Stor OL-sponsor vil ligge lågt
Toyota, som er ein av dei store OL-sponsorane, kjem ikkje til å vise OL-relaterte reklamefilmar under leikane i Tokyo. Ingen av leiarane frå verdas største blifabrikk vil heller ikkje vere til stades under leikane, opplyser bilkonsernets talsperson til nyheitsbyrået AFP.
Mindre en 1000 VIP-ar blir til stades under opningsseremonien.
Bakgrunnen er den store skepsisen til OL i Japan, som også er heimlandet til Toyota.
– Dette har blitt til eit arangement som folk ikkje forstår, seier Jun Nagata i Toyota-leiinga.
Ei meiningsmåling i avisa Asahin Shimbun viser at fire dagar før OL skal opne, meiner framleis 55 prosent av dei spurde at leikane ikkje bør haldast i sommar. 33 prosent meiner dei bør gå som planlagt.