Hopp til innhold

Starta å springe for fire år sidan – sette ellevill rekord

Stian Andersen (29) frå Bergen vart lokka med på sin første halvmaraton for fire og eit halvt år sidan. No står han med norsk rekord på 100 miles.

Rekordløp

NORSK REKORD: På 13 timar og 47 minutt sprang Stian Andersen inn til ny norsk rekord på 160,9 kilometer.

– Det var eit eventyr. Eg gjekk ut i ein fart som skulle gi ei god sluttid, og det var veldig gledeleg å halde den farten såpass lenge som eg klarte, seier Andersen til NRK.

Det var under Mors 100 miles i Danmark den nye rekorden, som lyder på 13 timar, 47 minutt og 22 sekund, vart sett søndag.

100 miles er 160,9 kilometer eller nesten fire strake maraton.

Lever på «grisemat»

Men rekordløpet hadde sine utfordringar. Undervegs måtte Andersen springe i både regn, sludd og motvind.

Dårlæg vær

UTFORDRANDE: Det var både regn, slutt og motvind som møtte den ferske rekordhaldaren på 100 miles.

– Når ein skal springe frå vest til sør, har det ein tendens til å vere motvind heile vegen. Siste del av løpet, fire til fem siste timane, så løya vinden litt og det vart ganske greie forhold. Med dei forholda så var det ikkje rekordforhold, men at det var motvind i 160 kilometer, skal eg ikkje seie.

Ei anna utfordring i eit så langt løp er få i seg nok væske og mat. Oppskrifta er enkel. Det er det Andersen kallar «grisemat».

– Dagen før var vi innom ein lokal forretning i Danmark og kjøpte kanelbollar, Nonstop og sånt kjafs. Å byrje med ein treretters er ikkje akkurat noko sjakktrekk. Det må vere noko som er lett å få ned og som kan tyggast i fart.

– Bort i natta langt

NRKs friidrettskommentator Jann Post er imponert over prestasjonen til 29-åringen.

– Med så kort fartstid så er det ein kjempeprestasjon og det syner at kroppen er god til å tilpasse seg. Det ligg solid innsats bak.

Fysisk og mental styrke, samt rett næring, seier han er dei tre avgjerande faktorane for å lykkast.

– Vi snakkar her om eit løp som er nesten fire gonger eit vanleg maraton. Det er bort i natta langt. Dei fleste av oss hadde nok stoppa lenge før.

Sjølv om den nye rekorden på er ei forbetring av den gamle med rundt 17 minutt er han redd den ikkje blir ståande veldig lenge.

– Trur eg er heldig om den står ut 2020.

rekord

REKORD: Den nye rekorden er på 13 timar, 47 minutt og 22 sekund.

– Det er liksom litt slik i dette miljøet at når ein rekord blir sett, så har folk ein tendens til å mobilisere.

– Vart lokka med

Andersen er på ingen måte ein veteran i ultraløpssirkuset.

Til vanleg arbeidar han i Nordsjøen og det var først for fire og eit halvt år sidan han fekk smaken på lange løp.

– Eg spring 160 til 180 kilometer i veka og føler det er veldig greitt. Rett og slett ein hobby. Eg vart lokka med på ein halvmaraton og det var starten på ei lita løpekarriere.

Neste mål er alt sett. I desember ventar NM på heimebane og 100 kilometer står på programmet.

– Eg håpar å gi noregseliten kamp der. Om ikkje å ta tittelen, så vil eg prøve og puste dei i nakken.

– Han er framleis ung som ultraløper. Han kan minst halde på i 20 år til. Rutine og mengde over tid er ofte ein fordel, så vi kan nok vente oss mange gode løp frå denne mannen, seier Post.

pallen

PALLEN: Her får Stian Andersen bevise på at han vann konkurransen i Danmark etter å lagt bak seg over 160 kilometer.

Siste nytt

  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Flere medier skriver at Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndtering av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal