Federer kan bli den første sidan Mats Wilander i 1988 til å vinne tre grand slam-turneringar på eitt år, og leia 6-3, 2-6, 7-5 då kampen måtte brytast.
34 år gamle Agassi fekk heimepublikum i ekstase med storspel i andre sett. Men han kunne ikkje følgje opp i tredje.
I ein annan avbroten kvartfinale leier Tim Henman 6-1, 7-5, 4-5 over Dominik Hrbaty. Kampane held fram i kveld.
Til semifinalen
I kvinneklassen er tidlegare meister Lindsay Davenport og niande-rangerte Svetlana Kuznetsova klare for semifinalen.
Davenport brukte berre 45 minutt på å slå Shinobu Asagoe 6-1 og 6-1.
Kuznetsova fekk det vanskelegare mot Nadia Petrova, som slo Justine Henin-Hardenne i runden før.
Petrova leia tidleg 2-0 i første sett og heldt Kuznetsova til tiebreak, men tapte 6-7. I andre sett vann ho derimot klart med 6-3. Kuznetsova og Davenport skal møtest i semifinalen.