Hopp til innhold

Gjekk til verbalt angrep på USA-spelar: – Du uttaler namnet vårt feil

Tysdag spelar USA mot Iran i det som er ein usedvanleg kjensleladd kamp både på og utanfor banen. Den anstrengde stemninga vart tydeleg på pressemøtet måndag.

QaIqtEErtdU

ANSTRENGT: Gregg Berhalter og Tyler Adams gløymer nok ikkje pressekonferansen søndag med det første.

Foto: PATRICK T. FALLON / AFP

Den politiske situasjonen mellom Iran og USA er låg frå før.

Men den avgjerande VM-kampen mellom nasjonane tysdag har vorte endå meir tilspissa etter at det amerikanske landslaget publiserte eit bilete på sosiale medium som viser det iranske flagget utan symbolet til den islamske republikken.

Grepet, som USAs kommunikasjonssjef Neil Buethe opplyser til NRK vart gjort av solidaritet med dei iranske kvinnene, skapte raskt sterke reaksjonar.

Amerikanarane sletta seinare biletet frå Twitter og Instagram, men Irans statlege nyheitsbyrå Tasnim ber om at USA blir straffa og blir kasta ut av VM.

– Du uttaler namnet feil!

På pressekonferansen i Doha måndag, dagen før kampen skal spelast, vart NRK vitne til ein svært spesiell pressekonferanse med det amerikanske landslaget.

Fleire iranske reporterar tok ordet og stilte spørsmål om ein rekkje tema til USA-trenar Gregg Berhalter og USA-spelar Tyler Adams.

Det vart så påfallande dårleg stemning at ei rekkje amerikanske reporterar kikka på kvarandre i forundring undervegs og tidvis måtte trekkje på smilebandet.

For å illustrere korleis stemninga var:

Etter at Leeds-spelar Tyler Adams hadde vore oppteken av å understreke at dei ikkje hadde noko med bilet-stuntet å gjere, og uttalte at heile USA-laget «støttar Irans folk og Irans lag», fekk han følgjande spørsmål i retur av ein iransk reporter:

– Du seier du støttar det iranske folket, men du uttaler namnet vårt feil. Det er Iran med i, ikkje «Airan». La oss ein gong for alle gjere dette klart. For det andre, er du komfortabel med å representere ein nasjon som har så mykje diskriminering mot svarte menneske?

– Diskriminering overalt

Spørsmålet er truleg relatert til at Iran-trenar Carlos Queiroz tidlegare i VM vart spurt om han var komfortabel med å representere eit regime som undertrykkjer kvinners rettar.

Men Tyler Adams bevarte roa.

– Eg beklagar for den galne uttalen av landet ditt. Når det er sagt, det er diskriminering overalt ein dreg. Det eg har lært av å leve i utlandet dei siste åra, når det gjeld å passe inn i ulike kulturar, gjer USA framsteg kvar einaste dag. Utdanning er viktig, slik du nettopp utdanna meg om uttalen av landet ditt, og det er ein prosess. Og det viktigaste er at ein ser framsteg, svarte Adams.

– Alt vi kan gjere er å beklage

USA-sjefen vart fleire gonger beden om å kommentere det mykje omtalte biletet av Irans flagg.

– Eg vil ikkje at det skal verke som eg ikkje bryr meg, men gutane har jobba utruleg hardt dei siste fire åra, vi har 72 timar mellom England- og Iran-kampen, og vi er berre fokuserte på korleis vi skal slå Iran. Våre tankar er hos det iranske folket og heile nasjonen deira, men fokuset vårt er på kampen, svarte han først.

– Men spelarane og støtteapparatet visste ingenting om kva som vart publisert. Nokre gongar er ting utanfor vår kontroll. Vi har ikkje fokus på desse utanomsportslege tinga, og alt vi kan gjere er å beklage. Men det er ikkje noko vi har vore ein del av, gjentok han.

UQYuJ8BBvvY

Gregg Berhalter og Tyler Adams klarte å bevare roa trass i ei rekkje kritiske spørsmål frå iranske medium.

Foto: JOHN SIBLEY / Reuters

Ein annan reporter spurde om korleis dei opplever at «nesten ingen bryr seg om fotball i USA», der pressesjefen braut inn og informerte om at kampen mot England vart sett av 20 millionar amerikanarar.

– Dette var annleis

Pressekonferansen vekte raskt oppsikt. Den amerikanske sportsjournalisten Leander Schaerlaeckens samanfattar det heile slik:

– Gregg Berhalter og Tyler Adams har no vorte spurt om rasisme i USA, den amerikanske flåten i den persiske gulfen, den høge inflasjonen og om kvifor iranske personar treng visum for å besøkje USA, medan amerikanarar ikkje treng det for å besøkje Iran. Denne pressekonferansen har vore ... annleis, er dommen frå Schaerlaeckens.

– Forhåpentleg vel TV-selskapa å vise Iran- og USA-pressekonferansane i sin heilskap før kampen, skriv James Nalton, som mellom anna dekkjer amerikansk fotball for The Guardian.

Kontrasten var stor frå pressekonferansen Iran-trenar Carlos Queiroz heldt i same rom vel ein time før.

Applaus

Det byrja med at ei rekkje iranske reporterar braut ut i applaus då Queiroz kom til rommet.

Queiroz hadde bestemt seg for å ikkje snakke om politikk på pressekonferansen onsdag. Spørsmål om til dømes Klinsmann-feiden avfeia han med «ingen kommentar».

Men på spørsmål om flagg-situasjonen, vart han litt meir snakkesalig. Ein svensk reporter spurde Iran-trenaren om han vil bruke opptrinnet som ei form for motivasjon i garderoben før kamp.

– Viss eg etter 42 år trur eg kan vinne kampar ved å bruke slike mentale grep, har eg ikkje lært nokonting om spelet. Dette er ikkje tilfellet, innleidde han.

– Eg håpar vi kan lære før framtidige turneringar: Målet vårt her nede er å skape underhaldning, og gjere folk glade i minst 90 minutt. Vi står i solidaritet med alle menneskerettsspørsmål verda rundt, men vi er her for å få folk til å smile. Det er oppdraget vårt i fotballen, seier han.

Då braut det ut applaus frå ei rekkje iranske journalistar i presserommet.

Milad Javanmardy

Milad Javanmardy var blant dei som applauderte Irans trenar på pressekonferansen.

Foto: Egil Sande / NRK

– Er ikkje stemmelause lenger

Ein av dei som applauderte, er Bein Sport-journalist Milad Javanmardy.

Han forklarer bakgrunnen for applausen slik:

– Hovudgrunnen er at vi har oppdaga at vi har ein ekte ambassadør i han. I mange år har vi mangla nokon til å verkeleg snakke saka vår, og eg synest verda skal vite at vi ikkje er stemmelause lenger. Vi har også andre ambassadørar enn Mr. Queiroz, men han har bevist at han er ein verdig ambassadør, seier Milad Javanmardy til NRK.

– Kva slags status har han i Iran no?

– Hos fotballfans har han hatt høg status i mange år. Men etter den anstrengde stemninga her etter det politiske som har prega meisterskapen, har han vore flink til å skjerme spelarane og få fram at dei er der for å spele fotball. På grunn av dette har han fått meir respekt enn nokosinne, meiner reporteren.

n2MzxO9P-6s

Carlos Queiroz fekk applaus på pressekonferansen tysdag.

Foto: GARETH BUMSTEAD / Reuters

Det iranske landslaget har vore i søkjelyset under heile fotball-VM. Under opningskampen mot England bua Irans tilhengjarar då nasjonalsongen vart spelt på stadion. Spelarane nekta å syngje med til teksten.

Det har vore delte kjensler rundt det iranske landslaget, som fekk mange mot seg då dei møtte den iranske presidenten før VM.

– Eg trur dei har vorte pressa

Før kampen mot Wales song plutseleg spelarane igjen, men veldig svakt.

– Eg trur dei har vorte pressa til å syngje. Det var nokon som prøvde å bevege på leppene så vidt, sa den norsk-iranske mediesosiologen Sharam Alghasi til NRK etter kampen.

Les også: Iranske fans reagerer kraftig etter synging: – Vi er imot det som skjer

Norsk-iransk fan utenfor stadion etter kampen mellom Iran og Wales i fotball-VM i Qatar.
Norsk-iransk fan utenfor stadion etter kampen mellom Iran og Wales i fotball-VM i Qatar.

Regimet i Iran, under leiing av ayatolla Ali Khamenei, står overfor nokre av dei største protestaksjonane i landet sidan den islamske revolusjonen i 1979, skriv NTB.

I over to månader har tusenvis av demonstrantar protestert og kravd endringar etter at ein 22 år gammal iransk-kurdisk kvinne døydde i varetekta til moralpolitiet etter å ha vorte arrestert fordi ho ikkje hadde dekt til håret sitt godt nok, opplyser nyheitsbyrået.

– Ein veldig, veldig spesiell kamp

Queiroz sjølv ser fram til kampen, og føretrekte å snakke om det sportslege.

Den profilerte trenaren meiner laget hans er i stand til å utrette endå eit stort resultat og gå vidare i VM for første gong i nasjonens historie.

– I morgon blir ein veldig, veldig spesiell kamp for oss, og for meg spesielt. Å ha høvet til å gå vidare for første gong er noko som gjer oss stolte. Vi vil gjere vårt beste, seier han.

Berhalter ser også fram til det som blir ein historisk kamp for begge lag.

– Eg synest dei er eit veldig godt lag, så det blir ein vanskeleg kamp, seier han.

Avspark er 20.00. Kampen kan du sjå på NRK eller følgje på NRK Sport.

Siste nytt

  • Stortalent VM-vraket etter seier i verdenscupen

    Norges Skiforbund har tatt ut 25 langrennsløpere til VM i Planica. Tolv kvinner og 13 menn reiser til Slovenia til et VM som arrangeres fra 22. februar til 5. mars.

    Iver Tildheim Andersen er blant dem som ikke får være med. Stortalentet vant 10-kilometeren i verdenscupen på Lillehammer i desember.

    – I hovedsak er det ikke han som er veid for lett, det er heller de andre som har fryktelig gode merittlister. Vi har landet på å gå for et lag vi mener er mest kvalifisert for 15 kilometeren, også nådde ikke han helt opp der, det er årssaken, sier langrennssjef Espen Bjervig til NRK.

    Tildheim Andersen har foreløpig ikke svart NRK tirsdag.

    Her er hele troppen:

    Kvinner: Helene Marie Fossesholm (Eiker SK), Ragnhild Haga (Åsen IL), Anne Kjersti Kalvå (Lundamo IL), Kristine Stavås Skistad (Konnerud IL), Astrid Øyre Slind (Oppdal IL), Ane Appelkvist Stenseth (Grong IL), Anna Svendsen (Trømso SK), Silje Theodorsen (Team Elon Nord-Norge), Heidi Weng (IL BUL), Tiril Udnes Weng (Nes Ski), Lotta Udnes Weng (Nes Ski) og Ingvild Flugstad Østberg (Gjøvik SK).

    Menn: Harald Østberg Amundsen (Asker SK), Pål Golberg (Gol IL), Hans Christer Holund (Lyn Ski), Emil Iversen (IL Varden Meråker), Johannes Høsflot Klæbo (Byåsen IL), Simen Hegstad Krüger (Lyn Ski), Even Northug (Strindheim IL), Martin Løwstrøm Nyenget (Lillehammer SK), Sjur Røthe (Voss IL), Håvard Solås Taugbøl (Lillehammer SK), Didrik Tønseth (Byåsen IL), Erik Valnes (Bardufoss og Omegn IF) og Sivert Wiig (Team ELON Vest).

    – At Norge kommer til å reise hjem med 17-18 medaljer skal du ikke se bort ifra, spesielt når russerne ikke er med, sier NRKs langrennsekspert Therese Johaug.

    Siste test før VM er verdenscupen i italienske Toblach kommende helg.

    France FIS Cross Country World Cup
    Foto: Salvatore Di Nolfi / AP
  • Viking enig om salg av Karlsbakk for kjempesum

    Viking og Heerenveen er enige om en overgang for Daniel Karlsbakk (19). Ifølge flere medier blir det tidenes største salg for Stavanger-klubben.

    – Vi er muntlig enige med Heerenveen om en avtale, men ingenting er foreløpig signert. Jeg kan også bekrefte at Karlsbakk er på vei til Nederland for å sluttføre overgangen, sier Vikings sportssjef Erik Nevland til Aftenbladet tirsdag morgen.

    Aftenbladet, Rogalands Avis og Nettavisen erfarer at totalrammen på overgangen er på omkring 30 millioner kroner.

    – Det er en kjempedeal for Viking og for spilleren, svarer Nevland.

    Karlsbakk spilte 21 kamper for Viking i Eliteserien i fjor og scoret to mål. 19-åringen startet karrieren i Bryne.

    Heerenveen ligger på 8.-plass i den nederlandske æresdivisjonen etter 19 kamper med 27 poeng. Neste kamp er borte mot Utrecht lørdag.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2022: Viking - Sarpsborg 08
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Mo Farah hinter om å legge opp

    Den britiske løperlegenden Mo Farah (39) avslører at 2023 trolig blir det siste året som toppidrettsutøver.

    Farahs navn er bekreftet til London Marathon 23. april. Det blir etter all sannsynlighet for siste gang. Da vil han være 40 år.

    – Det har vært en utrolig karriere, og å ta del i London Marathon er stort for meg, sier han.

    Sist han løp i London Marathon, var i 2019. Da ble det femteplass.

    Han har utelukket et fjerde OL, men et siste VM i Budapest senere i år er fortsatt på bordet.

    – Jeg kommer ikke til å gå OL, og jeg tror 2023 blir mitt siste år. Men hvis det kom til stykket mot slutten av året, og du blir valgt ut for landet ditt, ville jeg aldri avslått det, sier 39-åringen.

    Farah kan se tilbake en svært suksessrik karriere med fire OL-gull (5000 meter og 10.000 meter i 2012 og 2016). På veien har han også vunnet seks VM-gull og fem EM-gull. I 2017 ble han slått til ridder. (NTB)

    Mo Farah
    Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Slik husker vi Pelé 01:30
Neste