NRK Meny
Normal

Statistisk spådom eit halvår før OL: 1 gull og 1 sølv i Rio

Norge kjem til å ta berre to medaljar i Rio-OL i august, spår statistikk-nettstaden Inforstrada, på dagen eit halvt år før opningsseremonien.

Håndballjentene

FORSVARER GULLET: Handballjentene forsvarar tittelen frå London og tek Norges einaste OL-gull i Rio, trur Infostrada. Her fra VM før jul.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Infostrada set kvar månad opp prognosar for medaljer, og februar-utgåva av Virtual Medal Table spår at Norge kjem ut av årets OL med be eitt gull og eitt sølv.

Kristoffer Brun Are Strandli

RO-SUKSESS: Are Strandli og Kristoffer Brun i lettvekt-dobbelsculler tek sølv, ifølgje spådomen

Foto: JEFF PACHOUD / Afp

Gullet går ikkje uventa til handballjentene. Sølvet er det lettvekt-dobbelsculleren med Kristoffer Brun og Are Strandli som står for.

Ut over det blir det ingen medalje for den norske troppen, ifølgje spådomen.

Resultatet plasserer Norge heilt nede på 47.-plass på medaljestatistikken, delt med Austerrike. Landet utan kyst tek begge sine medaljar i segling.

Les også: Noreg på synkande kurs

Sjöström blir svensk OL-helt

Ei mager trøyst kan det vere at Sverige berre er tre plassar over oss. Svenskane blir spådd seks medaljar – ein gull, fire sølv og ein bronse. Symjaren Sara Sjöström tek det einaste svenske gullet på 100 meter butterfly. Sjöström blir svensk OL-helt med sølv på 200 m fri og bronse på 100 m fri.

USA toppar med 42 gull, framfor Kina med 34 og Russland med 25. Vertslandet Brasil tek ni gull og blir nummer 10.

Gatlin slår Bolt

Justin Gatlin Usain Bolt

GATLIN VINN DUELLEN: Justin Gatlin slår Usain Bolt på 100 m, men Bolt tek revansje på 200, ifølgje prognosane

Foto: DAMIR SAGOLJ / Reuters

11 av USAs gull kjem i friidrett. Deriblant på 100-meteren, som Infostrada spår Justin Gatlin vinn framfor Usain Bolt. Bolt tek derimot ein av Jamaicas tre gull ved å vinne 200-meteren.

Danmark blir spådd to gull, tre sølv og fire bronse. Rene Poulsen i 1000 m kajakk single og lettvektsfiraren i roing er dei danske gullvinnarane.

Finland blir utan gull, men tek to sølv – Teero Pitkämäki i spyd og Petra Olli i fristil-bryting.

83 nasjonar kjem til å ta medaljar i Rio, er Infostradas februar-spådom nøyaktig eit halvt år før det brakar laust i Brasil. Det skal delast ut medaljar i 306 øvingar.

Infostrada kjem med oppdaterte spådomar kvar månad fram mot OL. Og då kan mykje endre seg.

Siste nytt

  • Ødegaard tilbake for Heerenveen

    Martin Ødegaard var tilbake fra sin bruddskade da Heerenveen spilte 1-1 borte mot Vitesse i den nederlandske æresdivisjonen lørdag.

    Martin Ødegaard
    Foto: NRK
  • Tredjeplass til Skarstein

    Paralympics-håpet Birgit Skarstein fikk en sterk tredjeplass i lørdagens verdenscuprenn i langrenn i Tyskland, skriver NTB.

    Birgit Skarstein
    Foto: Anne Ragnhild Kroken / Norges Skiforbund
  • Ezinne tok VM-kravet

    Ezinne Okparaebo klarte kravet før innendørs-VM på 60-meteren under Bassen sprint i Bærum i dag. – 7.25 og VM-krav på første stevnet i dag. I'm back, skriver sprinteren i en SMS til NRK.

    Ezinne Okparaebo
    Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal