Hopp til innhold

Stortalentet blir rosa for ekstremt val – går motsett veg av konkurrenten

Markus Rooth (20) smadra nyleg EM-kravet og sette norsk rekord i tikamp. Han er nær å kunne få oppfylt VM-draumen på første forsøk, men det er uaktuelt for han å reise til USA. Sander Aae Skotheim (19) klarer ikkje å motstå freistinga.

Rooth, Skotheim, Thorkildsen

MEDIETRENING: Spydtrenar Andreas Thorkildsen (midten) viser Sander Aae Skotheim (t.v.) og Markus Rooth korleis ein stiller opp når det skal takast pressebilete.

Foto: Hanne Skjelum / NRK

– Det høyrest kanskje litt kraftig ut, men eg er såpass kynisk at eg tenkjer at eg vil gjere det bra i EM. Eg er framleis 20 år og har endå eit juniormeisterskap igjen neste år. Det å ta det litt gradvis og ikkje stresse seniormeisterskapane, er bra for meg, seier Rooth til NRK.

Då NRK møter klubbkameratane og konkurrentane Markus Rooth og Sander Aae Skotheim (19) på eit solfylt Bislett stadion, har kroppen byrja å kvikne til etter nokre rolege dagar etter heimkomsten frå italienske Grosetto.

Multistars-stemnet vart ein braksuksess for Tjalve-gutane, som begge gjekk høgare enn den norske rekorden til Martin Roe på 8228 poeng. Men ti konkurransar på to dagar kjennest på kroppen. Derfor er høgdepunktet i sommar i Eugene i USA berre aktuelt for éin av dei.

– Eg ser på det å gjere eit bra EM som viktigare enn å stresse og dra til USA, som potensielt kan øydeleggje for EM, seier Rooth, som har teke valet saman med trenarpappa Espen Rooth.

Skotheim sette norsk rekord med 8298 poeng då han sprang i mål på den avsluttande 1500-meteren. Den beheldt han i 3,97 sekund. Rooth enda på 8307, berre 43 poeng bak VM-kravet. Han gjer ingen fleire forsøk på å komme seg til verdsmeisterskapen, sjølv om han ville hatt gode sjansar til å kvalifisere seg via ranking. Neste konkurranse blir EM om tre månader.

Sander Skotheim og Markus Rooth

SLITEN OG FORNØGD: Sander Skotheim (f.v.) og Markus Rooth etter å ha teke EM-kravet i Italia.

No ventar fire–fem veker med grunntrening og ti veker med konkurranseførebuande opplading. EM har heile tida vore målet for sesongen, og Rooth ser ingen grunn til å gjere nokre endringar på planane fordi det har gått betre enn venta.

For ein utøvar som synest det aller kjekkaste er å kjempe om medaljane, veit han at årets meisterskap byr på ei gyllen moglegheit. For vanlegvis blir ikkje arrangert VM og EM same år.

Mogleg mannefall

Berre 22 dagar skil tikampen i meisterskapane. Det kan føre til at fleire av topputøvarane nedprioriterer EM. Berre tre europearar leverte ein høgare poengsum enn 8307 i Tokyo-OL i fjor. Mayer og russiske Ilja Sjkurenjov er blant dei. Sistnemnde får uansett ikkje delta på grunn av krigen i Ukraina.

Tokyo Olympics Athletes and Flags Photo Gallery

VETERAN: Kevin Mayer har sølv frå OL i Tokyo og Rio de Janeiro, og dessutan EM i 2014. Han vart verdsmeister i London i 2017. Franskmannen sette verdsrekord med 9126 poeng i 2018, men fullførte ikkje ein einaste tikamp i 2019 etter at han måtte trekkje seg under VM i Doha.

Foto: Matthias Schrader / AP

Rooths poengsum frå Multistars-stemnet i Grosetto ville for ordens skyld halde til bronse i EM i 2018 og gull i 2016.

Skotheim på si side vil gå for VM-kravet under NM på Hamar 21. og 22. mai. Dersom han lykkast, satsar han mot begge meisterskapane.

– Eg synest det er litt kult at han tør å vere så offensiv med tanke på EM, men eg hadde ikkje klart å takke nei til VM. Han skal ha creds for det, seier Sander Aae Skotheim til NRK.

Han vel dermed å gå motsett veg av klubbkameraten.

– Eg har lyst å gjere eit forsøk på å komme til VM, anten ved å klare kravet eller å ta meg inn på ranking, seier Skotheim til NRK.

– Må gi det eit forsøk

Viss han ikkje klarer VM-kravet på 8350 poeng, vil han framleis ha gode moglegheiter om han leverer endå ein god mangekamp og legg seg høgt på verdsrankinga. 19-åringen reknar sjansane som brukbare for at han gjennomfører juli i USA.

– Eg tenkjer sjølv at VM hadde vore sinnssjukt kult og det har alltid vore ein draum. Eg tenkjer at eg må gi det eit forsøk, seier Skotheim.

19-åringen ligg dermed an til å kunne gå fire mangekampar i 2022: Multitars, NM, VM og EM. Andreas Thorkildsen omtaler det som ekstremt. Dei fleste går to til tre.

Rooth, Skotheim, Thorkildsen

MEDIETRENING: Spydtrener Andreas Thorkildsen (midten) viser Sander Aae Skotheim (t.v.) og Markus Rooth hvordan man stiller opp når det skal tas pressebilder.

Foto: Hanne Skjelum / NRK

Friidrettsveteranen meiner det ikkje er så farleg korleis dei prioriterer i 2022, så lenge vala er gjennomtenkte. Han har følgt dei sidan dei starta på Wang vidaregåande som 16-åringar og meiner det ligg til rette for at det kan bli mange meisterskapar på talenta. Korttidsperspektivet kallar han relativt uinteressant.

– Dei får gjere sine val. Det er ikkje store forskjellen, så lenge ingen av vala blir dumme. Det handlar først om at når ein går for ein av dei, så må ein ikkje prøve og gjere alt, seier Thorkildsen.

Skrur ned forventningane

– Sannsynet er stor for at verken Sander eller Markus vil ha sitt beste år i år. Dei er verken medaljekandidatar i VM eller EM i år, men eg ser for meg at dei blir det, seier Thorkildsen.

OL-gullvinnaren frå Aten i 2004 og Beijing i 2008 skal bidra til at dei hevar nivået på spydkastarane, der begge ligg rundt 62 meter. Han vil ha dei opp mellom 65 og 70 på sikt – eit lite symjebasseng frå sin eigen personlege rekord på 91,59 meter.

– Dei er nokre prosent unna der dei skal vere, smiler Thorkildsen, som framleis trur han ville vore i stand til å slå dei i favorittøvinga – men ikkje utan ein stor dose smertestillande i bakkant.

PS! Ti norske utøvarar har klart VM-krava i friidrett: Karoline Bjerkeli Grøvdal (1500, 5000 og 10.000 meter), Amalie Iuel (400 mhk), Line Kloster (400 mhk), Jakob Ingebrigtsen (1500 og 5000 meter), Filip Ingebrigtsen (1500 meter), Sondre Nordstad Moen (maraton), Karsten Warholm (400 mhk), Pål Haugen Lillefosse (stav), Sondre Guttormsen (stav) og Eivind Henriksen (sleggje).

Siste nytt

  • Kolstad fikk det tøft og tapte klart for Zagreb i mesterligaen

    Kolstad tapte med klare 20-31 borte mot Zagreb i mesterligaen håndball. En elendig avslutning av 1. omgang ødela.

    Kolstad var i føringen innledningsvis og ledet etter vel halvspilt første omgang på 9-10, men så klarte hjemmelaget å gjøre åtte mål til 17-10 uten at Kolstad klarte å score et eneste mål de siste tolv og ett halvt minutt av 1. omgang.

    Zagreb fortsatte å dominere også etter hvilen, og Kolstads første mål i 2. omgang kom etter fire minutter på 19-10.

    Islendingen Sigvaldi Gudjonsson var det eneste lyspunktet hos Kolstad. Kantspilleren stoppet på elleve mål.

    (©NTB)

    Håndball: Avkast for REMA 1000-ligaen 2023/24
    Foto: Javad Parsa / NTB
  • Valijeva-høringen utsatt til november

    CAS-høringen i dopingsaken til kunstløper Kamila Valijeva ble torsdag satt på pause. Den gjenopptas 9. november.

    Det opplyser Idrettens voldgiftsrett (CAS) i en melding på sitt nettsted.

    Etter at partene hadde lagt fram sine saker i løpet av tre dager, ba voldgiftspanelet om ytterligere dokumentasjon. Partene vil få tid til å fremskaffe dette, og det er berammet to nye høringsdager i Lausanne 9. og 10. november.

    Det vil trolig ytterligere forsinke den endelige avgjørelsen i saken, ettersom dommerne vil ha tid til å fatte sin avgjørelse og skrive begrunnelsen.

    Valijeva avga en positiv dopingprøve i desember 2021. Hun rakk å vinne laggull i Beijing-OL med ROC-laget før den positive prøven ble kjent. Seiersseremoni og fordeling av medaljer i den øvelsen er ennå ikke foretatt.

    Valijeva krever selv at hun ikke skal bli straffet for den positive prøven.

    FILE PHOTO: Figure Skating - Team Event - Women Single Skating - Free Skating
    Foto: ALEKSANDRA SZMIGIEL / Reuters
  • Tiller nær seier i Belgia

    Uno-X gjorde en sterk prestasjon i det belgiske endagsrittet Circuit-Franco Belge torsdag.

    Rasmus Fossum Tiller kjempet om seieren, men klarte ikke å angripe Arnaud De Lie de siste meterne før mål.

    Corbin Strong ble nummer tre, mens Tillers lagkamerat Tobias Halland Johannessen tok fjerdeplassen.

    Rittet er et Pro-ritt, nivået under WorldTour.

    Uno-X kjemper i øyeblikket om tredjeplassen blant ProTeamene. Det vil gi automatisk invitasjon til alle endagsrittene på WorldTouren neste sesong.

    Tour de France
    Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste