Den tidlegare landslagsveteranen, medaljegrossisten og noverande Discovery-eksperten trekkjer fram dei manglande førebuingane i høgda for landslaga på både dame- og herresida, som ei mogleg forklaring på kvifor ting har blitt som dei har blitt.
Meisterskapen i Kina går føre seg 1700 meter over havet. Den trå snøen gjer det ikkje enklare. Heller ikkje løypeprofilen og bakkane er til hjelp.
– Det er ikkje éin som sviktar. Det er ein kollektiv svikt. Og viss landslagsleiinga leikar med tanken om at det er krise, så kan dei ikkje seie det, heller. Eg går ut frå at dei leitar med lys og lykte etter ei anna forklaring enn at det er mangel på høgdetrening.
Etter 30-kilometaren med skibyte på søndag har Sundby, i likskap med mange andre, prøvd å tenke ut plausible forklaringar til kvifor Hans Christer Holund og Pål Golberg enda på fjerde- og femteplass, og samtidig var eit hav av tid bak vinnar Aleksandr Bolsjunov.
I same renn vart Johannes Høsflot Klæbo nummer 40 mens Sjur Røthe braut.
På kvinnenes 15 kilometer vart Helene Marie Fossesholm nummer 18, nesten fire minutt bak gullvinnar Johaug. Ragnhild Haga var endå lengre bak.
Det vart ingen jubeldag på sprinten, heller. Ingen norske kvinner nådde finalen. På herresida skuffa Erik Valnes og Håvard Solås Taugbøl stort. Berre Johannes Høsflot Klæbo innfridde med gullet sitt.
TRENING I TYNN LUFT: Det er slik trening i høgda Sundby meiner det burde vore satsa meir på når OL går på 1700 meter
Foto: Terje Pedersen / NTBSaknar ordentleg høgderegime
Sundby er klar på at det framleis er mange øvingar att i OL, og meiner at mykje framleis kan snu. Men han ser at mangelen på fleire gode prestasjonar også kan handle om førebuingane på den vanskelege høgda i Kina.
37-åringen har betre innsikt enn dei fleste i korleis det norske laget har prioritert trening det siste tiåret.
Han bruker det norske herrelaget som døme og meiner laget han sjølv var ein del av ikkje har gjennomført eit ordentleg høgderegime før meisterskap sidan Falun-VM i 2014/2015-sesongen.
Med ordentleg regime meiner han tre veker lange opphald, fire gonger i løpet av eit år. Og gjerne over fleire år.
KRITISK: Martin Johnsrud Sundby meiner Noreg har bomma ved å redusere høgdetreninga for løparane
Foto: Terje Pedersen / NTB– Det er minimalt. Nesten så det ikkje er teljande, seier Sundby, om døgnet til herrelandslaget i høgda dei siste fire åra.
Etter mange år med stor suksess, og eit opplegg som fungerte for eit heilt lag, og ikkje berre enkeltpersonar, meiner Sundby landslaga er i ein heilt ny situasjon i Kina.
Sundby seier han har snakka med utøvarar i det norske herrelandslaget som har innrømt at opplegget i år er gambling i forkant av eit OL. Han vil ikkje nemne namn, men meiner laget er innforstått med at oppladinga kunne få konsekvensar
Klæbo og Johaug med eigne høgdesatsingar
– Dei har ikkje valt ein trygg strategi inn mot eit OL som går føre seg på 1700 meter over havet. Utøvarane veit det òg, og dei er innforstått med gamblinga. Det er rart at det kjem overraskande at tilhøva og løypene er tøffe. Eg snakka lenge med Ole Einar Bjørndalen (trenar for dei kinesiske skiskyttarane) i sommar. Han sa at det kom til å vere noko av det tøffaste utøvarane kom til å vere med på.
Sjølv om dei aller fleste landslagsutøvarane var på ei lang fellessamling i italienske Lavazé i august/september, er det ingen felles raud tråd for opplegget til laga.
Dei har valt ulike tilnærmingar til høgdetreninga, men langt unna den standarden som har vorte sett av Klæbo og Johaug. Dei har høvesvis fire og fem opphald på rundt tre veker kvar.
HØGDESATSING: Therese Johaug har hatt sitt eige regime med høgdeopphald
Foto: JEWEL SAMAD / AFP– Therese og Johannes har køyrt sitt eige høgderegime, og tett opp mot Olympiatoppens tilråding på minst 100 døgn, for å vende kroppen til å konkurrere på den høgda. Det er mange som ville rista på hovudet av det norske landslaget og det opplegget dei har køyrt, dersom du hadde spurt dei som kan kondisjonsidrett rundt om i verda.
– Ikkje bevisst
Langrennssjef Espen Bjervig seier forenkla at strategien til landslaget så langt har handla om å lære å halde høg fart og konkurrere i høgda. I tillegg har dei vektlagt det å ha ein god periode kor ein kan akklimatisere seg i forkant av meisterskapen.
– Det er i alle fall ikkje bevisst at tankegangen med klassisk høgdetrening, med lange og mange opphald, gir ein vesentleg større effekt enn det å vere akklimatisert, seier Bjervig.
På spørsmål om Olympiatoppen har vore samd i høgdestrategien til landslaget, svarer langrennssjef at ein av dei fysiologane Skiforbundet har samarbeidd med i Olympiatoppen har vore heilt samde.
INGA KRISE: Langrennssjef Espen Bjervig vil ikkje evaluere OL-resultata enno
Foto: Terje Pedersen / NTB– Har du noko svar på kvifor dei fleste, med unntak av Klæbo og Johaug, må seiast å prestere under forventningane?
– Eg veit ikkje om fjerde- og femteplass på Hans Christer og Pål er så krisedårleg. Men det er klart, lagmessig, så hadde vi håpa på betre resultat enn dette. Vi har gått to distansar og håpar det skal gå betre framover.
– På herresida er det til dømes to russarar som går eksepsjonelt fort. Det er imponerande. Ser du elles på feltet er det ganske jamt, seier Bjervig, som også peikar på at dei har hatt ei svært trøblete opplading til meisterskapen.
Vil ikkje evaluere enno
– Avviser du at underpresteringa kan handle om for dårlege førebuingar i høgda?
– Eg avfeiar ingenting, men held fleire moglegheiter opne. Men eg byrjar ikkje å evaluere etter to øvingar. Då har ein gitt opp. No har vi teke to gull og har ein fjerde- og femteplass, men håpa det skulle gå betre. No fokuserer vi på det som skjer her og no, og evaluerer når vi er ferdige.
Sundby meiner det norske laget fram til neste øving må ta ein skikkeleg gjennomgang for å finne ut kvifor resultata har vore svake, og deretter leggje det raskt bak seg.
– Trenarane kan ikkje vere superkritiske. Men vi er så langt unna det nivået vi bør vere. Då blir det nødvendig å snakke ut om det.
– Dei kan seie at dette må ein berre gløyme. Det er òg ein strategi. Men det held ikkje i denne meisterskapen som er så viktig. Det hadde fungert i eit vanleg verdscuprenn.
Neste sjanse for fleire av utøvarane kjem torsdag og fredag, då ventar 10 og 15 kilometer klassisk for damer og herrar.