Sterk Ruud klar for kvartfinale

Casper Ruud hadde ingen problem med å slå Roberto Carballes Baena i første runde av ATP-turneringa i Buenos Aires i natt. Ruud vann med 6-1 og 6-0 i løpet av ein time.

I kvartfinalen får han langt tøffare motstand. Dusan Lajovic frå Serbia er rangert som nummer 23 i verda. Ruud er nummer 45.

– Lajovic har eit svært høgt toppnivå, og han spela bra i januar. På topp er han vanskeleg å slå, så det er avhengig av dagsforma til begge, seier Casper Ruuds far og trenar Christian til VG.

Han meiner sonen har gode sjansar til å vinne dersom han spelar som han gjorde onsdag.

Australian Open Tennis
Foto: Andy Brownbill / Andy Brownbill

Siste nytt

  • NFF vil ta grep om fotballvald

    Noregs Fotballforbund (NFF) opnar for å senke lista for å melde valdsepisodar i fotballkampar og på trening. Generalsekretær Pål Bjerketvedt meiner dei ikkje har vore bevisste nok.

    – NFF skal som organisasjon politimelde saker om vald og trugslar der sakene er så alvorlege at dei i NFFs domsorgan vil bli behandla som straffesaker, seier Bjerketvedt.

    Kjøll, svendsen og Bjerketvedt
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Gjev pris til Hareide

    Åge Hareide er kåret til årets trener i Danmark. Det er andre året på rad Hareide vinner denne utmerkelsen. Den danske landslagssjefen var nominert sammen med blant andre København-trener Ståle Solbakken. Bakgrunnen for prisen er det danske landslagets fremragende prestasjoner, blant annet ved å kvalifisere seg til EM 2020.

    Åge Hareide med fotballmagasin frå 70-talet
    Foto: Harald Thingnes / NRK
  • Kristoff sykler Belgia-klassiker

    Alexander Kristoff åpner kommende helg klassikersesongen på belgisk jord. Med seg som hjelper får han Vegard Stake Laengen. UAE har bekreftet troppen til Omloop Het Nieuwsblad og Kuurne-Brussels-Kuurne på sine nettsider. De to belgiske rittene markerer hvert år starten på vårklassikerne. Det hele starter lørdag.

    Sykkel-VM landevei i Yorkshire 2019
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal