Hopp til innhold

Stemplar FN-ekspert som «ekstremt respektlaus»: – Eg er veldig lei meg

FN-ekspert Alexandra Xanthaki blir beskriven som «respektlaus». Medan ho og IOC vil ha russiske utøvarar tilbake i idretten, fortel ukrainarar om panikkanfall når dei må møte russiske rivalar.

Talihärm Xanthaki

MØTE: Johanna Talihärm følte at FN-eksperten Alexandra Xanthaki prøvde å feie bort argumenta hennar i Russland-debatten som går føre seg i internasjonal idrett.

– Vi fekk alle ei kjensle av korleis Xanthaki er. Hennar manglande vilje til å akseptere andre meiningar, og hennar ekstremt respektlause kommunikasjonsstil, fortalde skiskyttaren Johanna Talihärm til NRK og andre medium på ein pressekonferanse onsdag.

Estlands utøvarrepresentant til IOC snakkar om FNs spesialrapportør Alexandra Xanthaki, og åtferda hennar under eit IOC-møte førre veke. På møteplanen stod russisk og belarusisk deltaking i internasjonal idrett.

Xanthaki er jussprofessor innan menneskerett, og sende i fjor haust et varsel til IOC. Ho argumenterte for at utestenginga av russiske og belarusiske utøvarar er eit brot på menneskerettane, og at IOC burde endre sitt standpunkt.

Johanna

KRITISK: Johanna Talihärm likte ikkje korleis Xanthaki snakka til henne. Her under den digitale pressekonferansen NRK deltok på.

Situasjonen mellom Talihärm og Xanthaki under møtet oppstod då estaren tok ordet for å opplyse om Estland sitt synspunkt på spørsmålet. Dei meiner at det er for tidleg å ønskje Russland og Belarus velkommen tilbake.

– Eg var den einaste på den samtalen som Xanthaki avbraut. Ho brukte «whataboutism»-argument mot meg. Då eg kort fekk svare henne, vart eg fortald at vi måtte komme oss vidare i samtalen.

NRK kjenner til at Talihärm vart motsagt under møtet og deretter avbrote av IOC fordi fleire ønskte å halde innlegg.

– Eg var aldri irritert

Xanthaki fortel til NRK at ho sette pris på diskusjonen i møtet, mellom anna kommentarane frå Talihärm.

Ifølgje FN-eksperten var det ein open dialog i møtet, der fleire utøvarar, Talihärm og fleire ukrainarar inkludert, fekk komme til ordet og presentere deira tankar.

– Johanna hadde nokre veldig inkluderande poeng, viss eg hugsar rett, om at ho har nokre russiske utøvarvenner og at ho synest synd på dei, men at bodskapen må komme fram til Russland. Det er ein komplisert situasjon, ikkje sant? Utøvarar som må uttale seg mot andre utøvarar, seier Xanthaki om møtet.

Alexandra Xanthaki

FN-EKSPERT: Alexandra Xanthaki.

Ifølgje Xanthaki meinte alle ikkje-europeiske utøvarar i møtet at utestenginga av russiske utøvarar bør opphevast, uavhengig av om dei er ein del av militæret eller ikkje.

– Det er viktig å ta med i reknestykket. Eg hugsar ein armensk utøvar som sa at dei aldri hadde tenkt på å ekskludere Aserbajdsjan sjølv om dei har vore i krig i lengre tid, seier ho.

Xanthaki fortel at ho vart i møtet i over 1,5 time for å halde fram samtalen med utøvarane, mellom anna Talihärm.

– Fleire europeiske utøvarar var usamd med meg, men eg var aldri irritert eller restriktiv. Eg er veldig lei meg for at Johanna kjende seg ukomfortabel. I mine auge var dialog poenget med møtet, legg ho til.

Talihärm beskriv det som «ein kraftfull augneblink» i samtalen, og at ho har fått fleire støtteerklæringar frå andre som deltok i møtet.

– I ettertid har eg fått nokre unnskyldningar frå IOCs utøvarrepresentantar, som hadde ansvaret for samtalen, hevdar ho.

Fekk panikkanfall av russarmøte

Professor i menneskerettar, Patricia Wiater, meiner at Xanthakis argumentasjon om at ei russisk utestenging strir mot menneskerettane er på ville vegar.

Ifølgje Wiater er det berre uakseptabelt å forskjellsbehandle basert på nasjonalitet dersom det ikkje finst gode grunnar til å gjere det. Det meiner ho at det er, og nemner mellom anna menneskerettane til ukrainarar.

Les også: FN-ekspert om russisk utestengelse: – Hvordan hjelper dette ukrainerne?

APTOPIX Russia Putin Olympics
APTOPIX Russia Putin Olympics

– Når vi snakkar om ukrainske utøvarar, kan vi snakke om menneskerettane deira, knytt til mental helse, verdigheit og deira rett til å utøve idretten sin, fortel Wiater.

Fleire ukrainske utøvarar fortel til NRK at dette er eit problem når dei møter russiske utøvarar på idrettsarenaen, både no og så lenge krigen går føre seg.

– Det har påverka meg så mykje at eg har fått ei form for panikkanfall. Det er ein etisk konflikt kvar gong eg spelar mot dei, fortel den ukrainske tennisspelaren Lesia Tsurenko.

– Alt Bach seier er manipulasjon

I tennisen har nemleg russiske utøvarar framleis innpass. Tsurenkos kollega Marta Kostjuk fortel at dei i løyndom har kjempa for å få fjerna russarane frå sporten. Frykta for å miste rankingpoeng og øydeleggje karrieren er årsaka til at dei held fram med å spele mot dei.

Marta Kostyuk

TENNISPROFIL: Marta Kostyuk.

Foto: SANDRA SANDERS / Reuters

I fjor nekta Kostyuk å ta belarusiske Viktoryja Azarenka i handa etter ein kamp. Det same gjorde ho etter sigeren over russiske Varvara Gratjova. Etter kampen dedikerte ho sigeren til heimlandet.

Nettopp denne kampen vart brukt av IOC-president Thomas Bach som eit døme på at russiske og ukrainske utøvarar kan konkurrere på same arena.

Alt Bach seier ein manipulasjon, seier Tsurenko om påstanden til presidenten.

Siste nytt

  • Iivo Niskanen bryter med landslaget

    Den finske langrennsprofilen Iivo Niskanen bryter med det finske landslaget og vil satse privat under oppkjøringen til den kommende sesongen.

    Da det finske langrennslandslaget ble tatt ut forrige uke, var ikke Niskanen en del av troppen.

    – Iivo ønsker nå å kjøre en litt annerledes oppkjøring enn før. Det ble bestemt at han ikke skal være med på landslagsaktiviteter under oppkjøringen, men skal gjøre sitt eget opplegg, sa trener Teemu Pasanen fredag, ifølge rikskringkasteren Yle.

    Pasanen bekrefter at initiativet ble gjort av Niskanen. Det er et lignende opplegg som Johannes Høsflot Klæbo har gjort i Norge.

    Pasanen uttaler at 31-åringen vil være tilbake på landslaget når verdenscupen starter i november. (NTB)

    OPIeHUiFfY4
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Tour of Scandinavia-etappe i Sverige avlyst

    Det blir ingen etappe på svensk jord i årets Tour of Scandinavia. Økte kostnader og manglende finansiering gir kutt i sykkelprogrammet.

    Arrangøren opplyser om endringen i en pressemelding. Det var opprinnelig lagt opp til at kvinnerittet med verdenstourstatus skulle ha en etappe fra Tanum til Strömstad.

    – En kraftig kostnadsøkning på innkjøp av en rekke varer og tjenester, svekket norsk kronekurs og det faktum at vi ikke har lyktes med å skape et tilstrekkelig inntektsgrunnlag i Sverige, gjør at vi dessverre ser oss nødt til å kutte ut etappen i Sverige i år, sier daglig leder Roy Moberg.

    Åpningsetappen utsettes med én dag til 23. august. Den går fra Mysen til Halden. Alle de øvrige etappene avvikles som planlagt. De to siste sykles i Danmark. (NTB)

    Sykkel: Tour of Scandinavia
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • NRK og VG skal vise morgendagens fotballhelter

    I sommer skal Norges U19- og U21-landslag på herresiden spille EM. NRK og VG skal sammen vise alle kampene fra de to mesterskapene.

    – Sammen skal to av Norges aller største mediehus vise frem morgendagens helter på gressmatta. Det gleder vi oss veldig til, og samarbeidet vil komme hele det norske fotballpublikummet til gode. Dette er mediemangfold i praksis, sier Espen Olsen Langfeldt, sportsredaktør i NRK.

    U21-EM spilles i Romania og Georgia, fra 21. juni til 8. juli. U19-EM spilles på Malta fra 3. til 16. juli.

    NRK skal vise alle Norges kamper i mesterskapet og finalene, mens VG vil sende samtlige kamper.

    Fotball, menn, U21, EM-kvalifisering Norge - Aserbajdsjan (2-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste