– Eg må berre vere so tydeleg som eg kan vere. Dette er hundre prosent mitt ansvar, seier Sundby til NRK.
Etter at astmasaka mot Martin Johnsrud Sundby hadde gått føre seg i halvanna år, innkalla skiforbundet i sommar inn til hastekonferanse.
Johnsrud Sundby var felt i Idrettens voldsgiftsrett (CAS) for å ikkje ha søkt fritak for bruk av den lovlege astmamedisinen Ventoline.
Skiforbundet la seg flate, og landslagslege Knut Gabrielsen tok på seg all skuld. Men no vil hovudpersonen sjølv presisere at det er hans ansvar at ting blei som dei blei.
– Håpar ingen misforstår
– Eg har full forståing for at folk ser på dette som ansvarsfråskriving slik saka er blitt framstilt, særleg i seinare tid. Der må eg berre so tydeleg som eg kan vere. Dette er hundre prosent mitt ansvar. Det er juridisk sett berre mitt ansvar, og det håpar eg ingen har misforstått heller.
Det er ein litt anna tone enn han sjølv hadde på pressekonferansen den 20. juli:
– Eg føler at det er ein totalt urimeleg dom som no fell på meg, for ei misforståing av eit system i det medisinske støtteapparatet. Men eg må stå med den dommen. Og eg skal klare å stå sterkt i det, fordi eg veit at eg ikkje har gjort noko gale.
– Eg er kjempeglad for at skiforbundet tar på seg det ansvaret som ligg på deira skuldrer i denne saka, for eg har aldri gjort noko anna enn å følge den medisinske rådgivningen eg har fått, sa Sundby den gongen.
ATTENDE PÅ TRENING: Tidlegare denne veka var Johnsrud Sundby på trening med resten av herrelandslaget i langrenn.
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpixNo forklarar han kvifor skiforbundet tok sin del av ansvaret då saka kom ut.
– Skiforbundet hadde sannsynlegvis dårleg samvit for dei råda som blei gitt undervegs. Dei følte at dei ønska å ta skulda for det som skjedde.
Har blitt meir forsiktig
Johnsrud Sundby har også teke grep for å hindre at slike ting skjer igjen.
– Dei siste 18 månadane har vore annleis. Eg har sørga for at alt me har gjort har vore trippelsjekka, slik at det ikkje skal vere nokon tvil. Det var sånn sett godt for meg å få vinteren i fjor, som var min beste vinter nokon sinne, heilt utan å bruke forstøvarapparatet.
– Har du slutta heilt med å bruke forstøvarapparatet?
– Det har eg ikkje brukt sidan eg fekk den beskjeden på telefon frå legen min den 19. januar 2015.