– I EM låg eg veldig nær Jakob. Eg veit han var ganske irritert på meg for at eg kanskje kom borti hælen hans. Poenget mitt er at du må vere der. Du kan ikkje gi éin meter. For då tek han deg. Viss du ikkje er tett på, så spring han frå deg, seier García til NRK.
Han mimrar tilbake til høgdepunktet i sesongen via Zoom. Bronsemedaljen i München, bak Jakob Ingebrigtsen og Jake Heyward. Spanjolen ladar opp til sesongen i mellomhøgda i Colorado. Snart er det duka for nye duellar mot nordmannen i Diamond League.
Spanjolen «ingen» hadde høyrt om før sist sommar leverte 4.-plass og sette personleg rekord med fem sekund på 1500 meter i VM. Vel ein månad seinare sikra han seg EM-bronse. Han låg som ein klegg i ryggen på gullvinnar Ingebrigtsen.
– Eg veit at eg var litt irriterande i det løpet, men det er racing. Det er ikkje personleg, det var ikkje med vilje, det berre skjedde, smiler García.
Brennheit trio
Stjerneskotet er ein litt annan type løpar enn Ingebrigtsen. Han manglar nordmannen si uthaldenheit, men slår han på fart. García meiner tallause college-stemne har gjort han til ein god feltløpar og taktikar. Før VM reknar han seg fram til at han hadde 28 løp i føtene.
GJENTEKNE DUELLAR: Ingebrigtsen og García møttest både i VM og EM. Her etter semifinalen i Eugene.
Foto: HANNAH PETERS / AFPNo håpar han at nye duellar mot Ingebrigtsen & Co. skal gjere han i stand til å kjempe om VM-gull i Budapest i august.
– Det kjem til å bli tøft, men eg var berre eitt sekund bak dei i fjor. Eg kjem til å gå ut der og så får vi sjå kva som skjer, seier García.
Gjennombrotsmannen avslutta ein solid college-karriere i fjor. No er han ein del av ein av dei mest omtalte løpegruppene i verda, som blir trent av Dathan Ritzhenhein. Utstyrsprodusenten On har samla tre av verdas beste 1500 meter-løparar og ei rekkje sterke mellom- og langdistansekort.
Med norske auge er dette dei mest interessante:
- Mario García Romo, bronsevinnar i EM og 4.-plass i VM i 2022
- Oliver Hoare, vinnar av 1500 meter under Samveldelekene i 2022
- Yared Nuguse, amerikansk rekordhaldar på engelsk mil og 3000 meter innandørs
Sistnemnde har skapt overskrifter i vinter etter ein knallsterk innandørssesong. Nuguse slo til med amerikansk rekord på både 3000 meter og éi engelsk mil på tidene 3.47,38 og 7.28,24 minutt.
– Han er amerikanaren med best sjansar til å slå Jakob. Han sprang 3.47 på mile i år. Vi veit at Jakob likar å springe raskt i front, og dei siste åra har det ikkje vore nokon amerikanar som har vore raske nok til å halde følgje, seier Jonathan Gault, som jobbar for Letsrun.com.
STERK VINTER: Treningskameratane Yared Nuguse (t.h.) og Olli Hoare.
Foto: JAMIE SQUIRE / AFP– Vi veit at Yared har farta til å gjere det. Spørsmålet er om han gjer det etter tre løp i finalen av ein global meisterskap. Det har Jakob vist fleire gonger at han kan, medan Yared aldri har sprunge i OL eller VM. Han er uprøvd på dette nivået, men han er den med best sjansar til å slå han, meiner Gault.
Søndag stiller dei for første gong til start mot kvarandre i det NRK-sende Diamond League-stemnet i Rabat, klokka 20.11.
Norske innslag i teamet
EM-finalist på 3000 meter hinder, Jacob Boutera, har ein fot i begge leirar.
NORSK BESØK: Mario García Romo (til venstre) fekk besøk av Jacob Boutera hausten 2022 på ei treningssamling i regi av On.
Foto: Privat / PrivatSist haust var han på høgdesamling i Flagstaff i USA med Ingebrigtsen, like etter ei samling med On-gjengen.
– Dei trenar ganske annleis. Dei har ikkje teke til seg dobbel terskel enno, men dei trenar på mykje av det same. Dei spring mykje mengd og mykje rundt terskelintensitet. I staden for dobbel terskel har dei ein ganske lang terskel. Volumet blir meir eller mindre det same, men strukturert annleis. Meir spesifikk banetrening. Høgare fart og meir i piggsko, seier Boutera, som er ekspert i sendinga søndag.
García fortel at trenar Ritzenhein sitt motto er at du må gjere høg yting til ein vane. I Colorado trenar, et og heng dei rundt kvarandre. Dei droppar festing og seine kveldar for å prestere best mogleg på friidrettsbanen. Og kanskje gjere 4.-plassen i fjor om til edelt metall.
Han spår nye tøffe duellar mot Jake Wightman, Jakob Ingebrigtsen, Josh Kerr, Jake Heyward, Timothy Cheruiyot, Oliver Hoare.
– Det er berre eitt år mellom, så konkurrentane blir mange av dei same. Så kan ein dytte Yared inn i likninga. Eg meiner han har eit stort potensial. Eg skal prøve å hamle opp med dei, seier García, som trur det vil vere ein fordel at han får møte Ingebrigtsen fleire gonger før VM.
INTENS SPURT: Jake Wightman (t.h.) vann VM framfor Jakob Ingebrigtsen og Mohamed Katir (til venstre). Mario García vart nummer fire.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBOlav Aleksander Bu, hjernen bak norsk triatlonsuksess, bidreg også inn mot treningsgruppa. Han understrekar likevel at han ikkje hjelper 1500- og 5000-meter løparane. Til det har han for stor respekt for Ingebrigtsen-brørne.
Bidraget hans er hovudsakleg knytt opp mot distansar frå 10.000 meter og opp, og dessutan at han er involvert i skoutviklinga. Gustav Iden vann Ironman-VM på Hawaii med eit On-sko, som vart vidareutvikla og sikra Hellen Obiri maratonsuksess i Boston i april.
PS! Jakob Ingebrigtsen sesongopnar med 1500 meter i Rabat mot García, Hoare og Nuguse. Dei møtest til omkamp på Bislett 15. juni. Diamond League-sendingane kan du følgje på NRK.