Hopp til innhold

Tidlegare Vukicevic-utøvarar: – Vi har aldri sett noko som tyder på doping

Ei rekkje utøvarar som har hatt Petar Vukicevic som trenar seier dei aldri har opplevd noko som kan tyde på at han har vore involvert i doping.

Petar Vukicevic

Ei rekkje utøvarar seier at dei ikkje har grunn til å tru at gamletrenaren Petar Vukicevic har vore involvert i doping.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / NTB scanpix

– Det har aldri slått meg at han skulle vere involvert i doping. Eg har aldri sett eller høyrt noko som kan tyde på det heller, seier Rune Selstad til NRK.no.

Sørlendingen hadde Vukicevic som trenar mellom 2001 og 2002. Han var også treningskamerat med Einar Inge Aasen, som hevdar at Petar Vukicevic i 2001 fortalde kva han måtte gjere dersom han skulle dope seg.

Benedicte Hauge

Hekkeløpar Benedicte Hauge har aldri sett eller høyrt noko ho meiner kan knyte Petar Vukicevic til doping.

Foto: Richardsen, Tor / SCANPIX

– Det var heilt nytt for meg. Einar (Inge Aasen) har aldri sagt noko om det til meg tidlegare. Det tykkjer eg er rart, seier sørlendingen.

Vukicevic byrja som hekkeløpstrenar i Ski IL i 1987. Sidan har han trena fleire titals utøvarar i ulike klubbar.

– Har aldri tenkt tanken

Einar Inge Aasen ba andre utøvarar om å stå fram med sine historier om Petar Vukicevic si påståtte kopling til doping.

Aasen valde å fortelje si historie, blant anna fordi han reagerte på at Vukicevic hevda at alle utøvarar stilte seg bak han.

NRK.no har vore i kontakt med ni utøvarar som tidlegare har vore trena av Vukicevic. Ingen av dei har hatt mistanke mot trenaren.

– Eg har aldri tenkt tanken. Eg har heller aldri opplevd noko rundt Petar som har vore mistenkeleg. Eg ser på Petar som ein real og ryddig person. Han er ein flink trenar med mykje kunnskap, seier hekkeløpar Benedicte Hauge.

Sørlendingen har i periodar hatt Vukicevic som trenar, gjennom ei satsingsgruppe i friidrettsforbundet.

– Eg synest synd på Petar etter alt oppstyret. Eg har ingen grunn til å tru at han har gjort noko ulovleg, seier ho.

Rune Selstad reagerer også på måten media har handtert saka på.

Stavang

Hekkeløpar Eivind Stavang er overraska over anklagane.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Det følest som om han er dømd på førehand. Det har blitt eit voldsomt fokus. Det er ikkje bra. Eg trur på det Petar seier, legg han til.

– Legg korta på bordet

Det var tidlegare denne månaden at Dagbladet avslørte at Vukicevic skal ha forhøyrt seg om forbode stoff. Avisa trykte også e-postar, som skal ha blitt sendt i perioden 2001-2003.

Petar Vukicevic har heile tida hevda at e-postane er forfalska av ekskona hans, noko ho avviser.

Alexander Dahlstrøm Winger hadde Petar Vukicevic som trenar mellom 2007 og 2008.

– Det har aldri vore snakk om forbode stoff eller metodar. Eg kan ikkje hugse at ordet doping har vore nemnt i det heile, seier han.

Samstundes ber han Vukicevic om å vere ærleg. Fredag skriv han også om dette i ein kommentar i Aftenposten.

– Er det noko han ikkje har fortalt bør han leggje alle kort på bordet, seier han.

Stor respekt

Tidlegare har også hekkeløparane Eivind Stavang og Øyvind Strømmen Kjerpeset uttala seg i saka.

Stavang har kjent Vukicevic i fleire år, og hadde han som hovudtrenar i heile fjor.

– Det vil vere ekstremt overraskande og skuffande dersom Petar Vukicevic er innblanda i doping. Petar er ein veldig fin type og ein mann eg har stor respekt for. Han er på mange måtar den beste trenaren eg har hatt, sa Stavang til NRK.no tidlegare denne månaden.

Einar Inge Aasen

Her er Einar Inge Aasen på Bislett Games i 2005.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Mistankane mot Petar er veldig sjokkerande. Han har heile tida teke sterk avstand frå doping, og eg vil bli ekstremt overraska dersom han skulle vere skuldig, sa Strømmen Kjerpeset.

– Ikkje overraska

Einar Inge Aasen seier det var «som venta» då NRK.no fortel han at fleire utøvarar stiller seg bak Vukicevic.

– Eg trur du kan ringe 20 til og få positive tilbakemeldingar. Det er eit stort fleirtal som ikkje har noko med saka å gjere, seier Aasen.

– Kven andre har noko med saka å gjere?

– Det kan eg ikkje kommentere. Det må Antidoping Norge ta seg av.

– Kvifor fortalde du ikkje om historia di til lagkameratane dine?

– Fordi det ikkje var eit tilbod fra Vukicevic, men noko han la fram. Den gongen trudde eg berre at han hadde ei tvilsam haldning til doping, men ikkje at det faktisk hadde skjedd, eller skulle skje, noko. Det kunne ha vore å spreie grunnlause rykte, seier Aasen.

Winger

Her er Alexander Dahlstrøm Winger (t.v.) i sitt ess.

Foto: Eirik Førde

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal