Hopp til innhold

Stöckl om dei norske hopparane: – Aldri opplevd liknande

Fem norske hopparar har levert sin beste sesong nokon gong. Med fullklaff i Planica kan Norge fylle halve topp-ti lista i verdscupen samanlagt. Det har aldri skjedd før.

SKI JUMPING-WORLD/ First placed team of Norway Gangnes, Forfang, Tande and Fannemel pose with their medals during the award ceremony for the team event of the Ski Flying World Championships at Kulm hill in Bad Mitterndorf,

GULLGUTANE: Det norske laget med Kenneth Gangnes, Daniel André Tande, Johann André Forfang og Anders Fannemel kunne feira gull i lagkonkurransen i skiflygings-VM i Kulm.

Foto: HEINZ-PETER BADER / Reuters

– Eg har aldri opplevd liknande. At så mange frå same nasjon gjer det så bra i same sesong er unikt, seier landslagstrenar Alexander Stöckl.

Kenneth Gangnes, Johann André Forfang, Daniel André Tande, Andreas Stjernen og Joachim Hauer har alle levert sin beste sesong nokon gong. Dei tre førstnemnde har tatt verdscupsigrar, medan Stjernen og Hauer har klatra opp på pallen.

– Vi har jobba målretta med å utvikla teknikken, fysikken og utstyret, men det er overraskande at det har klaffa for alle. Den største utfordringa no blir å attskapa det til neste sesong, seier Stöckl.

Håpar på topp ti

Før avslutningsrenna i Planica ligg Gangnes på tredje-, Forfang på femte- og Tande på sjuandeplass i verdscupen samanlagt (sjå topp 10 lista nedst). Men med fullklaff i Planica kan det bli fem nordmenn blant dei ti beste.

– Det har aldri før vore fleire enn tre nordmenn topp ti samanlagt, så laginnsatsen har vore utruleg denne sesongen, seier tidlegare hoppkommentator, Arne Scheie.

Anders Fannemel

KLAR FOR FIGHT: – Det vert ein tøff fight med Koudelka. Han har vore god i det siste, men eg slo han i helga, seier Anders Fannemel om kampen for å bli topp ti i verdscupen samanlagt.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Anders Fannemel har ikkje levd opp til fjorårssesongen, men ligg likevel på 11.-plass samanlagt. Opp til Roman Koudelka på tiande er det berre 13 poeng, medan han er 39 poeng frå niandeplassen. Andreas Stjernen har 73 poeng til 9.-plass og 47 poeng opp til 10.-plass.

– Etter at det siste rennet i helga vart avlyst, kom Koudelka bort til oss og sa at no er det fordel oss. Våre gutar er betre i skyflyging enn han, seier Stöckl.

– Fem blant dei ti er mogeleg. Det hadde vore ein vanvitig prestasjon, og Koudelka veit at våre beste skiflygarar pustar han i nakken, seier NRKs hoppekspert, Johan Remen Evensen.

Usikkert Stöckl blir med

Gangnes, Forfang, Tande og Fannemel har alle vunne ein verdscupsiger kvar denne sesongen, i tillegg til det overlegne VM-gullet i skiflyging. Suverene Peter Prevc har stått på toppen av pallen heile 13 gonger i verdscupen. Det har berre Gregor Schlierenzauer klart tidlegare.

– Dei norske hopparane har vore stabile i toppen, men dei har ikkje vunne så mange renn denne sesongen. Det er synd, seier Scheie.

Alexander Stöckl

NØGD: Alexander Stöckl har aldri opplevd at så mange hopparar frå same nasjon har hatt ein så stor opptur i ein og same sesong.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Sesongen vert avslutta med tre individuelle renn og ein lagkonkurranse. Der må dei norske hopparane kanskje klara seg utan landslagstrenar Stöckl. Han skal bli pappa i løpet av månaden og har ikkje bestemt seg for om han reiser til Slovenia.

– Eg tar avgjerda tysdags kveld. Fram til no har det ikkje skjedd noko på den fronten, om det skjer ting blir eg heime. Det er renn i Planica kvart år, ein fødsel skjer berre ein gong, seier Stöckl.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal