Hopp til innhold

Ler av eigne «uforståelege» bilde: – Plagsamt når dei ligg ute på internett

Mens alt handlar om det perfekte stupet for utøvarane, handlar det om det perfekte bildet for fotografane. Og i full fart kan det by på utfordringar.

Stuping i OL

STUPEFJES: Aranza Vazquez Montano (frå venstre) frå Mexico, japanske Sho Sakai og norske Helle Tuxen i sving under OL i Paris.

Foto: REUTERS / AP

Idretten er blant dei mest spektakulære i OL. Stuparane gjer saltoar så raskt at det er vanskeleg å halde teljinga og smyg seg ned i vatnet nesten utan eit plask.

Men å fange trikset i éin augeblink fører til komiske bilde av eineståande idrettsprestasjonar.

Den norske stuparen Helle Tuxen tar handa over munnen når ho ser bilda av seg sjølv frå OL-stupa.

– Nei, åh ... Det er alltid. Kvar gong. Det er så lite elegant, seier ho humoristisk.

For slik kan ofte bilda frå stupehallen bli:

Diving - Women's 3m Springboard Preliminary

Kinas Yiwen Chen

Foto: Hannah McKay / Reuters
Paris Olympics Diving

Alejandra Estudillo Torres fra Mexico

Diving - Women's 3m Springboard Preliminary

Aranza Vazquez Montano fra Mexico

Diving - Women's 3m Springboard Preliminary

Stuperen Sayaka Mikami fra Japan

Stuping, OL.

USA-stuper Alison Gibson

– Ganske morosame bilde

Helle Tuxen

STUPER: Sånn ser Tuxen ut når ho ikkje er midt i eit stup.

Foto: Privat

Bilda blir tatt mens stuparane er midt i ein salto eller på veg ned mot vatnet i full fart, og å bidreg tyngdekrafta til at dei ikkje heilt liknar på seg sjølve.

– Det er derfor det er bra at (sporten) går fort. Men så får ein det i sakte film og så ser alle det. Nei ... uffa meg. Eg ser betre ut no enn der, eg berre seier det, seier ho og ler.

Helle Tuxen

Også svenske Emilia Nilsson Garip byrjar å le når NRK viser henne nokre stupebilde frå årets OL.

– Har du sett nokon sånne av deg sjølv?

– Haha, ja det har ein jo gjort. Det er ganske morosame bilde. Men det er litt plagsamt når dei ligg ute på internett. Men det er sånn det er, seier ei smilande Garip.

Paris Olympics Diving

Jack Laugherr fra Storbritannia

Foto: Lee Jin-man / AP
Paris Olympics Diving

Yi Jae-gyeong fra Sør-Korea

Diving - Men's 3m Springboard Semifinal

Kurtis Mathews fra Australia

Diving - Men's 3m Springboard Semifinal

Osmar Olvera Ibarra fra Mexico

Må vere forsiktige

Ein fotograf NRK snakkar med i stupehallen fortel det er viktig å ta vare på utøvarane, ettersom dei kan ende med å fange stuparane i avslørande augeblink.

– Vi strekker oss langt for å sikre at vi ikkje kompromitterer utøvarane på ein negativ måte, fortel han.

Diving - Women's 3m Springboard Preliminary

Aranza Vazquez Montano fra Mexico

Foto: Maye-E Wong / Reuters
Diving - Men's 3m Springboard Semifinal

Det franske hjemmehåpet Gwendal Bisch

Diving - Men's 3m Springboard Semifinal

Yona Knight-Wisdom fra Jamaica

Diving - Women's 3m Springboard Preliminary

Maha Amer fra Egypt

Men han trur det er litt forskjell på ein erfaren fotograf og ein som aldri har sett det før.

– Ein ny fotograf vil komme og sjå det for første gong og tenke «åh, det ville blitt ei interessant historie eller bildehistorie».

Og så gjeld ikkje dette bildefenomenet berre i stupehallen, men også i andre OL-idrettar der utøvarane er i raske rørsler. For eksempel turn:

Artistic Gymnastics - Men's Team Final

Japanske Kazuma Kaya i skranke.

Foto: Athit Perawongmetha / Reuters
Artistic Gymnastics - Men's Horizontal Bar Final

Angel Barajas fra Colombia i svingstang

Artistic Gymnastics - Women's All-Around Final

Turnstjerna Sunisa Lee i frittstående

Artistic Gymnastics - Men's Horizontal Bar Final

Svingstand med Takaaki Sugino fra Japan

– Ser sterk ut, då

Sjølv tar Tuxen det med ein stor dose humor.

– Pappa er veldig på dette med å sjå elegant ut. Eg seier at eg prøvar. Men dette her er ... Eg ser sterk ut, då. «Girlpower». Nei nei, det får vere. Det er ingen andre som er 23. beste i verda, seier ho og smiler.

Sommer OL i Paris 2024

STØTTE: Far Helge Tuxen fikk ein god klem etter stupa.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

For Tuxen deltok i sitt aller første OL og enda på ein 23.-plass i stupeøvinga 3 meter svikt. Det var ho godt fornøgd med.

– Veldig emosjonell, på ein veldig god måte. Eg koste meg, eg hadde lyst til å gjere det igjen. Eg vakna i dag og hadde vanskeleg for å puste og tenkte «herregud, no skjer det». Dette var ein draum som verkeleg gjekk over forventningane, seier Tuxen til NRK.

Det var berre 15,3 poeng som skilde henne frå å kvalifisere seg til semifinalen. Dei 18 beste frå kvalifiseringa gjekk vidare.