Uhellet skjedde like etter pause. Han skalla mot hovudet til Dani Carvajal og blei liggande urørleg på graset.
Det medisinske personellet strøymde til for å behandle United-spelaren, og spelet blei stoppa i sju minutt før han blei lagt på ei båre og boren ut med oksygenmaske. Det såg så stygt ut at det ikkje blei vist reprisar av hendinga.
Reiste seg og gjekk inne i garderoben
Men iføløgje Sky Sports var Shaw medviten då han kom inn i garderoben. Han kunne reiseg opp og gå, og snakka i telefonen med familien for å fortelje at det stod nokså bra til.
På tribunen sat United-manager Jose Mourinho og var uroa over skaden.
Backen pådrog seg eit dobbelt beinbrot i ein kamp mot PSV for fem år sidan, og har fortalt om kor nær han var å miste beinet.
Men han kom tilbake etter 18 månader på sidelinja, og har starta årets sesong godt.
Heimetap for England
Shaw spela også ein god kamp den tida han var med, og la pasninga til Marcus Rashford som gav England leiinga etter 11 minutt.
Men Spania var à jour berre to minutt etterpå. Saul senda av garde eit hardt lågt skot som keeper Jordan Pickford fekk ei hand på, men ikkje makta å stanse.
Og etter ein halv time var Spania i leiinga på Wembley, då Rodrigo lurte det engelske forsvaret og fekk pisrka balen i mål.
Etter uhellet med Shaw verka England passive og let Spania overta. Men i dei siste minutta kom heimelaget tilbake og hadde sjansar til utlikning.
Seks minutt på overtid sette Danny Welbeck ballen i nettet på nytt. Men det var etter at Spanias keeper de Gea hadde hatt hendene på ballen, og det blei annullert.
Englands neste kamp er borte mot Kroatia 12. oktober.