– Vi dominerte første omgang, men greidde det ikkje like godt i andre omgang. Vi blei for unøyaktige. Dei fortente målet, men fekk ikkje det målet vi skulle ha. Men målet vårt var vakkert, sa Solskjær til TV 2 etter kampslutt.
Han fekk spørsmål om kvifor han let Paul Pogba ta straffen som Wolves-keeperen redda, og ikkje Marcus Rashford, som scora på straffe i førre kamp, mot Chelsea.
– Vi har to som tar straffer, dei bestemmer sjølv kven. Nokre gonger går det dessverre ikkje, sa Solskjær, som såg det positive i kampen.
– Vi blir betre og betre, og har fått betre resultat i begge kampane enn i tilsvarande kampar i fjor.
God førsteomgang
Det var Wolverhampton som snudde Solskjærs finfine opning på sin manager-karriere til mareritt-sesongavslutning i vår, med siger i både liga og cup. Og det var dei som øydela i kveld også. Ved alle tre tilfelle var det United som scora først.
Med siger hadde dei leia tabellen. No er dei nummer fire.
Ved pause såg det lyst ut for Ole Gunnar Solskjær og hans mannskap. United hadde hatt godt grep om kampen, sleppte ikkje heimelaget til, og hadde den leiinga som ville gitt dei tabelltopp etter dei to første rundane.
Leiarmålet var avslutninga på eit lekkert angrep som United bygde opp på venstresida, og som enda med at Anthony Martial blei spela fri og sette inn sitt mål nummer 50 for Manchester United.
Marginar på Wolverhamptons side
Men i andre omgang endra det seg, og det på to hendingar der marginane var på Wolverhamptons side.
Først kom utlikninga. Ruben Neves smelte ballen inn frå 20 meter, men João Moutinho var faretruande nær offside. Så nær at dommaren måtte konsultere VAR før han bestemte seg for å godkjenne scoringa.
– Det var ein veldig god kamp av oss. Spesielt i andre omgang gjorde vi ein god jobb, sa målscorar Neves til Sky Sports.
– Vi hadde det vanskeleg før pause, men i andre omgang justerte vi og tok meir risiko, og det gjorde susen, la han til.
Ti minutt etterpå kunne United teke tilbake leiinga. Men Wolves-keeper Rui Patrício redda Paul Pogbas harde, men ikkje altfor vel plasserte skot. Det var Pogbas fjerde straffebom sidan sesongstarten i fjor haust – flest av alle i Premier League.
Dermed enda det 1-1, etter at Wolverhampton heva seg sterkt etter pause. I tillegg til utlikninga oig strafferedninga, hadde også heimelaget eit stolpetreff tidleg i omgangen.
Dette er scoringane, først Uniteds 1-0-mål:
Så utlikninga: