NRK Meny
Normal

Sundby testar nye treningsmetodar og går «all in» for 15-kilometeren i OL

Martin Johnsrud Sundby satsar alt på eitt kort når han no snart byrjar å førebu seg på OL-sesongen.

Østberg og Sundby

ALL IN: Neste sesong blir 15-kilometeren i OL det altoverskyggande målet for Martin Johnsrud Sundby. Her saman med Ingvild Flugstad Østberg etter at dei begge vann Skarverennet laurdag

Foto: Anders Skjerdingstad

– Eg har veldig lyst til å gå «all in» på ein distanse, seier Martin Johnsrud Sundby.

Han avslutta sesongen med siger i Skarverennet laurdag. Og no er alt retta framover mot OL-sesongen og Pyeongchang i Korea i februar.

– Det blir 15 kilometer skøyting med intervallstart. Eg er spent på kor langt eg kan klare å ta spesialtrening framover mot akkurat den distansen, seier Sundby til NRK.

– Det inspirerer og motiverer meg, seier han.

– Eit rett val

NRKs langrennskommentator Torgeir Bjørn synest Sundbys val er spennande.

– Martin har historisk sett vore sterk på alle distansane og derfor vunne verdscupen fleire gonger. Det han manglar, er individuelt VM- eller OL-gull. Derfor synest eg det er rett at han går all in for ei øving, meiner Torgeir Bjørn.

– Denne sesongen har han vist at han framleis har ei utfordring i å avgjere mot slutten i fellesstartar, så det tryggaste alternativet i OL er eit renn med intervallstart, seier Bjørn.

Han trur ikkje dette kjem til å spele særleg mykje inn på Sundbys konkurranseopplegg.

– Han bør nok gå alle typar øvingar, og vil også ha medaljeambisjonar i alle. Men han bør iallfall gå alle 15-kilometrane med intervallstart som han kan.

Eksperimentere med hardøkter

For Sundbys trening betyr det at han allereie no i april har testa ut ulike typar hardøkter med tanke på akkurat den distansen - og mange av dei har vore heilt nye, seier han.

– Det har blitt mykje hardøkter, ting eg ikkje torer å gjere i sesongen. Eg prøver å lære mest mogeleg på 30 dagar. Eg har iallfall trena hardt nok i april, sjølv om eg ikkje har trena så mykje, seier Sundby.

No skal han unne seg eit par vekers ferie, så er treninga fram mot neste vinter i gang.

– Eg har prøvd å analysere meg fram til det eg må forbetre, og trur eg har kome fram til ein bra plan for korleis eg skal legge sesongen opp.

Lite å bety for konkurransesesongen

– Har dette noko å seie for konkurransesesongen?

– Kanskje litt, men stort sett kjem eg nok til å konkurrere som eg har gjort. Eg har god erfaring med det, det er litt min måte å gjere det på.

– Betyr det at eit OL-gull er viktigare for deg enn verdscupen samanlagt?

– Du veit kor glad eg er i den gule trøya. Eg har innsett at det blir tøffare enn nokosinne neste år. Eg har mest lyst til å seie ja takk, begge deler.

– Men det kan hende at treninga inn mot ein distanse får konsekvensar likevel.

Siste nytt

  • Remis for Carlsen mot Anand

    Magnus Carlsen spilte remis mot sin gamle VM-utfordrer Vishy Anand fra India i 9. runde av Wijk aan Zee-turneringen. Carlsen spilte med svarte brikker og etter 32 trekk ble spillerne enig om remis. Etter ni kamper er nordmannen med og kjemper om seieren.

    Magnus Carlsen i Riyadh
    Foto: FARIS GHAITH /AFP / NTB scanpix
  • Nadal trakk seg fra Australian Open

    Rafael Nadal trakk seg fra Australian Open i Melbourne etter at han pådro seg en skade i fjerde sett mot Marin Cilic. Spanjolen spilte fem sett mot Cilic før han valgte å trekke seg fra kampen.

    Rafael Nadal
    Foto: Saeed Khan / AFP
  • Mowinckel leder i Italia

    Ragnhild Mowinckel kjørte raskest av samtlige i første omgang av verdenscuprennet i storslalåm i italienske Kronplatz tirsdag.

    Mens storfavoritten Mikaela Shiffrin kjørte ut. Mowinckel kjørte en strålende omgang og hoppet opp og ned av glede i målområdet etter å ha kjørt inn åtte hundredeler foran hjemmehåpet Marta Bassino. Tyske Viktoria Rebensburg følger ytterligere ett hundredel bak på tredjeplass. Andre omgang starter kl: 13.00.

    mow
    Foto: Marco Tacca / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Vinterstudio
Vinterstudio
Slalåm, menn
V-cup alpint: Slalåm 1. omgang, menn
V-cup alpint: Slalåm 1. omgang menn
V-cup alpint: Slalåm 2. omgang, menn
V-cup alpint: Slalåm 2. omgang menn