Østigård utlånt til Stoke
Leo Østigård er klar for eit nytt utlån til meisterskapsserien. Han forlengjer kontrakten med Brighton og blir lånt ut til den tradisjonsrike klubben Stoke.
Brighton skriv på nettstaden sin at dei forlengjer avtalen med nordmannen med eitt år og sender han på utlån til Stoke.
Sjølv om Brighton selde midtstoppar Ben White til Arsenal, og Østigård imponerte i treningskampar i sommar, blir det ikkje spel i Premier League med det første for 21-åringen.
Midtstopparen imponerte òg på lån i Coventry i meisterskapsserien i fjor.