– Det var veldig rufsete frå start av, men vi var klar over at det kunne bli ein jamn kamp. Vi var tolmodige og fekk betalt for det, seier Norges toppscorar, Kristian Bjørnsen til NRK.
Norge leverte langt frå ei overbevisande opning på kampen. Etter åtte minutt av første omgang var faktisk Bahrain i føringa, 5–3. Norge kom seg utover i omgangen, men klarte aldri å riste av seg motstandaren. Til pause leda dei 16–16, men Bahrain gjekk ut i hundre etter kvilen og snudde kampen til 17–16 i sin favør.
Laga følgde kvarandre tett til det var spelt rett over 40 minutt og på stillinga 21–21 sa dei norske gutane takk for følgje. Mot slutten av omgangen var det klasseforskjell i norsk favør og det enda med 35–29 siger.
– Eg sa på førehand at denne kampen ikkje kom itl å bli vakker for vi trener ikkje på dette til vanleg. Men eg følte vi hadde kontroll, men det er mykje vi kunne gjort betre, seier landslagssjef Christian Berge.
– Ingen problem å omstilla seg
Trass i seksmålssigeren mot Bahrain, skal Norge ta seg til OL i Rio må dei overvinna mykje tøffare motstand i Danmark og Kroatia. Førstnemnde allereie i morgon.
– Det blir ingen problem å omstilla seg til kampen mot Danmark. Bahrain er eit lag som spelar utradisjonell handball, og det er ingen lag vi kjenner betre enn danskane, seier Bjørnsen.
Kampen mot Danmark går laurdag kveld, klokka 20.30.