– Det er merkeleg og rart at han ikkje stiller på pressekonferansen, seier Michael Hayboeck.
Saman med lagkompis Stefan Kraft og Noregs største håp Daniel-André Tande, har han akkurat gått ned frå podiet i rådhuset i Oberstdorf.
Dei er tre av dei største favorittane, men pressa fekk ikkje møte den kanskje aller største.
– Gjev merkelege intervju
– Eg har lest i aviser i Austerrike, at Domen (Prevc, journ.merk) gjer litt merkelege intervju. Eg veit ikkje om det er det, han er jo ung. Eg er her og tapar ikkje energi på det. For meg er dette ein viktig del av Hoppveka, seier Hayboeck som vann det eit av verdscuprenna i Engelberg før hoppveka.
– Dei har skjerma broren Peter før også. Dei er nok litt nervøse, meiner tidlegare hoppvekevinnar Stefan Kraft.
For den 17-år gamle verdscupleiaren, som er veslebror til den regjerande meistaren Peter Prevc, fekk ikkje stille på pressekonferansen med dei største stjernene kvelden før det brakar laus.
Forbundet seier til NRK at han blir skjerma fordi dei vil gje han ro og at han er såpass ung. Derfor kjem storfavoritten ikkje til å stille på intervju utanfor mixed-sone.
Tande: – Fordel for meg
Landslagstrenar, Alexander Stöckl, ville ikkje gjort det same.
– Det spørst om det er bra eller ikkje. Det kan hende at dei legg ekstra press på han når han slepp unna pressekonferansen. Da verkar han som ein storfavoritt, seier Stöckl.
Vårt store samanlagthåp, Daniel-André Tande ser på fråvêret som fordel for han i kampen om det gjeve hoppveketrofeet.
– Det viser jo kanskje at eg har ein fordel på den fronten da. Det er vanskeleg og seie, men eg vel å tolke det som at han ikkje er klar for det presset, seier Tande med eit smil.
Han ser heller ikkje på veslebror Prevc som har vunne fire renn til nå i sesongen som ein soleklar favoritt.
– Nei, det vil eg ikkje seie. Han har aldri stått i den posisjonen han har nå i ein så stor turnering. Han var med i fjor, men hoppa ikkje i nærleiken av det han gjer nå.
Difor forstår Tande trekket til det slovenske forbundet.
– Han er berre 17-år gamal. Det kan jo bli mykje forskjellig og store inntrykk for ein liten kar, som kan vippe han av pinnen. Det kan jo vere smart av systemet og skjerme han også.
Kvalifiseringa til det fyrste rennet i hoppveka ser du frå 16.30 på NRK1 i dag.