– Sverige sitt nei aukar sjansane for OL i Oslo

Stockholm kjem ikkje til å søkja om OL i 2022 – det bestemte det svenske regjeringspartiet Moderaterna fredag.

OL 2022

Stockholm seier nei til OL 2022. Det betrar utvilsamt sjansane for eit OL i Oslo. Her frå tremila i Holmenkollen 2013.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Me har sett på moglegheitene for å søkja så langt det lét seg gjera, men me må diverre seia nei. Den økonomiske kalkylen er for usikker, sa Moderaterna-politiker Sten Nordin til SVT.

Eli Grimsby, direktør for Oslo 2022, er overtydd om at svenskane sitt nei betrar sjansane for eit OL i Noreg.

– Stockholm kunne ha vorte ein verdig konkurrent. Dette aukar våre sjansar, seier ho og legg til:

– Det vert tydelegare at Norden har éin kandidat.

Urimelege kostnadar

I dag vart det klart at partiet Moderaterna i Stadshuset seier nei til vinter-OL i Stockholm i 2022. Dermed har alle dei borgarlege partia og Vänsterpartiet gjeve tommelen ned for å søkja om å skipa leikane.

Partia i Stockholm meiner kostnadsberekningar som er gjort er urimelege.

Dei meiner at for å gå i gang med ein slik prosess, må ein overtyda Stockholm-folket om at dette held økonomisk.

– Me har jobba grundig

Grimsby fortel at dei har vore spente på kva som skulle koma på pressekonferansen i Stockholm i dag. Ho trur søknadane kunne ha likna mykje på kvarandre.

Eli Grimsby

Direktør for Oslo 2022, Eli Grimsby, er glad Sverige droppar OL-søknaden.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Stockholm ville på same måte som Oslo ha ynskje om å leggja mange øvingar i sjølve byen.

– Men vert ikkje kostnadane urimelege høge også for Oslo?

– Det som er skilnaden på vårt og Stockholm sitt arbeid, er at me har jobba grundig i meir enn eitt og eit halvt år. Tala våre har vore kvalitetssikra både av Oslo kommune og staten sine kvalitetssikrarar. Me kan i større grad lita på tala våre, seier Grimsby og påpeikar:

Det vil vera viktig for regjering og storting når dei skal handsama arbeidet me har gjort og den søknaden som er sendt.

Ifylgje Grimsby har ikkje Stockholm fått jobba så mykje med verken budsjett eller konsept.

Skal overtyda IOC i Sotsji

OL i Sotsji er fyrste høve til å promotera Oslo 2022.

– Då skal me møta mange av IOC-medlemmane som har betyding for valet av byen som skal ha leikane i 2022. Det er heilt klart spennande tider, seier Grimsby.

Illustrasjon OL 2022

Eitt av dei fyrste illustrasjonsbileta av Oslo-OL 2022.

Foto: illustrasjon: Snøhetta/Cowi/MIR

Siste nytt

  • Drømmemål ga Real Madrid luke

    Vinicius Junior avgjorde toppkampen i spansk fotball med et vakkert mål rett før slutt.

    Med 2-1 over Sevilla har Real Madrid fire poengs luke til byrival Atlético, som vant 4-1 i Cádiz, og Real Sociedad. Sevilla er på fjerdeplass fire poeng bak.

    Sevilla scoret først i hovedstaden ved Rafa Mir, men Karim Benzema utlignet etter en drøy halvtime. I det 87. minutt avsluttet 21-årige Vinicius et raid på venstresiden med en suser i krysset, og dermed ble det hjemmeseier selv om gjestene i lange perioder var best.

    Spain Soccer La Liga
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Napoli hyllet Maradona

    Napoli fant den perfekte måte å hylle Diego Maradona da Lazio ble slått 4-0 søndag. Etter Milans hjemmetap har Napoli tre poengs luke på tabelltopp.

    Fifa-president Gianni Infantino var blant dem som hadde møtt opp i Napoli for å ære Maradona tre dager etter ettårsdagen for legendens død. Maradona førte Napoli til klubbens to eneste ligatitler og til Uefa-cuptriumf i 1989, og byens stadion har nå fått hans navn.

    Publikum ropte på Maradona mens en statue av idolet ble båret rundt banen. En hyllest fra Pelé ble vist på storskjermen, og spillerne spilte med trøyer påtrykt Maradonas ansikt.

    Serie A - Napoli v Lazio
    Foto: CIRO DE LUCA / Reuters
  • Tokmac scoret for serielederen

    Tokmac Nguen scoret det viktige 2-0-målet da Ferencvaros slo Mezökövesd 3-0 på bortebane og styrket sin ledelse i ungarsk eliteserie fotball.

    Nguen scoring kom etter en hurtig kontring i slutten av den første omgangen.

    Kristoffer Zachariassen spilte hele kampen for Ferencvaros, mens Nguen ble byttet ut ti minutter før slutt.

    Ferencvaros topper tabellen fire poeng foran Varda med en kamp mindre spilt.

    CORRECTION Spain Soccer Europa League
    Foto: Miguel Morenatti / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal