NRK Meny
Normal

Stjerneskotet Marcus (17) til topps igjen: – Folk legg nok merke til det

Marcus Kleveland har fått ein best tenkjeleg start på snøbrettsesongen. Etter to konkurransar står 17-åringen med to sigrar.

Kleveland

ANDRE SIGER: Marcus Kleveland tok sin andre strake siger for sesongen.

Foto: Snowboarforbundet

– Det er ei sjukt digg kjensle. Eg viser at eg faktisk kan gjere det bra mot verdseliten, seier Kleveland til NRK.

For andre helga på rad sette han dei beste snøbrettkøyrarane til side, då han vann air+style-konkurransen i Beijing.

Og med det har 17-åringen fått ein best tenkjeleg start på sesongen.

– Nervepirrande

– Det er bra å gjere det godt i konkurransar. Folk legg merke til det, fortel Kleveland.

Sist helg kunne Kleveland juble etter å ha knust verdseliten i sesongopninga av verdscupen i Snowboard Big Air.

Denne gongen vart det litt meir spenning i finalen, og Kleveland måtte stå og sjå på dei to siste utøvarane kjempe for å slå poengsummen hans.

– Det var nervepirrande å stå og sjå på. Eg hadde sjølvsagt lyst til at dei skulle lande triksa, men samstundes hadde eg lyst til å vinne, seier Kleveland etter konkurransen.

Men heile konkurransen blei avgjort på hoppkanten i den siste omgangen til Kleveland.

Ombestemte seg i siste liten

Førre helg var det det spektakulære trikset backside trippelcork 1620 som sikra Kleveland sigeren. Det trikset sette han også i dag, men det var noko anna som skulle sikre han sigeren.

Då han prøvde å sette det trikset, ein Cab Trippel 1620, i den andre omgangen, gjekk han på trynet. Han bestemte seg då for å å køyre ein enklare versjon av trikset i den siste omgangen, nemleg Cab Trippel 1440.

Men på hoppkanten tok han valet som avgjorde heile konkurransen.

– Då eg køyrde ned den siste gongen tenkte eg for meg sjølv: Skal eg gå for det? Eg fann ut at det ikkje var noko å nøle med, og sette Cab Trippel 1620. Eg er sjukt glad for at eg gjorde det no.

– Trur du det var avgjerande?

– Eg trur faktisk det. Det var so jamt at eg trur det, seier Kleveland.

Marcus vann til slutt med to poeng. Seb Toutant og Darcy Sharpe enda på plassane bak, medan norske Mons Røisland enda på 6. plass.

Air+Style er ein eigen konkurranseserie uavhengig av verdscupen, men med høg prestisje. Både Seppe Smits og Mark McMorris, som kom på andre- og tredjeplass i førre konkurranse måtte gje tapt for Kleveland, igjen.

Siste nytt

  • Salah starter mot Russland

    Mohamed Salah er i startoppstillingen til Egypts kamp mot Russland i kveld. Liverpool-spilleren har vært ute med en skulderskade, og spilte ikke da Egypt tapte 0-1 for Uruguay.

    Foto: Dmitri Lovetsky / AP
  • Neymar hinket av trening

    Flere melder på Twitter at den brasilianske stjernen Neymar måtte avbryte dagens trening og forlot banen haltende. Neymar rakk akkurat å bli skadefri til VM etter et brudd i foten i mars.

    Neymar
    Foto: Adrian Dennis / AFP
  • Skadsdammen ferdig i Storhamar

    Eirik Skadsdammen (37) får ikke ny kontrakt i Storhamar, og er ferdig etter 19 sesonger i klubben. Han står med over 700 kamper, og kronet karrieren med NM-gull i april.

    – Det var en veldig tøff beslutning, sier trener Fredrik Söderström.

    Eirik Skadsdammen
    Foto: Olsen, Geir / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
FIFA Fotball-VM 2018: Polen - Senegal
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
FIFA Fotball-VM 2018: Russland - Egypt
FIFA Fotball-VM 2018: Russland - Egypt
Best i verden: Tidenes fotball-VM