NRK Meny
Normal

Ronaldinho presentert i ny klubb: Nektar å endre livsstil

Den brasilianske superstjerna bekreftar: Mexikanske Queretaro har signert ein av fotballens aller største partykongar.

Ronaldinho

Ronaldinho har signert ein toårsavtale med mexicanske Queretaro.

Foto: Marco Ugarte / Ap

– Eg har levd på samme måte i alle klubbar eg har vore. Eg kjem ikkje til å endre på det. Målet er å leve på samme måte, seier Ronaldinho ifølgje AP.

Slik svarer ein av Brasils aller største fotballspelarar gjennom tidene på spørsmålet om han har planar om å endre livsstil no som nok ein klubb har gitt han tillit på tampen av karrieren.

Kasta ut tidlegare Brann-spelar for å få plass til Ronaldinho

For få år sidan var Ronaldinho kjent som verdas aller største ballkunstnar. I 2011 returnerte han til brasilianske Flamengo etter ei tidvis eventyrleg karriere i Europa.

I heimlandet blei det fest:

Video Ronaldinho tilbake til hjemlandet

Og fest blir det nok i mexikanske Queretaro, som denne veka kasta ut tidlegare Brann-spelar Guastavino av stallen for å få plass til Ronaldinho.

Klubben trur 34-åringen fortsatt er i stand til å utføre kunststykke som dette:

Ronaldinho dribler over halve banen og scorer

– Føler meg ung

Det er ikkje tvil om at Ronaldinho er født for å briljere med ball, men for mange har han vore kjent for sitt utsvevande liv dei siste åra.

Tidlegare Barcelona-lagkamerat Xavi har uttala at det var brasilianaren sine heftige byturar som gjorde at han til slutt blei dumpa av det spanske storlaget.

Men sjølv om Ronaldinho har vore ein festens mann har han også vunne titlar i alle klubbar han har spelt i. I Atlético Mineiro vann han mellom anna den sør-amerikanske meisterligaen før kontrakten hans blei terminert i juli i år.

No vil han løfte laget som ligg på åttandeplass i mexikansk toppdivisjon.

– Eg føler meg som ein ung spelar som nettopp har starta karrieren. Eg vil vinne titlar og skal kjempe hardt for klubben, seier Ronaldinho til mexikansk presse.

Ronaldinho

STOR SIGNERING: Mexikansk presse møtte Ronaldinho.

Foto: ALFREDO ESTRELLA / Afp

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Terreng
EM feltritt: Terreng
Terreng
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
Eliteserien: Lillestrøm - Vålerenga
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 Eliteserien fotball: Lillestrøm - Vålerenga
Toppidrettsveka