NRK Meny
Normal

Stjerna meiner finnane er bitre og ondskapsfulle i synet på Johaug

Den finske VM-vinnaren i skiskyting, Kaisa Mäkäräinen, er sjokkert over det finske folkets skadefryd overfor dopingtatte Therese Johaug.

Kaisa

FINSK SKISKYTTARSTJERNE: Kaisa Mäkäräinen er mellom anna to gangar samanlagtvinnar av verdscupen i skiskyting.

Foto: Matthias Schrader / Ap

– Eg er lei meg, seier Kaisa Mäkäräinen til den finske statskanalen, YLE.

I to veker har Therese Johaugs positive dopingprøve fått stor dekning i både Norge, Sverige og Finland.

Skiskyttar Kaisa Mäkäräinen har følgd saka i finsk presse. 33-åringen er oppgitt over sitt eige folk.

– Det har vore vanskeleg å unngå medias rapportering, der finnane har hatt stor skadefryd. Dei har framstått som bitre, seier Mäkäräinen.

Kommentator: – Mäkäräinen er sponsa av Johaug

I intervjuet kjem det ikkje fram kva utsagn ho har reagert på, men ifølgje YLE er det mellom anna snakk om kommentarar frå personar i det finske skilandslaget.

Mäkärainen føler også at det finske folket føler eit hat mot Norge, noko ho ikkje forstår.

– Det har vore mykje skadefryd i Finland etter Johaug- og Johnsrud Sundby-saka, stadfestar langrennskommentator Pekka Holopainen i avisa Ilta-Sanomat.

Holopainen har fått med seg Mäkäräinens kommentatar. Han er skeptisk til skiskyttarens meiningar.

– Kaisa er sponsa av Johaug. Ho går med Therese Johaugs hanskemerke. Eg veit ikkje om det har noko å seie, men det er i alle fall noko ein skal hugse på, seier Holopainen.

– Den finske skepsisen kjem som følge av at Norge dreiv med skitkasting etter dopingavsløringane i finsk langrenn under VM i Lahti i 2001, seier kommentatoren til NRK.

Se hele intervjuet med Therese Johaug her. Reporter: Harald Thingnes.

SJÅ HEILE NRKs INTERVJU MED THERESE JOHAUG.

– Einsidig

Til YLE seier Mäkäräinen at ho er lei av det finske folkets syn på norsk langrenn.

– Eg har blitt lei meg når eg har sett kva som har blitt sagt og skrive i Johaug-saka. Det har vore veldig einsidig, seier Mäkäräinen.

Siste nytt

  • Ødegaard tilbake for Heerenveen

    Martin Ødegaard var tilbake fra sin bruddskade da Heerenveen spilte 1-1 borte mot Vitesse i den nederlandske æresdivisjonen lørdag.

    Martin Ødegaard
    Foto: NRK
  • Tredjeplass til Skarstein

    Paralympics-håpet Birgit Skarstein fikk en sterk tredjeplass i lørdagens verdenscuprenn i langrenn i Tyskland, skriver NTB.

    Birgit Skarstein
    Foto: Anne Ragnhild Kroken / Norges Skiforbund
  • Ezinne tok VM-kravet

    Ezinne Okparaebo klarte kravet før innendørs-VM på 60-meteren under Bassen sprint i Bærum i dag. – 7.25 og VM-krav på første stevnet i dag. I'm back, skriver sprinteren i en SMS til NRK.

    Ezinne Okparaebo
    Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup hopp: Kvinner
V-cup hopp: Kvinner
V-cup langrenn: 10 km klassisk, kvinner
V-cup langrenn: 10 km klassisk kvinner
V-cup alpint: Slalåm, menn
V-cup alpint: Slalåm 1. omgang, menn
V-cup alpint: Slalåm 1.omgang menn
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup langrenn: 15 km klassisk, menn
V-cup skiskyting: Fellesstart kvinner