Hopp til innhold

Storebror spår gullrisiko i finalen: – Der Jakob potensielt kan brenne seg

Det er fleire grunnar til at Henrik Ingebrigtsen er optimistisk på vegner av veslebroren før 5000-meterfinalen, men han trur Jakob Ingebrigtsen er villig til å ta høg risiko for eit VM-gull.

Henrik og Jakob Ingebrigtsen

STØTTE: Storebror Henrik Ingebrigtsen bråbestemte seg for å bli med til VM som ein ekstra støttespelar for Jakob Ingebrigtsen.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Sjansane for at han går på ein smell er tilnærma null, sånn eg har sett han dei siste vekene og i forsøket. Dei skal springe «jækli» fort om han skal gå på ein smell, fastslår Henrik Ingebrigtsen.

For Jakob Ingebrigtsen showa seg lett til finalen på 5000-meteren, og storebroren, som er med til Eugene som den næraste støttespelaren til løpestjerna, trur det vil sjå endå betre ut natt til måndag norsk tid.

Men i den intense jakta på eit VM-gull, ligg det også ein risiko, meiner Henrik Ingebrigtsen

Han kjem til å gjere alt han kan for å ta gull. Det er der han potensielt kan brenne seg. Sikrar han bronsen, så tek han nok bronse. Sikrar han inn til sølv, så tek han sølv. Men du må risikere alt for å ta gull. Det trur eg Jakob er villig til å gjere.

Verdensmesterskapet i friidrett 2022

SHOWA: Jakob Ingebrigtsen hadde fått tilbake humøret på oppløpet av 5000-meterforsøket.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Berre det beste godt nok

Jakob Ingebrigtsen sjølv gav eit kort svar då NRK spurde han om finalesjansane etter forsøket:

Eg får gjere det eg kan, og viss det er noko anna enn det beste, så er det ikkje bra nok.

Før VM-start fortalde gullhåpet at han eigentleg kjenner seg som betre på 5000- enn 1500-meter, fordi det er mindre slump. Henrik Ingebrigtsen fryktar eigentleg ingen i det knallsterke finalefeltet.

Henrik og Jakob Ingebrigtsen

TEAM: Henrik og Jakob Ingebrigtsen før forsøket på 5000 meter.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Det blir vanvitig spennande og eg lurer på kva slags taktikk dei skal ha for å ta Jakob, for der (på 5000 meter) skal han berre reagere på det dei gjer, påpeikar han.

NRK-kommentator Jann Post trur heller ikkje at nordmannen blir distansert.

Den einaste moglegheita dei andre har der, er om dei samarbeider og køyrer knallhardt frå start, og ikkje tek ein pauserunde undervegs, som det ofte blir. Då kan dei utnytte at han har hatt ein lang meisterskap, meiner Post.

– Men ingen trur at det skjer, legg han til.

– Mental påkjenning

21-åringen har allereie fire løp i beina, men det er ifølgje storebror ikkje der utfordringa eventuelt ligg.

Det verste med å springe så mange løp som Jakob gjer, er kvar gong du går igjennom rytmen med forsøk, semi og finale. Kvar gong du startar oppvarminga så er det ei mental påkjenning. Men sånn er det i meisterskap, og det er likt for alle.

Henrik og Jakob Ingebrigtsen

TETT OPPFØLGING: Henrik Ingebrigtsen var raskt ute med positive ord etter VM-sølvet på 1500 meter.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Er det nokon med betre fysiske føresetnader?

Det er vanskeleg å seie. Men eg veit at Jakob er i form, og det kan eg ikkje seie om det andre, svarer Henrik Ingebrigtsen med eit flir.

Post kjem også med eit råd.

– Han er ein av dei som kan avslutte raskast på ein sisterunde, og det dreier seg ofte om å ha igjen mest krefter då. Det er eit par mann med meir erfaring på langdistanse enn Jakob, så det gjeld å posisjonere seg rett og ikkje dra til for tidleg.

Nettopp det skjedde i Doha for tre år sidan, då Ingebrigtsen rykte med ein runde igjen og vart nummer fem.

– Eg trur han lærte mykje av det og at han veit nøyaktig kva han skal gjere no. Joshua Cheptegei eller Selemon Barega kan vere sterkare, men då er det berre sånn i så fall. Eg trur dette blir eit av dei mest spennande løpa med ein norsk løpar involvert i dette VM-et, med ein svært intens sisterunde, spår Jann Post.

  • Sjå finale 5000 meter frå VM på NRK1 natt til måndag kl. 03.05

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal