På tampen av berg-og-dalbane-sesongen fekk 30-åringen ein venta, men etterlengta opptur.
10.-plass på 15-kilometeren i Lahti var nok til å sikre samanlagtsiger i verdscupen.
Johnsrud Sundby vann også Tour de Ski samanlagt tidlegare i sesongen.
VM blei ein stor nedtur for den norske skistjerna, som var sjuk heilt fram til femmila, og enda meisterskapen utan medaljefangst.
Søndag kom plasteret på VM-såret.
– I løpet av sesongen har langrennsløparane tre viktige mål: VM, Tour de Ski og verdscupen samanlagt. Martin Johnsrud Sundby vann to av tre og har hatt ein bra sesong. Uheldigvis blei han sjuk på verst tenkeleg tidspunkt før VM, seier NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn.
Parademarsj i Holmenkollen
Johnsrud Sundby imponerte ikkje, men under tunge forhold gjennomførte han ein OK 15-kilometer i Lahti.
I mål var han 21,5 sekund bak italienske Francesco de Fabiani, som vann rennet.
Dario Cologna og Petter Northug var utfordrarane som i teorien kunne frårøve 30-åringen samanlagttriumf, men når dei ikkje hadde den store dagen i Lahti blei det avgjort.
Johnsrud Sundby leier verdscupen 322 poeng framfor Northug.
Om Northug vinn resten av konkurransane på tampen av sesongen får han maksimalt 290 poeng. Det er ikkje nok til å tukte lagkameraten.
No gjenstår sprint i Drammen og femmil i Holmenkollen for jernmannen frå Røa.
– Det er stort for dei største å vinne femmila i Holmenkollen, seier Bjørn.
– Johnsrud Sundby er ikkje tilbake der han var på sitt beste tidlegare i sesongen, men vi får bare håpe at han har fått nok gjennomkøyringar etter sjukdomsperioden. Då kan han vere med og kjempe i toppen på femmila i verdscupavslutninga, seier Bjørn.
Ukjend nordmann nær pallen
Mest imponerande av dei norske var 22 år gamle Martin Løwstrøm Nyenget.
Johnsrud Sundbys ukjende lagkamerat slo langt meir etablerte klassisk-kanoner i Lahti-sporet.
Uheldigvis heldt ikkje innsatsen til pallplass.
Talentet blei slått med knapp margin av tredjemann Sami Jauhojärvi, som bare var 1,9 sekund framfor Norges beste langrennsmann søndag.