Hopp til innhold

Fryktar ny kaoshelg i Formel 1: – Problemet vil bli endå større

Dei mange straffene for brot på baneavgrensingane i Austerrikes Grand Prix vart kalla både parodisk og komisk. Men problemet kan bli endå større denne helga, trur Red Bull-sjefen.

Azerbaijan F1 GP Auto Racing

SKEPTISK: Christian Horner, lagsjef i Red Bull, trur ikkje problemet med baneavgrensingane blir mindre i Frankrike.

Foto: Hamad Mohammed / AP

Under Austerrikes Grand Prix braut 16 av dei 20 førarane baneavgrensingane (også kalla «track limits») totalt 43 gonger. Pierre Gasly, Lando Norris, Sebastian Vettel og Guanyu Zhou braut grensene fire gonger kvar og fekk alle fem sekund tidsstraff.

Red Bull-sjef Christian Horner meiner problemet ligg i utforminga til bana fordi ho inviterer førarane til å bruke baneavgrensingane.

Han meiner problemet ikkje er eit forbigåande fenomen, og at det langt frå berre er aktuelt i Austerrike.

– Eg meiner problemet vil bli endå større på Paul Ricard fordi det faktisk er mogleg å tene tid der. Og det er store område med asfalt som inviterer førarane til å køyre utanfor traseen, sa Horner sist veke, ifølgje Motorsport.com.

Paul Ricard

ASFALT: Bana i Le Castellet er prega av store asfalterte område.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / AFP

– Enorme avkøyringsområde

Helgas Frankrike Grand Prix går nemleg av stabelen på Paul Ricard-banen i Le Castellet utanfor Marseille. Banen er flittig brukt som testanlegg for bilar, noko som påverkar både traseen og heile området rundt.

Det betyr at det er enorme avkøyringsområde. Det er i tillegg flatt, som gjer at det kan freiste å utnytte meir av breidda. Det vil freiste endå meir enn det gjorde i Austerrike, seier Henning Isdal, ekspert i Viaplay, til NRK.

Henning Isdal

REDD: Viaplay-ekspert Henning Isdal er redd for korleis baneavgrensinga vil påverke løpet i Frankrike.

Foto: Rune Bendiksen / Viaplay

Isdal meiner det nesten vart komisk med alle tidsstraffene som følgje av brot på baneavgrensingane i Austerrike for to veker sidan.

– Det skal ikkje vere slik at det påverkar resultata i løpa. Eg er redd for Frankrike.

Eksperten meiner likevel ikkje FIA bør fjerne løpet frå kalenderen.

– I Frankrike har Formel 1 hatt eit nomadetilvære, dei har hatt løp på fleire banar, og Paul Ricard er den bana som har gjort at Frankrikes Grand Prix kan haldast oppe. Det er der dei har ressursar, seier Isdal.

Les også Formel 1-banen skaper frustrasjon: – Det er nesten en parodi

Pierre Gasly

Ønskjer høgare vegskuldra

Isdal meiner det er vanskeleg å svare på kva som kan gjerast for å få bukt med problemet. Han er likevel klar på at det er ein ting som kan ha noko å seie for kor mange brot på baneavgrensingane som oppstår.

Det kjem an på konstruksjonen til vegskuldra. Nokon er veldig høge og profilerte, og som det lønner seg å ikkje køyre over. Andre stader er dei ganske flate. Då er det er ikkje noko problem å køyre over dei, og du kan oppnå ein gevinst ved å gjere det.

Han seier at dette er noko Det internasjonale bilsportsforbundet (FIA) må ha fokus på framover.

– Dette er noko FIA må ta med kvar enkel bane. Det er banegodkjenning kvart år. Dei siste åra har det kanskje ikkje vore like mykje fokus på dette som på det tryggingsmessige. Men no må dei sjå nærare på dette, meiner eksperten.

France F1 GP Auto Racing

FLATE: Vegskuldrene, eller «kerbsene», på Paul Ricard-bana er lågare enn andre stader.

Foto: Francois Mori / AP

– Klart definert

Haas-førar Mick Schumacher deler bekymringa for helgas løp. Etter løpet i Austerrike meinte han at arrangøren burde sjå på reglane før løpet i Frankrike, men Formel 1 kjem til å halde seg til dei planlagde grensene, ifølgje Autosport.com.

Mick Schumacher

ØNSKJER ENDRING: Haas-førar Mick Schumacher

Foto: JOHANN GRODER / AFP

– Det ser litt rart ut at ein får ei straff på fem sekund for å vere ein centimeter utanfor traseen, og i dei fleste tilfella tener du ikkje noko på rundetidene, noko som er verre, meiner Schumacher.

Isdal forklarer at reglementet har klare og definitive grenseverdiar for kva som er tillèt. Han meiner det vil vere vanskeleg å lage eit regelverk basert på skjønn.

– Det skjer hendingar på bana, til dømes posisjonskampar mellom førarar, der skjønnet til dommarane bestemmer. Men for andre ting er det veldig klart definert, og slik må det nesten vere.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal