Martin Johnsrud Sundby har stort sett avgjort alle renn denne sesongen med å gå rett i frå feltet. I dag viste han ei heilt ny side. Og det var ikkje på grunn av formen, men lagtaktikken Norge la i går.
– Me måtte ha med Petter og det var ikkje eit alternativ å gå frå han. Det var aldri eit alternativ å gå frå gruppa før på slutten, seier Martin Johnsrud Sundby til NRK etter målgang.
– Martin måtte vente med rykket
11 mann var med i tetgruppa ut på den siste runden. Petter Northug hadde på rundane før slite med å henge på gruppa og mista kontakten fleire gonger. På det meste var han 15 sekund bak. Men det hadde nok blitt langt meir om Sundby hadde brukt sin vante taktikk.
– Eg hadde rykka på andrerunden. Men i dag var planen å ta bonussekund undervegs og å rykke på slutten. Den fylgde eg, seier Sundby.
– Så du ofra deg for Petter?
– Ja, men gutta har ofra seg for meg tidlegare, så det er blitt gjengjeldt. Det er veldig veldig fair. For meg er ikkje det der vanskeleg. Me hadde ein sjølvsagt vinnarkandidat før dagens løp og det var Petter Northug. Da kan me ikkje riste av han i samandraget, det blir for dumt.
Landslagstrenar Trond Nystad fortel at Sundby hadde fått beskjed om å ta det med ro.
– Han fekk ikkje gå før på siste runde. Hadde han gått frå tidlegare, så hadde me nok sett ein litt meir suveren siger. Men det er ikkje alltid ein får det som ein vil. Martin har sjølv fått hjelp, og av til må ein hjelpe andre. Det forventar eg, er landslagstrenaren klar på.
Nystad fortel at taktikken var å ta vare på mannen som har best moglegheit til å vinne touren samanlagt.
– Taktikken var å ta vare på Petter, utan å risikere at dei andre norske skulle falle bakover i samandraget. Petter skulle setje frimerke på Ustjugov og prøve seg på bonussekund. Men hovudpersonen var litt slapp i dag og klarte ikkje heilt å fullføre oppgåva.
Finn-Hågen Krogh seier han tidleg i rennet såg at Northug var «kokt», men Nystad lot ikkje det endra planene undervegs.
– Det er ikkje alltid så lett å bli klok på kva Petter gjer undervegs. Av og til dinglar han litt bak, av og til går han litt fram. Men me hadde Emil og Niklas der bak så dei kunne hjelpe kvarandre fram. Alt i alt trur eg planen var ganske bra, meiner Nystad.
Sundby berre minuttet bak Ustjugov
Etter superrykket og sigeren på fellesstarten med skibytte har Sundby minska avstanden til 1,04 til Ustjugov og er berre 20 sekund bak Northug som har andreplassen i samandraget. Northug kom inn på 11-.plass og var 17,6 sekund bak Sundby i mål.
– For min del var det berre å henge og tape minst mogleg. Martin gjorde eit bra løp og fekk med mange bonussekund. Han kunne nok gått ifrå tidlegare, seier Northug.
Nå har 30-åringen trua før dei to siste etappene i Canmore. Alt må likevel klaffe for å ta igjen 47 sekund på Ustjugov.
– Skøyterennet på fredag må vere bra. Då er moglegheitene der. Eg trur ikkje russaren skal vere trygg på at han får gå aleine på slutten, seier Northug og tenkjer på den avsluttande jaktstarten på laurdag.
Her er samanlagtlista etter seks av åtte etappar av Ski Tour Canada.