Hopp til innhold

Stem på Årets eldsjel

Årets eldsjel er den kanskje mest prestisjetunge prisen på Idrettsgallaen. Her kan du sjå kven du kan røyste på til Idrettsgallaen 6. januar.

Vestå

PRIS TIL DEI FRVILLIGE SLITARANE: I fjor gjekk sigeren til Svein Robert Vestå frå Sortland.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Det kom inn 660 nominasjonar på kandidatar i år. Kvart fylke kom fram til sin vinnar blant dei nominerte, og av desse 19 er det fem som står att og som du kan røyste på.

Vinnaren får prisen tildelt på direktesendt TV på Idrettsgallaen på Hamar.

Årets eldsjel-pris går til ein av dei fem nominerte, men er ein pris som skal hylle dei tusenvis som år etter år legg ned ein enorm frivillig innsats for idretten rundt omkring i landet.

  • Røystinga opnar 15. desember.

Dette er dei fem kandidatane du kan stemme over denne gongen:

Østfold: Jan Georg Lund (73), Stjernen Hockey

Stem fram årets ildsjel.

Han har vore medlem i Stjernen sidan klubben blei stifta i 1960, og er klubbens «Mr. Hockey». Han har vore tillitsvald i klubben i over 50 år.

I sine aktive dagar var Jan Georg først keeper, deretter utespelar. Seinare har han vore styreleiar, leiar i ulike komitear, og er i dag primus motor for samarbeidet med SFO Stjernen.

Det er eit prosjekt der det blir bussa inn barn til hockey- og skøytetrening. Jan Georg leier også prosjektet «isaktivitet på dagtid», og er fagansvarleg for barne- og ungdomsidrett i Stjernen.

Han har også hatt mange verv i Østfold ishockeykrets og Østfold idrettskrets.

Oppland: Evelyn Veisten (65), Østre Toten Helsesportlag

Stem på årets ildsjel.

Evelyn er primus motor for tilbodet om boccia og handball for utviklingshemma.

Ho er nominert for arbeidet sitt for dei svakaste ungdomane og unge vaksne som ikkje har eit godt nok tilbod i andre idrettslag. Ho stiller på trening og er med på kampane, og følgjer spelarane og laget detaljert opp når dei skal ut på tur.

Og ho er tilgjengeleg til alle døgnets tider, heiter det i grunngivinga frå forslagsstillaren.

I Østre Toten Helseportlag tar ho imot interesserte frå fire kommunar, fordi andre liknande tilbod ikkje finst. Det skal vere rom for alle for å delta.

Laget blei stifta i 1994, og Evelyn har vore med nesten heile tida, dei 12 siste åra som leiar.

Møre og Romsdal: Hilde Nilsen (47), Sunndal IL Håndball

Stem på årets ildsjel.

Hilde har i mange år engasjert seg på alle felt som tenkast kan innan handballen i Sunndal.

Ho er pådrivar for handballskule for barn på asylmottak i samarbeid med UDI. Ho tok også initiativet til å starte ny handballklubb i nabokommunen Nesset der 70 personar møtte fram.

Tidlegare i år blei ho kåra til årets eldsjel i Norges Handballforbund region nord.

I den lange lista over Hildes innsats for klubben nemner forslagsstillaren at ho stiller opp på kort varsel ved forfall på alt frå arrangementsansvarleg til kioskvakt.

Ho har teke initiativ til at alle spelarane i klubben har blitt invitert til kamp mellom Byåsen og Larvik, og ho har lånt ut sin eigen bil til trenaren slik at han kan reise til og frå mellom Skåla og Sunndal for å trene G12-laget.

Nord-Trøndelag: Terje Johan Våg (63), Snåsa IL

Stem på årets ildsjel.

Terje stiller opp for heile bygda, særleg for «barn og unge idretts-spirer», som det står i grunngivinga.

Han er også vaktmeister og styrar ved lagets idrettsanlegg, eit anlegg som han også var blant initiativtakarane til. Han har vore trenar i to generasjonar, spesielt innan friidrett, fotball, volleyball, i tillegg til barneidrett og trim.

Han har også lagt ned eit stort arbeid innan integrering av flyktningar og nye busette.

Han lever for idretten, og inspirerer og gir idrettsglede til nye talent. Han har vore styremedlem både i hovudlaget og i friidrettsgruppa.

– Alle på Snåsa veit kven Terje er og set umåteleg pris på hans engasjement. Snåsa Idrettslag hadde ikkje fungert utan Terje, står det i grunngjevinga frå forslagsstillaren.

Nordland: Håvard Olsen (64), IL Løken

Stem på årets ildsjel.

Håvard har vore aktiv i lokalmiljøet i Steigen i over 40 år, mest av alt for idretten.

I idrettslagets nedslagsfelt bur det 80 menneske. 60 av dei er medlemer i laget. Det blei nedlagt i 1969, men gjenoppsto i 1976 med Håvard som pådrivar. Han har vore leiar av laget i mellom 20 og 25 år.

Han har også vore primus motor for mange anleggsprosjekt – fotballbane, skisku\yttaranlegg, skyttarhus og lysløype.

Sjølv var han aktiv fotballspelar i si tid, men han har engasjert seg i alle andre idrettar innan idrettslaget, og lagt til rette for svært mange av aktivitetane. Og det har ikkje vore få i dei 40 åra sidan laget vart reorganisert.

Håvard har aldri teke ut ei krone i køyregodtgjersle trass i at han i mange år har køyrt for direttslaget i eit omrpåde med store avstandar.

– Det er nok snakk om avstand tilsvarande mange rundar rundt ekvator, står det i grunngjevinga.

Du kan stemme frå fredag 15. desember og fram til fredag 5. januar.

Det kan du gjere på Idrettsgallaens heimeside.

Stemmene frå denne røystinga tel 50 prosent når vinnaren skal utpeikast. Dei andre 50 prosentane byggjer på avgjerda til ein jury.

Årets jury: Kjetil André Aamodt, Aida Dahlen, Stian Sivertzen, Ole Gunnar Solskjær, Are Strandli, Heidi Støre, Astrid Uhrenholdt Jacobsen og Marit Roland Udnæs.

Det er også juryen som har plukka ut dei fem kandidatane blant fylkesvinnarane.

I fjor gjekk sigeren til Svein Robert Vestå frå Sortland.

Siste nytt

  • Vålerenga-spissen slo tilbake i enkel cupseier

    Vålerenga hadde få problemer mot 3.-divisjonsklubben Oppsal og gikk videre til 3. runde i cupen etter 4-0-seier. For Mees Rijks ble det en liten revansj etter helgens utvisning mot Lyn.

    Rijks ble slaktet av egen sportssjef etter sitt røde kort i helgens byderby. Nederlenderen ble utvist på stillingen 1-0 til VIF, og kampen endte til slutt 1-1.

    Torsdag fikk Rijks æren av å score Vålerengas siste i 4-0-seieren mot Oppsal.

    – Det har ikke vært lett de siste dagene siden det røde kårtet. Sånn er spillet. Det har vært en spesiell uke, sier Rijks til TV 2.

    Tidligere i kampen hadde Jones El-Abdellaoui, Vegar Eggen Hedenstad og Aleksander Hammer Kjelsen scoret Vålerengas tre første mål.

    Neste uke får Vålerenga besøk av Tromsø i cupens tredje runde.

    NM i fotball 2024: Oppsal - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Fifa har inngått gigantavtale med saudiarabisk oljeselskap

    Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har signert en kontrakt med oljeselskapet Saudi Aramco ut 2027.

    Den fire år lange avtalen skal innebære at Saudi Aramco blir en Fifa-partner i turneringer som VM for menn i 2026 og VM for kvinner i 2027.

    Noe beløp er ikke kjent, men ifølge nyhetsbyrået AP er det den største avtalen Fifa har inngått med en sponsor om man regner årlig verdi.

    Avtalen har vært ventet siden i fjor høst. Da ble Saudi-Arabia bekreftet som arrangørland til fotball-VM for menn i 2034.

    – Dette partnerskapet vil hjelpe Fifa til å lykkes med å gjennomføre sine flaggskipsturneringer, sier Fifa-president Gianni Infantino i en uttalelse.

    Oljestaten Saudi-Arabia har pumpet inn milliarder inn i idretter over hele verden som golf, fotball, motorsport og kampsport.

    Idrett er ett av satsingsområdene i det regimet kaller «Visjon 2030», en økonomisk plan som skal bygge nye næringer og skape arbeidsplasser. Saudi-Arabia er i en årrekke blitt kritisert for brudd på menneskerettighetene og vært anklaget for å drive med sportsvasking.

    Statseide Aramco eier laget Al-Qadsiah, som leder nivå to i hjemlig liga, og bygger et stadion i byen Dammam hvor det skal spilles kamper i Asian Cup om tre år. Trolig også i VM i 2034.

    – Gjennom dette partnerskapet med Fifa tar vi sikte på å bidra til fotballutvikling og utnytte sportens kraft for å utgjøre en forskjell over hele verden, sier Aramco-president Amin H. Nasser.

    (NTB)

    yxSHGc2NkxA
    Foto: AP
  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Flere medier skriver at Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndtering av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal