– Det er på grensa til å vere forkasteleg, seier Berge.
Han reagerer sterkt på at bronsefinalen kjem dagen etter semifinalen, der alle veit at det kan bli ekstraomgangar. Det blei det for Noreg i går, med 20 minutt ekstra speletid. Det er belastninga for spelarane han er aller mest redd for.
Det gjekk mindre enn 22 timar frå kampslutt fredag til avkast laurdag.
– I framtida må noko skje, slik kan vi ikkje halde på. Då vil meisterskapa i framtida gå utan dei største spelarane.
Berge blir konfrontert med arrangørane si grunngiving om at det er fordi bronsevinnarane skal kome meir fram i lyset, og ikkje kome i skuggen av finalen.
– Det er det tåpelegaste eg har høyrt nokosinne, skal eg vere heilt ærleg.
Krister Bergström i det europeiske handballforbundet forklarer overfor NRK at grunnen var å få bronsevinnaren meir fram i lyset.
– Vi ville at bronsevinnaren skulle kjenne seg som vinnar og hamne i fokus, seier Bergstöm til NRK.
Han meiner at om bronsefinalen skulle gå rett før finalen, ville all merksemda gå til kampen om gullet. Derfor blei alle tre arrangørane samde om å flytte både bronsefinalen og kampen om femteplassen til laurdag, medan finalen er einerådande på søndag.
Storspel av skadd målvakt
Målvakt Torbjørn Bergerud blei den store spelaren i bronsefinalen, og spela sin beste kamp i årets EM. Noreg slo Slovenia 28–20.
– Han har vore kampens aller beste spelar, sa NRKs Håvard Tvedten mot slutten av kampen.
Noreg tok EM-medalje for aller første gong.
– Han har stengt buret. Det finst ikkje ord for å skildre Bergerud i kveld, sa kommentator Patrick Sten Rowlands.
– Det var fantastisk å stå der i dag. Heile laget har ei veldig revansjelyst etter tapet i går, seier Bergerud til NRK.
– Vi vil meir enn slovenarane, og er kanskje litt mindre slitne enn det dei var.
Han hadde ein redningsprosent på 44. I deler av kampen var den over 50, trass smerter i handa etter skaden han fekk i semifinalen i går.
Då fekk han ein skrue i handa, og under oppvarminga kunne ein sjå han halde seg i den teipa handa fleire gonger. Men det let han seg ikkje prege av.– Eg kan ikkje teipe det skikkeleg, det blir rive i stykke likevel, sa han.
Bergerud fortalde at han spela med skruen i handa til ordinær tid var slutt i kampen i går. Før ekstraomgangane blei skruen dratt ut.
Det tok til å blø litt i starten av kampen mot Slovenia.
– Men det var berre å tørke seg på buksa. Den er heldigvis svart, så då syntest ikkje blodflekkane så godt, derfor kunne dei ikkje ta meg ut av matchen, gliser målvakta.
Sagosen med tidenes EM-rekord
Sander Sagosen spela ikkje sin beste kamp, men sette rekord likevel. Han scora fire mål, og er EMs toppscorar med 65 mål. Det er ny meisterskapsrekord. I tillegg har 53 assist.
– Eg er ekstremt stolt over å ha spela med desse gutane her. Vi har nesten spela eit perfekt meisterskap. Vi taper ein kamp i fjerde ekstraomgang, elles har vi feia all motstand vekk. Vi skal vere stolte av dette, sa Sagosen i det offisielle sigersintervjuet.
Då Sander Sagosen sette inn 3–2 på straffe, sette han EM-rekord. Han sette inn sitt mål nummer 62 i årets EM-turnering, ei meir enn makedonske Kiril Lazarov greidde i 2012.
– Kampen er prega av to lag som spela kamp i går. Det har ikkje vore nokon god kamp, sa NRK-kommentator Håvard Tvedten i pausen.
Han var betre nøgd med andre omgang.
– Det kjem av eit forsvarsspel som er godt planlagt. Vi kjem oss tilbake og får etablert oss, og vi står og ventar til dei kjem med trykket sitt. Dei har ikkje den farten som Noreg har. Vi er rett og slett mykje betre enn Slovenia, sa Tvedten i sluttminutta då bronsen var sikra.
– Dette betyr mykje, å gå frå den skuffande kampen i går til siger og bronse i dag. Dette er utruleg stort av laget, seier Magnus Gullerud til NRK.
Han seier at det var mykje jobb i hovudet med å reise seg etter tapet i går.
– Men det greidde vi mykje betre enn Slovenia, seier han.
– Nesten sjukt å tenke på
Noreg har gått frå å vere eit lag som aldri kom seg heilt inn i medaljekampen til å bli eitt som gjer det kvar gong.
– Det er nesten sjukt å tenke på. Det er utruleg stort å få vere med på den reisa vi har gjort.
– Korleis skal de feire det?
– Det er eg ikkje sikker på. No blir det bankett, sa Gullerud før han gjekk for å hente bronsen sin.
Då leia Noreg 12-9, men andre omgang skulle bli mykje betre for Noreg. I starten stakk Noreg frå og scora fem strake. Det gjekk nesten åtte minutt før Slovenia scora.
– Det er ein eim av bronselukt, sa Patrick Sten Rowlands på norsk leiing 20–14 13 minutt før kampslutt.
Bronsemedaljen gir også Noreg automatisk plass i neste års VM i Egypt.