I den tredje sluttspelskampen mellom Storhamar og Sparta Sarpsborg fekk Martin Blakseth Hauge hjernerysting, etter å ha blitt takla hardt av Victor Panelin-Borg.
Etter kampen anmeldte Storhamar spelaren til disiplinærutvalet i Ishockeyforbundet.
Lang klagetid
Den klaga blei ikkje ferdig handsama før den neste sluttspelskampen mellom laga torsdag, noko som betyr at Panelin-Borg fekk spele den. Det reagerer Storhamar-manager Mathias Saxrud på:
– Det blir heilt feil. Me er ikkje ute etter å få ut spelarar frå laget deira, men dette handlar om rettferd.
Leiar av disiplinærutvalet, Snorre Haukali, forstår frustrasjonen, men meiner at god saksbehandling trumfar det.
– Eg er oppgidd over at dei bryr seg meir om prosess enn realitet. Det tek meir enn tre minutt å avgjere ei slik sak, seier Haukali.
Klubbane har nøkkelen
Dommen frå disiplinærutvalet slår fast at Panelin-Borg blir utestengt i tre kampar. Det har ikkje Sparta-trenar Lenny Eriksson noko å sei på.
– Det er berre å ta det med seg og halde kjeft, seier Eriksson til NRK.
Saxrud i Storhamar meiner at det i slike situasjonar bør takast ei avgjerd mykje raskare, slik at det blir gjeldande til neste kamp.
– Norge ligg alt for langt bak her. Nokon må sette seg ned for å unngå at slikt skjer i framtida, for dette blir ikkje riktig, meiner Saxrud.
Haukali på si side seier at det er klubbane sjølve som kan gjere noko med problemet.
– Det einaste som kan korte ned behandlingstida er om klubbane får kortare frister til å komme med sine tilsvar, seier han.
Det er ikkje Eriksson i Sparta framand for, men er tydeleg på kvar ansvaret ligg.
– Alle er interesserte i å få kortare behandlingstid, so lenge det er likt for alle. Men ansvaret for å få det til ligg hjå ishockeyforbundet.