Hopp til innhold

Stian Sivertzen trenar til OL 15 månader etter kollapsen: – Rått å vere meg

I januar i fjor visste ingen om Stian Sivertzen kom til å overleve. No sprudlar gledesspreiaren som aldri før, og siktar på OL-medalje.

Kva har ni liv og landar alltid på beina? Jepp, riktig svar er Stian Sivertzen. To gongar har snøbrettutøvaren vore særs nære å døy. Seinast i fjor låg han fem døgn i kunstig koma grunna ei alvorlig blodforgifting. Ikkje berre har Stian Sivertzen no fått livet tilbake. Han satsar også på å lande fjellstøtt i OL komande vinter.

NO SMILER SOLA: - Eg skulle ikkje overlevd, seier Stian Sivertzen om infeksjonen for eit år sidan. Men i dag sprudlar han og siktar mot OL

Snøbrettkøyraren frå Kongsberg struttar av energi før OL-sesongen. No går alt hans veg.

– Det er heilt rått å vere meg om dagen. Livet leikar og eg har det moro kvar einaste dag, seier Sivertzen.

Men det var på ingen måte sjølvsagt for eit år sidan. Tvert imot. Ikkje ein gong han sjølv trudde på ei slik utvikling.

– Det stod nok dårlegare til med meg enn eg sa sjølv. Alt var veldig usikkert, seier han.

Infeksjon i hovudpulsåra

Stian Sivertsen

VIL TILBAKE: - Eg vil ikkje vere dårlegare enn før, seier Stian Sivertzen. Her i aksjon i Vancouver-OL i 2010

Foto: ADRIAN DENNIS / AFP

Det var i januar i fjor livet vart snudd opp-ned for Sivertzen. Ein infeksjon i ein stent i hovudpulsåra kosta han nesten livet.

– Nei, eg skulle vel ikkje ha overlevd. Ingen kunne svare meg på noko om eg hadde noko framtid, eller om kva som skulle skje, seier han.

Stenten som var problemet hadde redda han seks år tidlegare. Etter eit stygt fall under prøve-OL i 2009 hindra stenten ei blodåre i å kollapse.

Sju år etter heldt den same stenten på å ta frå snøbrettmiljøet deira største gledesspreiar.

– Visste ikkje kva som kom til å skje

– Det var fælt å vere Stian då. Då var det nok. Han visste ikkje kva som kom til å skje, om han fekk rørsla tilbake. Alt var utmattande, seier Helene Olafsen.

Stian var Olafsens beste ven og inspirasjonskjelde.

Stian med oksygenmaske

Sivertzen har vært inn og ut av sykehus det siste året. Her får han behandling i fjor.

Så snudde det seg for Sivertzen, nærmast ut av ingenting. Brått var han på veg tilbake, og i mars i år deltok han i alle øvingane. Og like etterpå vann han ein konkurranse i Lofoten.

– Frå «eg veit ikkje om du greie å gå igjen» til der han er i dag på under eit år – det skulle eigentleg ikkje vore mogeleg, seier Helene Olafsen.

Vil bli minst like god som før

– Eg ønskjer ikkje å vere noko dårlegare enn det eg har vore før. Eg vi berre vise dei som er rundt meg at det går an, og få den same respekten tilbake.

Sivertzen har bronsen frå x-games i 2009 og frå VM i 2013.

Livsgløden og kroppen er iallfall tilbake i slag. Han er ikkje redd for å auke ambisjonane for neste sesong.

– Ingenting smakar betre enn ein OL-medalje, og eg trur eg har ein god sjanse til å ta det, seier han. I vinter fekk han tjuvtrene i OL-løypa i Pyeongchang.

– Ja, eg fekk prøve løypa såvidt, seier Stian Sivertzen.

Og ler hjarteleg igjen.

Siste nytt

  • Fire argentinske fotballspillere arrestert for voldtekt

    Fire profesjonelle fotballspillere i Argentina ble mandag pågrepet for å ha voldtatt en kvinnelig sportsjournalist på et hotellrom tidligere denne måneden. Den 24-år gamle kvinnen sier hun ble med på et hotellrom med en av dem, sovnet, og ble voldtatt, melder AFP.

    Toppklubben Velez Sarsfield har suspendert de fire og satt i gang en intern etterforskning.

  • Tidligere Brann-profil dropper skjebnekamper – nå beklager han til lagkameratene

    Tidligere Brann-spiller Robert Taylor skapte irritasjon da han takket nei til å spille for Finland i torsdagens EM-skjebnekamp mot Wales. Nå forklarer han seg.

    Taylor, som også har en fortid i Tromsø, spiller til daglig sammen med superstjernen Lionel Messi i Inter Miami.

    Kampen mot Wales er semifinale i omspillet i nasjonsligaen.

    – Jeg har stor tro på at Finland i disse svært viktige kampene trenger spillere som er hundre prosent i form, slik at vi forhåpentligvis kan sikre oss en plass i EM. Det hadde vært egoistisk av meg å ta denne muligheten fra en annen spiller, skriver Taylor på Instagram.

    – Fordi dette var en svært vanskelig avgjørelse å ta, tok det lengre tid enn forventet å komme fram til denne løsningen. Jeg vet at det har satt laget i en utfordrende situasjon, så jeg vil be om unnskyldning til lagkameratene og trenerne mine, legger han til. (NTB)

    Taylor
    Foto: AP
  • Konow med sammenlagtseier i verdencupen i telemark

    Kaja Bjørnstad Konow tok sammenlagtseieren i øvelsen klassisk distanse i verdenscupen i telemark mandag.

    Det var Konows første sammenlagtseier i verdenscupen.

    Den norske profilen tok annenplassen i mandagens avslutningsrenn i franske Pra Loup. Det holdt til å ta verdenscupkula hjem til Norge.

    Konow vant med 30 poeng ned til franske Augustine Carliez, og hadde 76 poeng til en annen fransk løper, Laly Chaucheprat, på tredjeplassen.

    Gøril Strøm Eriksen sørget for en god norsk dag mandag med tredjeplass i avslutningsrennet.

    På herresiden er Trym Nygaard Løken tilbake for fullt i verdenscupen. Han tok seieren i herrenes renn og var 1,9 sekunder foran franskmannen Elie Nabot.

    Jacob Alveberg kjørte inn til femteplass. (NTB)

    Kaja Bjørnstad Konow
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal