Holund: – Martin tjuvtrente jo i går, ikkje rart han er best i dag

Martin Johnsrud Sundby slo kraftig tilbake etter gårsdagens diskvalifikasjon. I dag var Sundby utilnærmeleg på 15 kilometer fri.

Sundby på topp

STERK: Martin Johnsrud Sundby var langt i frå påverka av ribbeinsskaden da han fossa inn til ein suveren siger på 15 kilometer fri.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Han smadrar feltet! nærmast ropar kommentator Jann Post ut i det Martin Johnsrud Sundby set inn det siste rykket før mål.

Komm.: Jann Post og Torgeir Bjørn.

– Det var eit godt løp, men eg håpar kroppen framleis kan bli eit par knepp betre i Kuusamo, seier Sundby til NRK etter målgang.

Northug hang seg på Sundby

Det håpar nok Petter Northug også. Sundby starta et minutt bak Northug, men tok etter kvart igjen trønderen ute i løypa. Da starta Northug for alvor rennet og ville ikkje gje frå seg ryggen til Sundby. Han fylgde det forrykande tempoet til Sundby heilt inn til mål og sjølvagt ville ikkje Northug gje frå seg spurten da dei kom saman inn på oppløpet.

Northug og Sundby

GJEKK SAMAN: Petter Northug ville ikkje gje frå seg ryggen til Martin Johnsrud Sundby da han tok han igjen med et minutt. Og spurten den tok Northug.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Det heldt til ein fjerdeplass for Northug, men sigeren er Martin Johnsruds Sundby sin i rein utklassingsstil. For andre dag på rad er Røa-løparen den suverent raskaste i løypa, og i dag får han også lov til å stå øvst på pallen.

– Det var sjølvsagt kjedeleg i går, eg tek meg litt nær av slike ting. Men da eg såg nyheiten frå Frankrike fekk eg ein reality-check. Da skjønar ein kor lite idrett eigentleg betyr og da skuffinga seg, fortel Sundby.

Intervju med Martin Johnsrud Sundby. Reporter: Ida Nysæter Rasch.

Northug gler seg til minitour

Sundby vann 47,4 sekund framfor Hans Christer Holund på andreplass.

Holund meinte på spøkefullt vis at Sundby drog fordel av å ha starta på skøytetreninga allereie under klassiskrennet i går.

– Martin tjuvtrente jo i går, så det er ikkje rart han er best i dag, smiler mannen som var pallen både i går og i dag.

LES SAKA: Sundby så reprisen med NRK: – Fortsatt ikke enig

Franske Robin Duvillard tok tredjeplassen 59,1 sekund bak. Petter Northug blei nummer fire 59,7 sekund bak. Han var godt fornøgd med gjennomkøyringa han fekk.

– Det var den fyrste hardøkta mi etter høgda og derfor blei det litt seigt. Det var som forventa, seier Northug til NRK i målområdet.

Nå handlar alt om å samle overskot før Kuusamo og verdscupopninga der om to veker.

– Kuusamo blir spennande. Det er tøffe løyper og ein minitour som passar meg bra.

Petter Northug ble nummer fire på 15 km fri teknikk på Beitostølen. Intervju med Petter Northug. Reporter: Ida Nysæter Rasch.

Den ser også Sundby fram mot.

– Eg gler meg veldig til Kuusamo, der trur eg det blir masse spennande duellar. Eg gler meg til å kome i gang og sjå nivået på resten av dei store gutta. Legkov såg ekstremt sterk ut da eg møtte han i høgda.

Resultater 15 kilometer fri:

1. Martin Johnsrud Sundby 36.12,1,

2. Hans Christer Holund + 47,4,

3. Robin Duvillard 49,1,

4. Petter Northug +59,7,

5. Maurice Manificat + 1.00,2,

6. Andrew Musgrawe + 1.00,7,

7. Tarjei Bø + 1.31,6,

8. Martin Løwstrøm Nyenget + 1.33,2,

9. Hallvard Løfald + 1.34,8,

10. Emil Nyeng + 1.36,0

Siste nytt

  • Kasirye (37) satser mot Paris-OL

    Ruth Kasirye (37) er i gang med å forberede seg til OL om fire år, skriver VG.

    – Jeg har lyst til å overbevise om at det kan gå. Jeg har gjort det før, sier hun til VG.

    Vektløfteren ble dømt til to års utestengelse etter å ha testet positivt på meldonium i 2015.

    Ruth Kasirye frå pressekonferansen
    Foto: NRK
  • Intern uro i Barcelona

    Seks styremedlemmer i FC Barcelona har trukket seg, skriver storavisen Marca. Styret er redusert fra 19 til 163 personer, og de seks trakk seg etter å ha havnet på kant med Barcelona-president Josef Bartomeu.

    FILE PHOTO: A picture of Lionel Messi is reflected in the Barcelona emblem outside the stadium
    Foto: Albert Gea / Reuters
  • Zlatan trente med Hammarby

    Zlatan Ibrahimovic trente skjærtorsdag med Hammarby, som svensken eier 25 prosent av. Hammarby-sportssjef Jesper Jansson forteller at spissen har vært hjemme i Stockholm noen dager og ville trene litt med ball, skriver NTB. 38-åringen har kontrakt med Milan ut sesongen, men det er foreløpig uvisst om svensken fortsetter karrieren eller ikke.

    Zlatan
    Foto: Henrik Montgomery / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal