Hopp til innhold

Sterke reaksjonar på «kriseramma» Barcelonas kjøpefest: – Ein blir forskrekka

Barcelona vart tvinga til å gi frå seg Lionel Messi, mot alle partars vilje, på grunn av økonomisk trøbbel. No hentar klubben stjerne etter stjerne – og dei er neppe ferdige. Det reagerer fleire på.

Andreas Christensen, Raphinha, Robert Lewandowski

STORSIGNERINGAR: Barcelona har verkeleg slått på stortromma på overgangsmarknaden, sjølv om dei framleis har ei enorm gjeld.

Foto: MICHAEL REAVES / ERIC ESPADA / AFP

– Frå utsida ser det ut som ein klubb som har gjort alt gale og må betale prisen, men no verkar det som Barcelona kosar seg som om dei var styrtrike. Ein blir forskrekka, men det viser at superklubbane aldri kan feile, seier NRKs fotballskribent Thore Haugstad om situasjonen.

Dersom ein skrur tida tilbake eit snautt år, var det full krise i Barcelona. I mange år var det ein klubb med sunn klubbedrift, men så dukka det plutseleg opp blodraude tal i 2020 og 2021.

Det førte til at den totale gjelda meir ein tredobla seg i løpet av fem år, og ho står på rundt 12 milliardar. Berre Chelsea og Tottenham skal ha høgare gjeld.

Som følgje av eit strengt reglement rundt Financial Fair Play og lønnstak i spansk fotball, kunne dei ikkje forlengje kontrakten med Lionel Messi.

Sesongen som følgde vil nok mange oppleve som merkeleg, då mange unge spelarar fekk sjansen og dei nye signeringane var henta anten ved for låg pris eller vederlagsfritt.

Spelarane som kom inn var ikkje av same kaliber som ein var van med, og førre sesong var dei langt frå å vinne eit trofé.

Les også Klaveness' bønn ble hørt – får Superliga-hjelp av regjeringen

Lise Klaveness

Bayern-sjefen reagerer

Men no har tilsynelatande det meste snudd.

I skrivande stund har katalanarane henta Franck Kessié (AC Milan), Andreas Christensen (Chelsea), Raphinha (Leeds), Robert Lewandowski (Bayern München) og Jules Koundé (Sevilla).

I tillegg har klubben til slutt fornya kontrakten til Ousmane Dembélé – ein spelar «alle» trudde skulle forlate klubben på grunn av mangel på semje om ny kontrakt.

Det skal seiast at berre Raphinha, Lewandowski og Koundé har ein overgangssum knytt til seg, men den totale summen ligg på rundt 1,5 milliardar.

Berre Philippe Coutinho og Rey Manaj har vorte seld for ein pengesum. Totalt ligg han på rundt 225 millionar.

Det har fått fleire til å reagere, mellom anna Bayern-trenar Julian Nagelsmann.

– Barcelona er den einaste klubben utan pengar, men plutseleg kjøper dei kven dei vil ha. Eg veit ikkje korleis dei gjer det. Det er ganske rart og ganske sjukt, sa Nagelsmann nyleg til Bild.

Julian Nagelsmann

UT MOT BARCA: Julian Nagelsmann klarer ikkje å forstå korleis Barcelona henta Bayern Münchens største stjerne.

Foto: CHRISTOF STACHE / AFP

Han har nyleg mista den store stjernespissen sin, og overgangen vart offisiell den 19. juli.

Tidlegare Manchester United-spelar og no Sky Sportsekspert Gary Neville reagerer også sterkt på handlingane til klubben denne sommaren.

– Kvifor jobbar framleis Barcelona for Superligaen? Dette er grunnen. Ein desperat klubb med 1,2 milliardar pund i gjeld sel framtidige inntekter for å bruke pengar på spelarar i dag, og «håpar» at det lønner seg, skriv Neville på Twitter.

Barcelona-president Joan Laporta meiner Nagelsmann og Nevilles utsegn vitnar om mangel på kunnskap og informasjon. Han meiner til og med at nokon har forvrengt verkelegheita.

– Det er sant at vi for eit år sidan var i ein kritisk situasjon, men vi er ein 122 år gammal klubb med svært store eigedelar. Dei var ikkje klar over styrken og støtta som denne klubben har, seier Laporta, ifølgje spanske AS.

Slik snudde dei situasjonen

Men Barcelona og presidenten deira Joan Laporta har teke nokre ganske viktige grep som gir dei handlingsrom på overgangsmarknaden.

Sidan han tok over i mars 2021 har mykje av fokuset vore å komme seg ut av den økonomiske krisa så fort som mogleg.

I sommar har dei derfor selt 25 prosent av TV-rettane sine for 25 år. I tillegg har dei annonsert at dei håpar å selje delar av marknadsrettane, kalla BLM (Barca Licensing and Merchandising).

Klubben har anslått at det genererer ein totalsum på mellom 500 og 700 millionar euro, altså ganske nøyaktig mellom fem og sju milliardar.

FC Barcelona Inter Miami Soccer

KARISMATISK: Barcelonas relativt ferske president Joan Laporta har gjort seg merka sidan han tok over den kriseramma klubben. Her saman med fotballikonet Thierry Henry.

Foto: Wilfredo Lee / AP

Det vil også seie at Barcelona mistar 25 prosent av dei årlege TV-inntektene, fordi dei har forskotert dei pengane.

Samtidig gjer dette at katalanarane får meir handlingsrom på overgangsmarknaden. Dei får eit høgare lønnstak og dei slepp truleg å selje sine største stjerner.

– Laporta sa for ei stund tilbake at klubben var nesten klinisk død, og det verkar å vere sant. Eg kan seie at dei dreg det litt langt, og med å hente ein gammal spiss som Lewandowski, så spelar dei eit høgt spel, seier Haugstad.

Sjølv om han trudde Barcelona kom til å prøve seg på store namn denne sommaren, reagerer han likevel på omfanget.

– Eg er litt overraska over at så mange kjem inn og at det er så mange profilar, medgir han.

Thore Haugstad, NRKs fotballskribent.

SPENT: NRKs fotballskribent Thore Haugstad gler seg til følgje «nye» Barcelona.

– Må Barcelona vinne noko neste sesong?

– Eg trur eigentleg ikkje det. Ein vil ha interesse rundt klubben. Om dei vinn eller kjem på andreplass i La Liga, eller om dei vinn meisterligaen eller tapar i finalen, er ikkje det viktigaste. Så lenge dei får interesse rundt kjøpa, folk kjem på stadion og kjøper drakter, så er det noko som gir pengar. Ein kjem langt med å signere stjerner.

– Klubben gjekk berserk

Men er desse rettsavtalane og stjernesigneringane sunn klubbdrift? Viaplays fotballkommentator og La Liga-ekspert Petter Veland er klar i sin tale.

– Nei, det er ikkje sunn klubbdrift. Dette hadde ikkje Barcelona gjort om ein ikkje var tvinga til det. I den augneblinken dei mista Neymar (i 2017) gjekk klubben berserk og fekk panikk. Dei sat med store pengesummar og gjorde svært dårlege økonomiske avtalar, forklarer Veland overfor NRK.

Petter Veland

FORKLARER GREPA: Petter Veland trur ikkje det er sunn klubbdrift det Barcelona gjer, men det har nesten vorte nødvendig.

Foto: Viasat

Og sidan den gong har det altså vorte audmjukande meisterliga-exit mot Liverpool, 2-8-tap mot Bayern München, misfornøgde spelarar og til slutt kulminerte det med at Messi måtte gå.

Veland nemner dei allereie omtalte grepa med sal av TV-rettar til andre selskap, og dessutan at klubben endra stadionnamnet til Spotify Camp Nou.

– Dersom «Luksusfellen» gjekk inn og såg dette, ville dei ikkje sett pris på at deltakarane gjer det på den måten. Viss grepa ikkje gir avkasting, så har ein gjort eit dårleg vegval der ein har forskove problema, meiner kommentatoren.

Siste nytt

  • KFUM-tapte etter omdiskutert scoring

    Strømsgodset vant 3-1 borte mot KFUM Oslo i Eliteserien tirsdag kveld.

    I forkant av Herman Stengels 2-0-scoring mente KFUM at de burde fått frispark da Godsets Logi Tómasson hadde en «høy fot» i duellen med KFUM-stopper Momodou Lion Njie, som gikk inn i duellen med hodet.

    – Jeg tør ikke å gå inn ordentlig med hodet når foten hans er såpass høy, men det er tydeligvis lov, sa KFUMs Momodou Lion Njie til TV 2 i pausen.

    KFUM-trener Johannes Moesgaard var ikke like bestemt.

    – Ja, det er høyt spark. Men i pausen sa jeg at han må ofre tennene og ta den i ansiktet, for da blåser dommeren. Hvis ikke får vi ikke noe. Vi kan ikke trekke oss slik som det. Jeg trenger mer hjerte og sjel enn det, sa Moesgaard om situasjonen til TV 2 i pausen.

    Strømsgodset tok ledelsen allerede etter seks minutter. Eirik Ulland Andersen scoret etter et nydelig angrep.

    KFUM styrte det meste av spillet i førsteomgang, men uten å skape de største sjansene.

    I stedet var det Strømsgodset som var effektive. Da Herman Stengel scoret 2-0 målet like før pause.

    Etter pause fikk KFUM reduseringen. Midtbanespiller Simen Hestnes viste frem skuddfoten og klinket ballen i lengste hjørne fra 15-meter. Dermed stod det 2-1.

    Hjemmelaget fortsatte å presse på etter scoringer og skapte flere store muligheter, men nok en gang var det bortelaget som scoret mot spillets gang da Stengel fastslo resultatet til 3-1.

    KFUM
    Foto: NTB
  • Nadal gjorde kort prosess i etterlengtet comeback – feide Cobolli av grusen

    Rafael Nadal imponerte da han endelig var tilbake på tennisbanen igjen. 37-åringen feide Flavio Cobolli av grusen i Barcelona Open.

    Nadal vant 6-2, 6-3 over den 62.-rangerte italieneren. Dermed tok han seg videre til kamp mot Alex de Minaur i neste runde. Nadal har vunnet turneringen 12 ganger.

    Det var gruskongens første kamp på favorittunderlaget siden han slo Casper Ruud i finalen i Roland-Garros i juni 2022. Han har vært plaget av skader siden da, og hans forrige kamp var i januar.

    Under skadeoppholdet har Nadal falt til 644.-plass på ATP-rankingen. (NTB)

    Nadal
    Foto: NTB
  • Norges håndballmenn møter Danmark og Frankrike i OL-gruppespillet

    Norge kom i gruppe med blant andre Danmark og tittelforsvarer Frankrike da trekningen for OL-turneringen i håndball for menn ble foretatt i Paris.

    Tirsdagens trekning ble foretatt i forbindelse med styremøtet i Det internasjonale håndballforbundet (IHF) i OL-byen.

    Norge havnet i gruppe B med Danmark, Ungarn, Frankrike, Egypt og Argentina.

    De tolv OL-klare nasjonene ble fordelt i to grupper med seks lag i hver. De fire beste i hver gruppe tar seg til kvartfinalene.

    OL-turneringen i håndball spilles fra 27. juli til 11. august. Innledningskampene er lagt til Paris Expo Porte de Versailles, og finalerundene skal spilles i Stade Pierre-Mauroy i Lille.

    Frankrike er tittelforsvarer i OL både for kvinner og menn. (NTB)

    EHF 2024 Mens European Handball Championship Main Round Norway v Portugal
    Foto: CATHRIN MUELLER / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal