Hopp til innhold

Sterke reaksjonar på million-tilbodet frå internasjonal spelgigant

Reaksjonane er sterke etter at styret i NSF går inn for å takke ja til ein avtale som inneber å jobbe for å endre den norske spelpolitikken.

sjakk

UTFORDRING: Noregs sjakkforbund kan kome til å takke ja til ein avtale som vil utfordre norsk spelpolitikk

Foto: Paul Childs / Reuters

Sjakkpresident Morten Lillestøl Madsen stadfestar at Noregs Sjakkforbund (NSF) har fått tilbod om ein avtale med Kindred Group, verd 50 millionar kroner. Avtalen skal strekke seg over fem år, med ti millionar i året.

Det var sjakkstaden Matt & Patt og TV 2 og som skreiv om saka først.

Kindred Group eig mellom anna spelselskapet Unibet, som har base på Malta. Som motyting for pengane vil dei ha sjakkforbundet med seg i arbeidet med å endre den norske spelpolitikken.

– Eg er bedrøva, seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae.

Torstein Bae.

BEDRØVA: - Trist om sjakkforbundet sel omdømmet sitt, meiner NRKs sjakkekspert Torstein Bae

Foto: NRK

Han har sjølv ønska at sjakkforbundet skal bli ein del av Noregs Idrettsforbund. No ser han at dei tar ei stikk motsett retning dersom dei seier ja til avtalen.

– Sjakk har bygt opp eit godt omdømme dei siste 10–15 åra. Først og fremst gjennom Magnus Carlsen, men også mange andre. Derfor er det trist at dei sel det som ein kortsiktig vinst, seier Bae.

– Blir ein politisk aktør

Avtaleforslaget inneber at sjakkforbundet skal jobbe for å endre spelpolitikken. I aktivitetslista som er vedlegg til avtaleutkastet blir det mellom anna slått fast at forbundet skal delta på Arendalsuka, den årlege «politiske verkstaden» og samlinga av norske toppolitikarar. Der skal forbundet delta på arrangement i regi av Kindred.

NSF skal ifølgje aktivitetsliste-utkastet også bruke kontaktar og nettverk politisk, mellom anna ved å arrangere møte i samarbeid med Kindred.

– Alt dette vil binde NSF til å bli ein politisk aktør for Kindreds syn i fem år framover, seier Bae.

– Kva skjer då om det kjem eit styre med ei anna meining, eller om det kjem nye forskingsresultat? spør han.

Før helga la NSF inn søknad om 20 millionar til VM i 2020. I avtaleutkastet med Kindred er også ei utgreiing om VM nemnt.

Politisk fleirtal for einerettsmodellen

Lotto

EINERETTSMODELL: Norsk Tipping har saman med Norsk Rikstoto lovfesta einerett til dei fleste pengespela i Noreg

Foto: Norsk tipping

Det kan skape politisk brudulje, for det er brei politisk semje om å vidareføre einerettsmodellen. Den gir Norsk Tipping og Norsk Rikstoto monopol på dei fleste pengespela i Noreg, og inntektene derfrå er ei viktig inntektskjelde for norsk idrett. Stortinget vedtok i 2017 å vidareføre denne politikken.

– Det er ein god avtale, seier Madsen til TV 2.

7. juli skal sjakk-kongressen ta stilling til avtaleforslaget. Om det blir fleirtal for ein avtale, skal detaljane i denne vere konfidensielle, står det i sakspapira til kongressen.

Noregs Sjakkforbund er ikkje medlem av Noregs Idrettsforbund, og derfor heller ikkje bunde av NIFs lovverk som går ut på å forsvare einerettsmodellen.

Vil jobbe for lisensmodell

Sjakkforbundet vil tvert imot jobbe for at den norske spelemarknaden blir omregulert.

«Partene skal sammen jobbe for en faktabasert debatt som skaper forståelse og aksept for de faktiske konsekvensane av at det norske markedet for online pengespill re-reguleres til en lisensmodell», står det i saksdokumenta til kongressen.

Forbundsstyret meiner avtaleforslaget er innafor norsk lov.

Lotteritilsynet, som forvaltar lova på dette området, kjenner berre til avtaleutkastet gjennom media, og har derfor ikkje vurdert saka på nokon måte.

– Slik vi forstår det, dreier det seg om lobbyverksemd, som ikkje er noko vi skal vurdere. Men vi vil nok sjå nærmare på denne avtalen i lys av marknadsføringslova, seier direktør Gunn Merete Paulsen i Lotteritilsynet til NRK.

Marknadsføringslova tillèt ikkje reklame for utanlandske spelselskap i Noreg.

Sjakkforbundet skriv at dei er overtydd om at den einaste ansvarlege spelemodellen er å regulere alle aktørar og spelarar under eitt felles lovverk.

Det er NIF grunnleggande usamd i.

– Einerettsmodellen sikrar stabile og føreseielege rammevilkår for norsk idrett, norsk kultur og norske humanitære organisasjonar, seier Kjøll, og minner om at Idrettstinget for berre to veker sidan samla stilte seg bak den modellen.

I tillegg til det legg ikkje forbundsstyret skjul på at avtalen gir sjakkforbundet betre økonomi enn nokon gong før.

NIF: – Skjult reklame for utanlandske spelselskap

Berit Kjøll

REAGERER: NIF og idrettspresident Berit Kjøll meiner avtalen kan vere skjult reklame for utanlandske spelselskap, noko som er ulovleg

NIF reagerer sterkt på avtalen.

– Etter vår meining vil ein slik avtale som Sjakkforbundet vurderer å inngå, vere ei form for skjult reklame for utanlandske spelselskap, noko som er ulovleg, seier NIF-president Berit Kjøll.

– Der tar NIF feil. Avtala er ikkje en tradisjonell sponsoravtale for eksponering av logoar og varemerker. Samarbeidet er eit partnerskap knytta til dei positive samfunnseffektane ein norsk lisensmodell vil medføre. Vi håpar NIF kan bruke tid på å settje seg inn i avtala faktisk inneheld, seier president i sjakkforbundet, Morten Madsen.

– Å jobbe for ein lisensmodell er ein legitim politisk ståstad. Men å få betalt for å jobbe for å endre norsk lov, er ein forretningsavtale som hittil har vore for profesjonelle kommunikasjonshus og lobbyistar. NIF har teke eit tydeleg standpunkt mot utanlandske, uregulerte spelselskap, og det er ikkje likegyldig korleis vi blir finansiert.

Kindred Group er trygg på at avtalen ikkje er i strid verken med marknads-, lotteri eller pengespellova. Det synet byggjer dei på studiar av lovverk i Danmark og Sverige. I Danmark innførte dei ein lisensmodell i 2012, i Sverige frå nyttår i år.

– Vi meiner vi er kan bruke vår ytringsfridom til å delta i samfunnsdebatten. Som ein av mange organisasjonar som faller utanfor i NIF, gir dette norsk sjakk enorme moglegheiter til å realisere aktivitetar som vi elles ikkje ville fått, seier Madsen.

Førebudde på diskusjon

– Vi er førebudde på at samarbeidet vil skape diskusjon, seier Kindred Groups norske kommunikasjonssjef Rolf Sims i ein e-post til NRK.

Sims jobba i 20 år med spelpolitikk i Kulturdepartementet fram til han slutta og gjekk til Kindred Group i fjor.

– Men vi opplever at temperaturen avtar når fakta kjem på bordet. I dialogen med styret i Noregs Sjakkforbund har vi kunne diskutere sakleg og faktabasert, ikkje med kjensler og fordommar, som pregar mykje av den norske pengespeldebatten, seier han.

Gruppa ønskjer å byggje alliansar med truverdige samarbeidspartnarar innan norsk samfunns- og idrettsliv, og hjelpe til med ei tydelegare stemme i den norske samfunnsdebatten.

Siste nytt

  • Klopp om VAR-kaoset: - Burde ført til omkamp

    Liverpool-manager Jürgen Klopp sier at han mener det bør spilles omkamp mot Tottenham etter VAR-skandalen sist helg.

    Liverpool fikk underkjent et mål i førsteomgangen på stillingen 0-0. Det viste seg å være en gal avgjørelse. Det viste TV-bildene klart, men dommere og VAR-teamet fanget det ikke opp.

    Tottenham vant kampen etter seiersmål på overtid. Liverpool avsluttet oppgjøret med ni mann etter to utvisninger.

    – Jeg mener at dette burde ført til omkamp, men det kommer høyst trolig ikke til å skje. Det har vel aldri før skjedd, men derfor mener jeg at det bør bli omkamp, sa Klopp u nder en pressekonferanse onsdag.

    – Jeg er ikke sint på dommerne og synes ikke vi skal gå mer etter dem. De gjorde en feil, og de sov sikkert ikke særlig godt natt til mandag, fortsatt Klopp.

    Liverpool skal spille europaligakamp hjemme mot belgiske Union St.Gilloise torsdag. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Reuters
  • AP: Fifa åpner for deltakelse fra russiske ungdomslag

    Nyhetsbyrået AP melder at Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) vil åpne opp for deltakelse fra russiske ungdomslandslag.

    AP har fått informasjon om dette fra Fifa-kilder. Disse ønsker ikke å bli sitert med navn.

    Fifa-styret skal ha et digitalt møte onsdag. Der blir Russland-spørsmålet sentralt. Lag fra Russland har vært utelukket fra Fifa-turneringer som følge av krigen i Ukraina.

    I forrige uke åpnet Det europeiske fotballforbundet (Uefa) for at Russland kan stille med 17-årslandslag for gutter og jenter i kvalifiseringer. (NTB)

    Russland fifa
    Foto: AFP
  • Brann-forsvarer snarlig tilbake etter lei skade

    Mange fryktet at sesongen skulle være over for Ruben Kristiansen, men han håper å være tilbake på banen mot Molde etter sin lyskeskade.

    For snaue to uker siden ble han operert for Gilmores groin i München. Onsdag var han tilbake på treningsfeltet på Nymark.

    – Jeg har løpt litt, og det kjennes fint ut. Det er ingenting som bremser meg lenger, sier 35-åringen til BA.

    Søndagens kamp mot Vålerenga rekker han ikke, men han håper være tilbake i toppkampen mot Molde over landslagsoppholdet. (NTB)

    Ruben Kristiansen
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste