Sydney-Hobart-seglasen har blitt ein juletradisjon i Australia, minst like stor som Boxing Day-fotballen i England.
Starten går alltid 2. juledag klokka 12.00. Seglasen går frå Sydney hamn, nedover Tasman-sjøen langs søraustkysten av Australia, over det lunefulle Bass-stredet og med mål i byen Hobart på søraustkysten av øya Tasmania.
Då har båtane tilbakelagt 628 nautiske mil – 1163 kilometer. Ei strekning og ein seglas som er blant dei aller tøffaste, og som har kravd menneskeliv.
Tragedien i 1998
Bass-stredet er utfordringa. Her er vind og straum sterk og uviss, og det er der det ofte blir dramatisk.
Verst var det i 1998, då seglasen utvikla seg til ein tragedie. Vindkasta nådde orkans styrke, og bølgjene var enorme. Fem båtar sokk og seks menneske drukna. 55 personar måtte reddast med helikopter. Berre 44 av 115 startande båtar kom seg fram til Hobart.
35 fly og helikopter, og 27 militære farty, deltok i redningsaksjonen.
Omfanget av dramaet var så stort at det vart nedsett ei nasjonal gransking etterpå. Den konkluderte med at arrangørane hadde vore for passive før og i starten av seglasen, mellom anna ved å ikkje informere deltakarane om dramatisk verre vervarsel som kom rett før start. Dei agerte meir som publikum enn som styrande for seglasen, slo leiaren for granskingsnemnda fast.
Han gav arrangøren likevel skryt for å ha reagert raskt og med stor tyngde då katastrofen først tok til.
Mista kjølen og kvelva
Etter katastrofe-seglasen for 17 år sidan kom det også nye reglar med krav om alder, erfaring og kunnskap for deltakarane.
Også i 2004 vart båtane møtte av storm. Den store yachten «Skandia» mista kjølen og gjekk rundt. Heldigvis var det ingen som mista livet den gongen, men 57 av 116 båtar måtte gi opp.
Sterk vind er det venta i år også, men ikkje i orkan-klassen.
– Stormen blir nok ikkje av dei sterkaste, men det vil bli vanskeleg. Bølgjene blir høge og krappe, og det kan bli ein hendelsesrik første kveld, seier meteorolog Michael Loganhe. Han varslar regn og torever, og vind med opptil 45 knops styrke.
– Heller det enn vindstille, parerer Stan Honey. Han er navigatør på Comanche, som er ein av dei fremste utfordrarane til «Wild Oats XI», som har vunne åtte gonger, seinast i fjor.
Rekorden på distansen er eitt døgn, 18 timar, 40 minutt og 10 sekund – altså over 42 timar. Den tilhøyrer «Wild Oats XI» og er frå 2005. Målet for dei største og raskaste båtane er å kome under 40 timar.