– Eg tykkjer det er heilt uakseptabelt å bli avbroten på den måten. Det var både opprørande og ubehageleg, seier Peter Reinebo til NRK.
Han er dagleg leiar i Sveriges olympiske komité.
Reinebo skulle i all hovudsak leggje fram ein kommentar på vegner av dei fem nordiske OL-komiteane Island, Danmark, Finland, Sverige og Noreg, som meiner at det er heilt feil å late russiske og belarusiske representantar delta i internasjonal sport.
Då han skulle til å lese opp utsegna, blei han avbroten av ordstyraren i Den europeiske olympiske komité (EOC), for å så oppleve at mikrofonen blei skrudd av.
– Eg prøvde å halde fram, men det var ingen som høyrde. Stemninga i lokalet blei ganske spesiell, seier han vidare.
Ingen politisk diskusjon
EOC har i ettertid bekrefta at den russiske olympiske komité (ROC) ikkje deltok i møtet, men at Belarus (NOCRB) var til stade eksternt. Det skriv Insidethegames.com.
I ein felles nordisk utsegn, står det at landa tykkjer det er uakseptabelt å opne for russisk og belarusisk deltaking i internasjonal sport så lenge krigføringa mellom Russland og Ukraina held fram.
– Vi gir full støtte til forslaget om null deltaking av alle russiske og belarusiske utøvarar og representantar i internasjonal sport, står det.
NRK har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Den europeiske olympiske komité, men i forkant av møtet hadde medlemslanda fått beskjed om at EOC ikkje ynskja noko politiske diskusjonar under seminaret.
Dette var også beskjeden Reinebo skal ha fått då han blei avbroten.
BLEI STOPPA: Peter Reinebo.
Foto: ANNA TÄRNHUVUD / BILDBYRÅN– Men då han avbraut meg, sa han i tillegg at det var forbode å ytre sine politiske meiningar, seier Reinebo.
– Kvifor respekterte de ikkje beskjeden i forkant?
– Vår intensjon var ikkje å starte ein politisk diskusjon, det var heller ein merknad til gjennomføringa av møtet med deltakarar frå Russland og Belarus, etter dei restriksjonane dei bestemde seg for i vår. Det meiner vi framleis bør gjelde, og derfor ville vi forklare kvifor vi meiner det, seier han.
Han meiner at det vitnar om ein ting.
– Alle punkt i dette seminaret handla om kommentarar på pandemien og krigen som held fram. Det som var skilnaden hjå oss, var at vi tykte at styreleiaren i EOC hadde teke eit dårleg val. Min oppfatning er at det var den kritikken dei heilt tydeleg ville stoppe, seier han vidare.
– Uheldig
Noreg var representert på møtet ved to personar frå administrasjonen i Olympiatoppen.
Idrettspresident Berit Kjøll fortel at Noreg var ein aktiv bidragsytar og initiativtakar til utsegna frå dei nordiske idrettsorganisasjonane. Det blei nedfelt i samband med det nordiske idrettsleiarmøtet 22. og 23. september i Oslo.
– Her blei det gjort klart at russiske og belarusiske utøvarar og leiarar framleis må vere utestengt frå internasjonal idrett, seier Kjøll i eit utsegn.
INVOLVERT: President i Noregs idrettsforbund, Berit Kjøll.
Foto: Håkon MosvoldDet standpunktet blei sendt til Den internasjonale olympiske komité, EOC, Den internasjonale paralympiske komité, Den europeiske paralympiske komité, ANOC (forbundet av nasjonale olympiske komitear), i tillegg til alle europeiske olympiske komitear.
– Sjølv om det blei gjort klart at det ikkje skulle framførast politiske bodskap, er det likevel uheldig at den svenske representanten blir avbroten når han, på vegner av dei nordiske landa, påpeiker at det ikkje er ønskjeleg med russisk og belarusisk deltaking i møtet, seier Kjøll.
Kjøll seier vidare at det er naturleg å gjere dette tydeleg overfor EOC.
– I første omgang ynskjer vi å diskutere hendinga med våre nordiske kollegaer for å vurdere ein felles respons til EOC, utdjupar ho.
Reagerer
Den 22. oktober er det varsla at FIS-styret skal ta ei avgjerd rundt russisk og belarusisk deltaking i konkurransar kommande vinter.
Skiskyttar Dmytro Pidrutsjnyj frå Ukraina tykkjer det er utruleg trist at FIS vurderer å la russiske og belarusiske utøvarar delta.
– Russarar og belarusarar er ansvarlege overfor deira myndigheiter. Derfor bør utøvarane også bere denne byrda, seier Pdrutsjnyj til NRK.
STANDPUNKT: Skiskyttar Dmytro Pidrutsjnyj. Her med VM-medalje frå Östersund i 2019.
Foto: TT NEWS AGENCY / ReutersHan håpar ein forstår at krigen ikkje er over.
– Eg tykkjer ikkje det er rett at russiske og belarusiske utøvarar skal få vende tilbake sport medan krigen held fram. Dei bør vere suspendert til Ukraina har tatt tilbake sine territorium, og til den russiske føderasjon er straffa for deira brotsverk.
Han varslar grep om det så skulle skje.
– Viss dei kjem, er vi klare for å boikotte konkurransar. Eg trur dei fleste ukrainske utøvarane er einig med meg, seier han.