Hopp til innhold

Støtter kjærasten i betent konflikt: – Ein kaotisk situasjon

Noregs Ingrid Syrstad Engen (25) har fått kjenne konflikten i Spania på nært hald gjennom den spanske kjærasten sin Mapi Leon.

Ingrid Syrstad Engen og kjæresten.

VISER STØTTE: Ingrid Syrstad Engen viser støtte til den spanske kjærasten sin Mapi Leon og resten av det spanske laget.

Foto: NTB

Det er jo ein kaotisk situasjon for dei spanske spelarane. Alle saman har eigentleg vorte sett i ein vanskeleg situasjon.

Det seier Ingrid Syrstad Engen til NRK. For sidan spanjolane tok VM-gull i sommar har det vore kaos rundt både laget og det spanske forbundet.

Bråket vart for alvor utløyst då dåverande fotballpresident Luis Rubiales kyssa Jennifer Hermoso på munnen under VMs medaljeseremoni.

I etterkant av skandalen har heile vinnarlaget sagt at dei vil boikotte Spanias neste landskampar under den noverande leiinga.

  • Ingrid Syrstad Engen og Noreg møter Austerrike i nasjonsligaen kl. 19.00 – kampen blir send på NRK TV og NRK Sport.

BAKGRUNNEN: Dette kysset førte til slutt til at Rubiales trekkjer seg som fotballpresident.

Korleis har det vore for deg å følgje denne konflikten?

Ja, ein føler med dei. Ein ser jo kor tøft det er å stå i ein sånn situasjon. Det viktigaste er å gi dei all støtta dei treng og det har eigentleg heile verda gjort.

Det har vore veldig gledeleg å sjå kor mange som engasjerer seg, som det også bør vere i ei sånn sak, sjølvsagt. Eg trur dei treng all støtte dei kan få, seier Syrstad Engen, som både er kjærast og lagvenninne med Spania-spelar Mapi Leon.

Spain Soccer Rubiales

HAR SNUDD: På ei ekstraordinær generalforsamling 25. august gjentok Rubiales at han ikkje kom til å trekkje seg. Det har han no gjort.

Foto: RFEF / AP

Takka nei til nasjonsligakampar

Leon var likevel ikkje i årets VM-tropp på grunn av misnøye med det spanske forbundet.

Ho er heller ikkje med under dei kommande nasjonsligakampane mot Sverige og Sveits, som ein av to spelarar har ho valt å ikkje vere ein del av troppen.

– Dette er ein prosess og endringar skjer. Vi er glade for at det er gode intensjonar, men vi treng tid. Vi støttar kollegaene våre, slik vi har gjort fram til no på avstand, sa Mapi León ifølgje den spanske storavisa Marca.

Mapi Leon og Patri Guijarro snakker med pressen etter å ha valgt å stå over kamper.

VALDE Å STÅ OVER: Mapi Leon og Patri Guijarro snakkar med pressa om valde om å stå over nasjonsliga-spel.

Foto: AFP

Syrstad Engen, som opplever konflikten på nært hald gjennom kjærasten, prøver å stille opp på best mogleg måte.

– Det er klart ein lever tett på det. Sånn er det liksom. Ein opplever det og prøver å støtte oppunder så godt som mogleg.

– Det er normalt at ein støttar den ein er med og lagvenninnene sine, seier ho.

Har lova endringar

Tre veker etter skandalekysset trekte Rubiales seg som fotballpresident. På bakgrunn av at Hermoso har sagt at det omstridde kysset med Rubiales ikkje var frivillig, har den spanske påtalemakta også opna sak om mogleg seksuelt overgrep.

WWCup Japan Spain Soccer

HAR MELDT: Den spanske landslagsspelaren Jennifer Hermoso.

Foto: John Cowpland / AP

Fotballforbundet, som på si side har fått mykje kritikk for handteringa si av saka, har lova endringar og onsdag fekk generalsekretæren sparken.

No ser det ut til at dei har komme til ein type av semje, men ting har vorte gjort på feil måte. Eg håpar berre at no går det oppover, seier Syrstad Engen vidare.

– Kva meiner du bør skje i den grad du kan, eller vil seie noko, om det i den betente konflikten?

– Nei, dei må høyre på spelarane sine. Det er vel det handlar om.

– Det er jo ein stor konflikt med veldig mange ulike hendingar. Her har dei kjempa for endringar i heile systemet. Også har du situasjonar som har skjedd som er heilt uakseptabelt, så her er det fleire ting som ikkje skal skje.

– Systematisk diskriminert i fleire tiår

For Spania er det bortekamp mot Sverige fredag kveld. På pressekonferansen dagen før kampen gjorde Alexia Putellas lite for å dempe den skarpe tonen.

– Kvinnelandslaget har vorte systematisk diskriminert i fleire tiår, sa ho.

8-1AtXSwrKI

STJERNE: Alexia Putellas.

Foto: AFP

Putellas har vunne Gullballen to gonger og er blant dei beste spelarane i verda. Ho får støtte av lagvenninne Irene Paredes.

– Det einaste vi ønskjer, er å spele fotball med verdigheit og respekt. Det har ikkje vore mogleg inntil no.

Siste nytt

  • Skiskytter testet positivt for korona - forlater samling

    Marthe Kråkstad Johansen har testet positivt for covid-19 og forlater landslagssamlingen. Hun går dermed ikke verdenscuprenn i Lenzerheide den kommende helgen.

    Det opplyser Norges Skiskytterforbund i en pressemelding mandag ettermiddag.

    – Det er selvsagt veldig kjedelig, og vi skulle gjerne hatt henne med videre til Lenzerheide, sier Per Arne Botnan, sportssjef i skiskytterforbundet.

    Johansen erstattes av Førde IL-løperen Karoline Erdal.

    – Karoline leder IBU Cup for kvinnene og har prestert veldig bra så langt i sesongen. Vi ser frem til å ønske henne velkommen inn i troppen og ønsker samtidig Marthe god bedring så lenge, sier Botnan.

    Juni Arnekleiv, Karoline Knotten, Marit Ishol Skogan, Emilie Kalkenberg og Ingrid Landmatark Tandrevold er de andre kvinnene som skal i aksjon i Lenzerheide den kommende helgen.

    Marthe Kråkstad Johansen
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Nadal møter Alacraz i Netflix-sendt showkamp

    Tennisveteranen Rafael Nadal (37) møter landsmann og verdenstoer Carlos Alcaraz (20) i showkampen «The Netflix Slam» i Las Vegas 3. mars neste år.

    Det annonserte strømmetjenesten selv mandag.

    Det tyder på at Nadal forventer å være kvitt skadeproblematikken inn mot den kommende sesongen. Spanjolen har vært ute av spill siden årets Australian Open.

    I starten av desember kunngjorde Nadal at han skal returnere til tennisbanen i en oppkjøringsturnering til Australian Open i januar.

    Netflix har satset hardt på sportsdokumentarer de senere årene etter suksessen de hadde med «Drive to Survive», som fulgte Formel 1-sirkuset. Serien «Break Point» følger ulike figurer i tennisverdenen gjennom en sesong. (NTB)

    Rafael Nadal
    Foto: Asanka Brendon Ratnayake / AP
  • Emil Iversen vraket til prøve-VM

    Mandag offentliggjorde Norges Skiforbund hvilke løpere som får gå prøve-VM i Trondheim den kommende helgen. Emil Iversen er ikke med.

    Iversen ble vurdert som ikke god nok til en plass blant de 12 norske herrene som får gå 10 km klassisk under prøve-VM i Trondheim kommende helg. Det bekrefter landslagstrener Eirik Myhr Nossum overfor NRK.

    – Det var tett, men andre utøvere ble rangert foran, sier Nossum.

    Dette til tross for at Iversen ble nummer tre på distansen i den nasjonale åpningen på Beitostølen og nummer fire i norgescupen på Gålå.

    Inne på laget er derimot Henrik Dønnestad og Mikael Gunnulfsen, som sto på seierspallen sammen med Johannes Høsflot Klæbo på Gålå. Nossum har også tatt ut Amund August Korseth, som endte på plassen bak Iversen på Gålå. Landslagstreneren forklarer dette valget med alderen. Korseth er født i 2000 og er dermed ni år yngre enn femmilsverdensmesteren fra 2021.

    – Iversen hadde forståelse for det, og gleder seg til å gå tre renn i Skandinavisk Cup i Vuokatti, sier Nossum.

    Heller ikke regjerende verdenscupvinner Tiril Udnes Weng stiller til start i Trondheim. Hun har slitt med sykdom og har ennå ikke konkurrert denne sesongen.

    Totalt er 42 løpere, fordelt på 20 kvinner og 22 menn, tatt ut til den NRK-sendte helgen i Trondheim. Prøve-VM til det kommende verdensmesterskapet i Trondheim i 2025 starter med sprint fredag, etterfulgt av skiathlon og klassisk lørdag og søndag.

    – Vi ser frem til en spennende verdenscup og prøve-VM på hjemmebane i nye Granåsen Skianlegg i Trondheim med mange, gode norske løpere på start til helgen, sier landslagssjef Ulf Morten Aune i Skiforbundet.

    Emil Iversen
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal