– Etter alt eg har vore gjennom den siste tida så er dette godt. Eg mista mor mi i februar, men sambuaren min har vore ein sterk støtte. Eg hadde mista trua på meg sjølv etter VM i Las Vegas, men det gjorde ikkje sambuaren min. Ho har fortalt meg kvar dag kor flink eg er, så dette er verkeleg ein team siger, seier han til NRK.
Berge var nær OL-plass allereie førre helg, men enda då på tredjeplass. For å ta seg til OL måtte han ha tatt seg til finalen, og i dagens turnering i Mongolia sikra han finaleplassen.
– Etter at eg rauk i semifinalen i Serbia førre helg har det vore tungt mentalt å førebu seg til ei ny turnering, seier han.
På veg til finalen slo han blant anna sølvvinnaren frå OL i London.
Tar ferie
Berge har tatt seg til OL både i 2008 og 2012.
– Mitt tredje OL, det er jo heilt sinnsjukt, seier Berge.
No har han alt lagt planen for korleis han skal førebu seg best mogeleg til Rio.
– No skal eg ta ferie. Tidlegare har eg lagt meg rett i hardtrening, og det har ikkje funka. No skal eg kvile først og så skal eg førebu meg best mogeleg, seier Berge.
Finalen går seinare i dag, men uavhengig av korleis det går i finalen er det ingen som kan ta frå Berge OL-plassen.
– Eg møter ein koreanar, men begge er klare for OL så den kampen betyr ingenting, seier Berge og ler.
I går var det lenge forvirring om OL-kvalifiseringa i Mongolia ville gå som planlagt, grunn ein sandstorm i området som gjorde at fly hadde problem med å landa.
Berge konkurrerer i 59-kilosklassen og er den første norske brytaren som har klart å kvalifisera seg til OL.
– Ingen slår meg på ein god dag
Berges beste meritt er bronsen frå VM i 2014, og no som OL-plassen er i boks kan han sjå framover mot det som skjer i august.
– Eg går alltid på matta for å vinna, så alt kan skje i OL, seier han.
– Kor mange er det som er betre enn deg på dine beste dagar?
– Ingen. Om eg har ein maks-dag er det ingen som slår meg, seier Berge.