Susann Pettersen er i Noreg ein snartur og testar seg mot USAs ambassadør til Noreg når ho ladar opp til Britsh Open til helga. Der har ho litt å revansjere etter fiaskoen i fjor.
"Tutta" likar å hente inspirasjon frå andre idrettar. Overfor NRK avslører ho også litt av det ho planlegg når ho er ferdig med sin aktive karriere.
– Vi har tankar om eit management-selskap, og det blir heilt sikkert innan idrett, seier ho.
– Eg har nok litt meir erfaring enn ho i tennis, og "the old man" har nok eit knep eller to i bakhand, seier ambassadør Barry White. Han vann den uhøgtidelege kampen mot det norske golf-esset.
Veldig glad i tennis
Suzann Pettersen er glad i tennis, og glad for å kunne bruke tennisen til avkobling og oppvarming framfor British Open på tradisjonsrike St. Andrews komande helg.
– Ja, i fjor spela eg godt, men eg fekk ikkje resultat. Det var litt frustrerande, seier ho til NRK etter kampane mot ambassadør Barry White.
– Eg er sportsidiot, og tennis er heilt spesielt. Så sant eg kan, sit eg klistra til skjermen under dei store turneringane og ser alt eg kan. Dessverre får eg ikkje vere til stades på US Open i år, for første gong på ti år. Det saknar eg. Eg er nesten meir interessert i tennis enn i golf, fortel "Tutta".
Tennisfinale som motivasjon i US Open
Ho vann US Open i 2007, og då fekk ho god hjelp av finalen i Roland Garros – det opne franske tennismeisterskapet.
– Då sette eg med ned og såg finalen som gjekk same helga, og eg er heilt sikker på at det hjelpte meg til å halde humøret oppe og vinne den gongen, fortel ho.
Tutta likar å hente inspirasjon frå andre idrettar. Og ho har stor sans for skotten Andy Murray.
– Eg fekk sympati i fjor då han kjempa med tårene etter å ha tapt Wimbledon-finalen. Han vann US Open og han vann OL, men det var ekstra stort då han vann Wimbledon i år. Han tok dei grepa som skulle til, seier Tutta.
– Bortskjemt i Norge
– Eg likar å sjå folk lykkast, ikkje minst fordi eg veit kor mykje slit og innsats som ligg bak å gå heilt til topps. Derfor prøver eg også å hente inspirasjon frå andre vinnarar i andre idrettar.
Vi er litt bortskjemde med det her i landet. Går du på Toppidrettssenteret, treffer du verdsmeistrar og andre toppfolk i mange forskjellige idrettar. Det er unikt. I USA er forhoplda for store til at dette let seg gjere.
– Kunne du tenkt deg å invitere topp tennisspelarar som Roger Federer og Andy Murray til ei golfturnering?
– Har ikkje tenkt på det, men takk for ideen. Det er alltid interessant å krysse idrettar, å arrangere idrett for idrettens del og ikkje nødvendigvis først og fremst for konkurransens del, seier Suzann Pettersen.
Nøgd med sesongen så langt
British Open er tradisjonelt Europas einaste major-turnering. Alle dei andre går i USA. Men dei siste åra har Evian Masters i Frankrike også meldt seg på.
Tutta gjekk på ein smell i British Open i fjor og US Open tidlegare i år, men er likevel nøgd med sesongen så langt.
– Eg har fått eit par slag i trynet det siste året. Men eg lærte mykje av missen i US Open. Men eg veit også at ein ikkje kan gjere meir enn å førebu seg skikkeleg. Gjer du det, og utfører du oppgåvene dine skikkeleg, går det bra.
– Ut av komfortsona
– Og for meg er det også viktig å kome seg ut av komfortsona av og til, prøve noko nytt. Det treng ikkje vere meir enn å endre rutinene ved oppvarminga. Då blir det stress, og det prøver eg å bruke til å teste meg sjølv. Så får ein tole at det går i dass ein giong i blant. Men det er viktig å vere i utvikling.
– Er det verre å gå til topps no enn tidlegare i dine aktive tid?
– Vanskeleg å seie. Vi har alltid sagt at breidda i toppen er større no enn nokonsinne. Men det har alltid vore vanskeleg å nå heilt til topps. Du må ha minst 98 prosent uttelling på alle fire rundane.
– Dine ambisjonar i British Open?
– Om eg gjer det eg skal gjere og får resultat av det, er eg nøgd, då er ikkje plasseringa så viktig.
Solheim Cup
– Kva med resten av sesongen?
– Det er mykje igjen av den. Etter British Open er det Solheim Cup (lagkonkurranse mellom Europa og USA). Der skal vi gjere alt for å slå amerikanarane på amerikansk bane. Men vi har eit ungt, godt og spennande lag av spelarar som møter motstandaren utan respekt.
– Deretter er det turneringar i USA, før vi igjen er tilbake i Europa (Evian Masters) og sesongavsluttar i Asia. Vi er berre halvveges enno, seier Suzann Pettersen.