mål 22 sekund bak Sunweb, slått også av BMC, som blei slått med 8,29 sekund og tok sølvet. Dei blei slått med 17 sekund på dei siste ti kilometrane.

Sunweb tok dermed dobbelsiger, ettersom kvinnelaget deira også tok VM-gull tidlegare på dagen.

– Dette er både vilt og heilt fantastisk. Det gjekk knirkefritt og laget var så homogent. Vi prøvde å halde saman, spesielt i den lange og bratt motbakken. Det gjekk bra og vi bare flaug, sa Sunwebs Tom Dumolin.

– Vi visste vi gjorde det godt. Vi jubla då Sky gjekk i mål og vi hadde slått dei. Det var ulidleeg intenst spennande då BMC kom mot mål, sa han.

Dumolin tok gullet saman med Lennard Kamna, Sam Oomen, Søren Kragh Andersen, Michael Matthews og Wilco Kelderman.

Sunweb

GULL: Team Sunweb kan juble over gull nummer to i dag

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Skuffa Sky-direktør

Gabrie Rasch er sportsdirektør i Sky. Han var skuffa.

– Vi opna hardt og fekk svi. Elles gjorde vi ikkje store feil. Men bronse er ikkje det vi hadde håpa på, seier Rash til TV 2.

Geraint Thomas og Owain Doull måtte sleppe resten av Sky-laget 11 km før mål.

– Bomma de på laguttaket?

– Veit ikkje det. Eg trur nok dette er det beste vi kunne stilt.

Quick-Step tok fjerdeplassen.

Alexander Kristoff og hans Team Katjusja kom eit stykke unna pallen. Dei blei nummer 9, 1.45 bak vinnarlaget.

– Eg er fornøgd med dagen. Det er kupert, og det er kulare enn når det er flatt. Konsentrere seg om noko å jobbe med. Det var ein fantastisk start på VM, sa Kristoff.

– Laget snakkar om at vi skal klare medalje, men eg trur det er litt høge ambisjonar, sa Kristoff til NRK før start, som meiner alt over femteplass vil vere ein bonus.

Han fekk rett.

Mennenes lagtempoløype starta i Ravnagner på Askøy og hadde mål på Festplassen i Bergen sentrum, og var 42,5 km.

Joker Icopal var best av dei fire norske laga på startstreken.

Team Katjusja klarte ikke helt å nå opp på lagtempo i sykkel-VM. Selv om Kristoff hang godt med.

UTANFOR PALLEN: Alexander Kristoffs Team Katjusja var eit godt stykke unna pallen med sin niandeplass

Siste nytt

  • To mål av Zahid

    Ghayas Zahid scora to mål då Apoel slo Ominia 3-1 i lokaloppgjeret i Nikosia på Kypros i kveld.

    Apoel ligg på fjerdeplass, 6 poeng bak leiande AEK Larnaca men med to kampar til gode.

    Ghayas Zahid
    Foto: FLORIAN CHOBLET / AFP
  • Alle norske kvalifisert

    Alle nordmennene er kvalifisert til opningsrennet i verdscupen i Wisla søndag. Robert Johansson på 10.-plass var best.

    – Dagen ber litt preg av at det er tidleg på sesongen og hopparane har masse å gå på, seier sportssjef Clas Brede Bråthen.

    Laurdag er det laghoppeing i Wisla. Forfang, Fannemel, Tande og Johansson er det norske laget.

  • Lorentzen vann igjen

    Håvard Holmefjord Lorentzen tok sin andre siger for dagen og knuste parkamerat Kai Verbij med 1.08,22. Verbij blei nr 2 med 1.08,47.

    Han vann 500 meter tidlegare i dag.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Vinterstudio
Vinterstudio fra Beitostølen
Sesongstart langrenn: Prolog
Sesongstart skiskyting: Sprint kvinner
Sesongstart skiskyting: Sprint kvinner
Sesongstart skiskyting: Sprint
Cupfinale G19, Molde – Rosenborg
Cupfinale: G19: Molde - Rosenborg
Sesongstart langrenn: Klassisk sprint
Sesongstart langrenn: Klassisk sprint, kvinner og menn
Langrenn: Klassisk sprint