Hopp til innhold

Stenmark sende video til forbausa Shiffrin: – Det er det kulaste

I denne utgåva av «På heimebane» fortel Mikaela Shiffrin om presset ved jakta etter Stenmarks rekord, korleis ho tek lærdom av kjærasten, korleis ho klarer å halde seg motivert og mykje meir.

Mikaela Shiffrin

REKORDJAKT: Shiffrin hadde eit enormt press på seg i OL og VM. No er alle auga på henne i jakta på Stenmarks rekord.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Du les no NRKs intervjuspalte «På Heimebane». Her møter vi kjende idrettsprofilar og stil dei ei rekke spørsmål om stort og smått.

I dag: Alpinkøyrer Mikaela Shiffrin.

Aktuell med: Kan tangere den svenske alpinlegenda Ingemar Stenmark som tidenes mestvinnande alpinist i verdscupen.

På hjemmebane

Vi startar med fem faste og kjappe:

– Utanom idretten, kva er det du brukar mest tid på?

– Det må nok vere vasking.

– Kva kan gjere deg skikkeleg forbanna?

– Når folk lyg og fortel ting som ikkje er sant

– Kva er det dummaste kjøpet du har gjort det siste året?

– Det er sikkert ein slik «popsocket» til å ha på mobilen.

– Kva er din mest kontroversielle meining?

– Pizza med ananas er ganske digg.

– Når brukte du sist 1000 kroner eller meir på ein middag?

– Eg har brukt meir enn det berre på kjeks på hotellet eg bur på. Eg veit det ikkje er middag, men dei er så sinnssjukt gode. Eg kom inn døra på hotellet her og dei var sånn «du må ikkje bekymre deg, vi har kjeks». I fjor åt eg så sinnssjukt mange.

Mikaela Shiffrin

HENNAR ANDRE HEIM: Den amerikanske alpinstjerna trivast på norsk jord.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Du er ein seier unna å tangere Stenmarks rekord. Kor mykje tenker du på det?

– Heilt ærleg så har eg tenkt mykje på det, men det er fordi alle snakkar om det. Det er heilt sjukt. Uansett om det er i eit intervju eller om det er folk på gata som seier; «du kan ta denne rekorden!». Likevel så er eg ikkje der enda! Ok, så eg er ein seier frå å ligge likt med Stenmark og det verkar ikkje som veldig mykje, men det er ein seier som må til. Å vinne eit verdscuprenn er ganske vanskeleg, så det er ikkje det lettaste å berre få det til å skje. Sjølv om talet på rekorden er i hovudet mitt prøver eg å dytte det vekk og fokusere på det overordna målet mitt. For det er ikkje å vinne, det er å gjere mitt beste. Det kan bli ein seier absolutt, men det kan også ikkje bli det. Eg tek det ikkje for gitt.

– Stenmark seier at du er så mykje betre enn det han var og at dokke ikkje kan samanliknast. Kva tenker du om det?

– Eg føler det same om han. Uansett kva eg klarer å oppnå, så er Ingemar Stenmark eit synonym med alpint. Det han gjorde i si karriere sette standaren for oss alle. For alle generasjonane! Det er heilt utruleg, og ja, kanskje folk vil hugse meg, men eg trur dei framleis vil hugse han lenger. Han er den eine som folk vil hugse og eg føler at det ikkje vil ein gong bety noko om eg kjem til 87 eller uansett kva tal eg kjem til, for han har alltid vore på toppen av pyramiden for meg.

– Er du ikkje litt sjenert?

– Nei, eg er ikkje sjenert. Han sende meg ein video der han snakkar om at eg kan klare det og gå for rekorden. Eg blir berre sånn; «Han anar ikkje kven han er!». Det er jo det kulaste, for han er jo ... Ingemar Stenmark er sjølve alpinsporten og han veit det ikkje sjølv ein gang. Det er vel poenget. Den mentaliteten er det som gjer han til han.

Mikaela Shiffrin

HISTORISK: Ein audmjuk Shiffrin synest det er vanskeleg å innsjå suksessen.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

– Du kom nettopp tilbake frå VM som verdsmeister og dobbel sølvmedaljist. Gratulerer. Har det rukke å sige inn?

– Takk! Litt ja og litt nei. Det er veldig vanskeleg å prosessere suksessen og vere verdsmeister. Det er merkeleg, eigentleg. På ein måte innser eg det, men på ein annan måte så tenker eg ikkje så alt for mykje på det. Eg veit ikkje kvifor det er slik.

– Du måtte tole mykje press etter OL, i tillegg til starten av VM – meir enn det dei fleste må tole. Korleis kjennest det då å få dei medaljane? Føler du at du motbeviste dei eller tenkte du ikkje på det i det heile tatt?

– Vel, eg tenkte absolutt på det. Mest fordi det er eit så stort spørsmål som mange stil, særleg gjennom sommaren og i starten av denne sesongen. Det største spørsmålet eg fekk hundre prosent av tida var; «Er du redd du ikkje får medalje eller blir verdsmeister?». Eg trur at eg kom til eit punkt der eg visste det ville vere mogleg å vinne medalje, men eg visste også at det var mogleg eg ikkje ville vinne medalje. Eg var liksom ikkje redd for det. Eg berre veit at ein ikkje kan vinne medalje dersom ein køyrer redd. Så eg prøvde å ta ein dag om gangen, vere aggressiv og ha ein god mentalitet. Det var det eg klarte å gjere, så det var ei god kjensle.

FIS Alpine Ski World Cup - Women's Slalom Medal ceremony

VERDSMEISTER: Mikaela Shiffrin gjekk ut av VM med to sølvmedaljar og ein gullmedalje.

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

– Aleksander (Aamodt Kilde) har sagt at han lærer mykje frå korleis du handterer vanskelege situasjonar. Så korleis taklar du dei?

– Eg trur vi lærer mykje av kvarandre, spesielt når ting er utfordrande. På tøffe dagar tenker eg alltid på korleis han ville ha takla det og korleis han ville ha køyrd. Kva ville mentaliteten hans vore. Han er veldig positiv og veldig smart med korleis han går fram. Når eg kjem til eit renn og ikkje veit korleis eg skal takle det tenker eg alltid på kva han ville ha gjort. Då trur eg at eg klarer å handtere det betre på grunn av han.

– Han sei også at du veldig god på å møte pressa og vanskelege spørsmål.

– Haha. Nokre gonger.

– Er det vanskeleg å vere genuin når du blir møtt med «dumme» spørsmål eller får dei om og om igjen?

– Eg føler at det normalt sett ikkje finst dumme spørsmål. Eg prøvar å halde på perspektivet om at dersom nokon stil eit spørsmål er det enten fordi dei vil vite det eller fordi andre vil vite det. Sjølvsagt kan det vere utfordrande å svare på dei same spørsmåla igjen og igjen, men det er også ein del av måten vi fortel ei historie på. For atletar er det også måten vi får fans til å sjå på oss og sporten vi driv med. Nokre gonger så må du repetere deg sjølv, men til sist så er det slik ein får fans til sporten. Dei får sjå på meg, Aleksander eller nokon av dei andre utøvarane. Det er litt gi og ta. Når eg har det perspektivet er det så mykje enklare å stå i det og ha dei samtalane.

Shiffrin og Kilde.

STJERNEPAR: Kilde og Shiffrin dreg læring frå kvarandre.

Foto: Reuters/NTB

– Du har eit stort team rundt deg. Er det nokon du er nærare enn andre? Nokon du går til når du er stressa og overvelda?

– Eg trur eg delar tida mi likt med alle. Først og fremst ville eg gått til mor mi, men sjølvsagt også PR-manageren min Meghan får også øret fullt nokre gonger. Fysioterapeuten min Regan får også eit par augeblikk når eg ligg på benken og er frustrert. Eg likar å tru at vi alle kan lene oss på kvarandre. Alle har gode dagar og alle har dårlege dagar. Vi er der for kvarandre det beste vi kan og løftar kvarandre opp.

– Reflekterer du nokon gonger over faktumet at du er ein av dei beste alpinkøyrarane nokosinne?

– Det er litt som å vere verdsmeister. Det er vanskeleg å ta det innover seg og eg veit ikkje heilt kva eg skal gjere med det når eg tenker på det. Eg veit ikkje, men det kulaste er å tenke på at då eg var ei lita jente og drøymde om å vinne verdscuprenn ville eg aldri trudd at eg var i posisjon til å ta rekord som mestvinnande alpinist. Det er litt «mind-blowing» for meg.

  • Shiffrin kan ta Stenmarks rekord når ho køyrer storslalåm fredag klokka 10. Rennet kan du som vanleg følgje i NRKs direktesenter.
Suveren Shiffrin

SUVEREN: Shiffrin blir hylla av Ingemar Stenmark, som omtaler henne som betre enn han.

Siste nytt

  • Stockholm-derby avbrutt etter skandalescener: – En fullstendig jævla katastrofe

    Det ble hett både på banen og på tribunen da Djurgården tok imot byrival AIK søndag kveld. Kampen er midlertidig stanset, men vil bli gjenopptatt.

    Rettighetshaver Discovery har fått bekreftet at kampen vil gjenopptas klokken 17.50 med publikum til stede på stadion. Kampen vil da ha vært avbrutt i en time.

    Det var kort tid etter at Martin Danielson satte inn 1-0 for vertene at skandalescenene utspant seg i Stockholm.

    Først fyrte AIK-supporterne av rundt ti knallskudd, før det eskalerte ytterligere da AIKs Axel Björnström fikk rødt kort tre minutter på overtid.

    Flere knallskudd smalt på arenaen, og et dusin bluss ble kastet på gressmatten. Politiet måtte dermed ta seg ut på banen og sto mannsterke foran AIK-supporterne.

    – Det er en fullstendig jævla katastrofe at det ser slik ut, sa Irma Helin Zibanejad på Discovery.

    AIKs Erick Otieno ble også utvist på overtid av kampen, skriver NTB.

    Tribunebråk, Stockholm
    Foto: Pontus Lundahl/TT / NTB
  • Antony kan rekke FA-cupfinalen

    Manchester United-ving Antony blir trolig klar til neste helgs FA-cupfinale mot Manchester City, opplyser manager Erik ten Hag.

    Brasilianeren måtte ha hjelp av båre for å komme seg av banen etter en duell i Uniteds midtukekamp mot Chelsea, og det var frykt for at skaden var alvorlig.

    – Vi har alle sett hvordan han ble skadd. Det så ikke bra ut, men de første undersøkelsene har vist gode tegn, og det er en god sjanse for at han blir klar til FA-cupfinalen, sa United-manager Erik ten Hag før søndagens kamp, ifølge NTB.

    Manchester United, Antony
    Foto: Dave Thompson / AP
  • VM i ishockey: Latvia slo USA i bronsefinalen

    Det latviske ishockeylandslaget slo til med VM-bronse ved å beseire USA 4-3 søndag. For amerikanerne røk medaljehåpet i forlengelsen.

    Kristians Rubins ble matchvinner etter 1.22 minutters spill i «sudden death», skriver NTB.

    IIHF World Ice Hockey Championship 2023 - Bronze Medal - United States v Latvia
    Foto: LEHTIKUVA / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste