– Eg gjekk og såg etter eit fransk flagg som eg kunne ta med meg i mål, men der var ingen franske flagg. Det var mest norske, tyske og sånt, seier Emil Hegle Svendsen.
Med si første perfekte skyting i verdscupen etter 1401 dagar med venting, gjekk han i mål til sin 35. verdscupsiger. Han glei over målstreken med eit norsk flagg i henda.
Trønderen fortel derimot at han hadde gjort alvor av tankane om han hadde funne eit fransk flagg.
– Eg var gira på å gjere det, men vi får spare den, flirer 28-åringen.
- Les også:
– Trur Emil hadde tatt han i dag
Laurdag gav han alt for siger på normaldistansen, medan han på suverent vis vann søndag.
Hovudkonkurrent og rival Martin Fourcade - som framleis leiar verdscupen med 49 poeng - trenar og slappar av i idylliske Antholz i dei italienske alpane.
Det Hegle Svendsen viste søndag trur trenar Espen Nordby Andersen at sjølv den franske stjerna ikkje hadde tukta.
– Kanskje, men eg trur verkeleg Emil hadde tatt han i dag, seier trenaren.
Han kunne både juble, glise og bli rørt då både trønderen og Tarjei Bø banka inn 20 av 20 skot.
– Å skyte 20 er tøft, og det står stor respekt av det. Og så både Emil og Tarjei, nei, det varmar eit trenarhjarte, fortel Nordby Andersen i prat med NRK.
Vel og bra, men OL må bli ein suksess
Trenaren fortel at heile laget har jobba mykje med den ståande skytinga som tidlegare har vore eit problem. Den siste tida har dei fått stadfestinga på arbeidet som har blitt lagt ned, og no er det under éin månad til OL.
– No skal vi fintune forma inn mot OL. Det er vi ikkje åleine om, så vi må gjere det ekstra godt, seier trenar Nordby Andersen.
Han meiner løpet til både Emil og Tarjei er så nære eit gulløp ein kan kome, men at det framleis er meir å gå på fysisk.
For dei norske OL-favorittane sin del blir det no avslapping.
– Det blir avslapping og avkopling, før det blir mykje trening på precamp. I Sotsji blir det mest roleg og finpuss. Det blir ein god periode med fullt fokus på OL. Neste løp for meg blir OL-løp, så det er bra, seier Hegle Svendsen.
Éin ting er derimot sikkert: Ei glimrande helg i Ruhpolding hjelper lite om OL blir ein fiasko.
– Eg er ikkje letta før eg har nådd sesongens store mål, slår han fast.