Hopp til innhold

Var heitast i verda – no har ekspertane fått nok

Stina Nilsson var på alles lepper då ho bytta idrett frå langrenn til skiskyting for snart tre år sidan. Men etter ein skuffande sesong er ekspertane kritiske.

Stina Nilsson

SKUFFA: NRKs ekspertar meiner Stina Nilsson ikkje har noko å gjere i verdscupen akkurat no.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB

– Ho burde ikkje fått moglegheita her. Ho har skote heilt elendig og vore i snitt 1.16 bak i langrennstid. Eg skjønar ikkje kvifor ho går verdscupen, seier Ola Lunde.

NRK-eksperten har nettopp sett Stina Nilsson skyte fem bom og bli nummer 64 på sprinten i Pokljuka torsdag. No har han fått nok.

Ola Lunde

ELENDIG: NRK-ekspert Ola Lunde er kritisk til Stina Nilsson.

Foto: Vidar Ruud / NRK

– Ho har fått nok sjansar no og bør gå IBU-cup. I dag såg det ikkje ut som ho hadde verdscupnivået inne, men svenskane har tydelegvis trua på ho, seier Lunde.

Også NRKs nye skiskyttarekspert, Harri Luchsinger, meiner det er på tide med eit byte i det svenske laget etter at Nilsson ikkje har levert eitt einaste topp 30 resultat i verdscupen i år.

– Ho har heilt klart ikkje nivået inne og bør flyttast ned til IBU-cupen for å oppleve litt meistring og får bygd litt tryggleik på det nest øvste nivået, seier Luchsinger.

– Aldri trygg

Nilsson sjølv vil berre gløyme skytinga torsdag.

– I ståande skyting handlar det om å kunne søkke ned og ta det roleg, men i dag var det ikkje sånn. Det var «lite rykkigt», eg ville berre derifrå og gå på ski igjen. Det vart mykje tid i strafferundene, og det tek eg absolutt ikkje med meg frå i dag, seier Nilsson til NRK.

Nesten tre år etter at ho kunngjorde skiftet frå langrenn til skiskyting, er ikkje den svenske stjerna vorte heilt komfortabel på skytebanen.

Nilsson

PALLJUBEL: Etter sprinten i Kontiolahti i fjor kunne Nilsson feire den første pallplassen til karrieren i skiskyting.

Foto: VESA MOILANEN / AFP

– Eg trur det er få som er hundre prosent trygge på standplass. Nokre gonger når eg gjer det bra så er eg aldri trygg. Eg vil jobbe godt for å få det til å kjennast stabilt, fortel ho.

Med berre langrennsski på beina var ho ein medaljegrossist og med totalt 12 OL- og VM-medaljar som 26-åring var det mange som var skeptiske til idrettsbytet.

Samtidig var det nokon som meinte at ho kunne utvikle seg til ei ny Magdalena Forsberg, som hadde ein stor karriere som skiskyttar etter å ha bytt frå langrenn.

Men fasiten så langt er éin pallplass, billett til OL og ei rekkje svake resultat.

Mest overraskande har det vore at ho har slite med å hamle opp med langrennstidene til dei raskaste skiskyttarane.

– Det har vore mykje opp og ned. Eg forlét langrenn med ganske mange spørsmålsteikn om å gå på ski med våpen. Men no kjenner eg at eg kan leggje skytinga litt til side, for det er jo grunnleggjande i skiskyting at ein skal kunne gjere det bra i sporet òg, seier Nilsson.

Les også Frykter våpenglade amerikanere tar livet av norsk skiskyting

Våpenglade amerikanere truer norsk skiskyting

– Ikkje som forventa

Luchsinger meiner at Nilssons utvikling har vore alt anna enn det svenskane drøymde om.

– Utviklinga hennar har berre gått nedover. Ho hadde ti bom på jaktstarten i Annecy før jul, så det stemmer ikkje for ho. Det er veldig skuffande. Det ligg eit veldig forventningspress på ho, så det kan hende ho blir påverka av det, spekulerer eksperten.

Harri Luchsinger

SKUFFA: NRK-ekspert Harri Luchsinger meiner Nilssons utvikling berre har gått nedover sidan i fjor.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Landslagstrenaren til svenskane, Johannes Lukas, var fornøgd med fjorårssesongen for Nilsson, men innrømmer at denne sesongen har vore tøff.

– Det har ikkje vore heilt som vi hadde tenkt oss og ikkje som ho hadde forventa av seg sjølv, men det er eit veldig vanskeleg og høgt nivå her. Vi har ikkje fått til å prestere både i sporet og på skytinga, men det er berre å jobbe vidare og vente til dagen begge delane stemmer, seier Lukas.

Om det blir i verdscupen, eller i IBU-cupen som NRKs ekspertar meiner er rett arena, vil ikkje Lukas seie så mykje om.

– Vi har ein tydeleg plan for ho. Det var bra for ho å få gå her, og kva vi gjer etter dette har vi ikkje bestemt. Det tek vi dag for dag, og det veit vi nok innan søndag, fortel trenaren.

– Kva må ho prestere for å få ein VM-plass?

– VM er litt langt unna, vi har hatt mykje sjukdom i troppen og det kan endre seg veldig fort. Først er det viktig at alle er heile og friske igjen, og kan halde fram til VM og seinare tek vi avgjerda om VM-troppen, avsluttar Lukas som må klare seg utan Hanna Öberg som er sjuk denne veka.

Resten av verdscupen i skiskyting frå Pokljuka ser du på NRK. Fredag går herrane sprint 14.20 med sendestart 14.00 på NRK 1.

Les også Skreddersyr kroppen i jakten på gull: - Jeg ville ikke bli tynn. Jeg ville bli best.

Sesongstart skiskyting, Vetle Sjåstad Christiansen

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal