– Vi veit kor viktig det er å bli i Premier League på grunn av TV-rettigheiter. I tillegg fortener Sunderland som klubb og by å overleve i serien, seier Sunderlands Fabio Borini til BBC.
Chelsea leia 2-1, men kollapsa borte mot eit hardtarbeidande Sunderland, som tok tre livsviktige poeng i den engelske eliteserien.
The Black Cats har no 35 poeng. Det er eitt meir enn Newcastle på direkte nedrykksplass, men Sunderland har éin kamp meir å spele før sesongen er over.
Alexander Tetteys Norwich ser ut til å vere fortapt. Gultrøyene har 31 poeng, og er fire poeng bak Sunderland på sikker plass. Også Norwich har to kampar igjen å spele.
Norwich tapte 1-0 for Manchester United laurdag. Newcastle klarte bare 0-0 mot nedrykksklare Aston Villa.
Opphenting
Eit desperat Sunderland-lag leia av manageren som tidlegare har redda fleire Premier League-klubbar frå nedrykk, Sam Allardyce, fekk to kalddusjar på Stadium of Light, men snudde kampen i andre omgang.
Med kniven på strupen gjekk Sunderland respektlaust til verks mot fjorårsmeisteren etter pause. Først utlikna Fabio Borini til 2-2 etter et innlegg frå venstre, før Jermain Defoe ga Sunderland leiinga for første gang i kampen tre minutt seinare.
Utvisning
På overtid blei John Terry utvist. Dermed kan det ha vore siste gang vi såg Chelsea-stopperan i den blå drakta.