Fleire set spørsmålsteikn ved handteringa til det internasjonale sjakkforbundet av kommande VM. Likevel er få overraska.
Det er ikkje første gong ein sjakk-meisterskap står utan arrangør berre månader før det startar.
– Skjer kvart år
Johan-Sebastian Christiansen er fast innslag når verdseliten spelar under VM i lyn- og hurtigsjakk. Han held ikkje tilbake kritikken sin.
USIKKERT: Kvar Johan-Sebastian Christiansen skal reise for å delta i VM, er endå uklart.
Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / NRK– Det er rett og slett berre håplaust og amatørmessig. Det er sånn kvart år og eg skjønar verkeleg ikkje kvifor. Det øydelegg for så mange spelarar. Øydelegg ikkje så mykje for førebuingar, men det er utruleg mykje styr dersom det hamnar i eit land med visumkrav, seier Christiansen til NRK.
Han får støtte av sjakkollega Aryan Tari.
– Som vanleg veit vi framleis ikkje kva land som skal arrangere, som er latterleg. Vi som spelarar er vant til at det ikkje blir gjort kjend før eit par veker før turneringa. Det skjer kvart år og har blitt ein tradisjon, seier Tari som har planar om å delta.
Også NRKs sjakkekspert, Torstein Bae, synest det er svakt av Det internasjonale sjakkforbundet (Fide).
KULTUR: Bae trur det kan handle om kultur: – Ein kjem med dette i november, til og med desember. Men så har ein sett før, at det ordnar seg, seier han.
Foto: Erik Johansen / NTB– Det er dessverre slik det pleier å vere i sjakkverda. Hadde dette vore ein annan sport, ville omstenda vore heilt annleis. Då ville ein vore bekymra.
– Klarer tydelegvis ikkje å få konkludert før dei har kniven på strupen
Å få dette på plass i alle fall eit halvår før, minimum, burde vere mogleg, meiner Bae.
– Kvifor trur du ikkje dei får det til?
– Det er eit godt spørsmål. Det er jo ikkje sånn at arrangørane står i kø. Det trur eg har noko med at pengepremiane er så høge, noko som igjen gjer det krevjande å finne vertsland. Likevel kan ein tenkje seg, at når ein til slutt klarar å finne arrangør, hadde ein klart å lande det litt tidlegare, fortel han.
VM-ARENA: I fjor vann Magnus Carlsen begge verdsmeisterskapane i Almaty i Kasakhstan. Året før var Warszawa VM-arena, men der vart det ingen norsk jubel.
Foto: PAVEL MIKHEYEV / ReutersHan ser at dei fleste av spelarane dreg uansett, og trur det heng saman med at pengepremiane er såpass høge.
– Det internasjonale sjakkforbundet vil ikkje at det skal vere seint, men dei klarer tydelegvis ikkje å få konkludert før dei har kniven på strupen, ser det ut til, seier Bae.
- NRK har prøvd å få ein kommentar frå Fide i denne saka, men har ikkje fått svar.
Den store bøygen
Kjell Madland er styreleiar i Norway Chess, og har lyst til å arrangere sjakk-VM ein gong i framtida.
– Det er jo krav når det gjeld meisterskap. Ein må ha ein organisasjon eller eit system så du veit korleis du skal arrangere det. Det er mykje som må vere på plass, fortel han.
GOD DIALOG: Madland fortel at dei har hatt god kommunikasjon med FIDE i fleire år.
Foto: NTBMadland trur budsjettet kan strekkje seg opp mot noko som nærmar seg 25 millionar kroner.
– Finansieringa er den store bøygen. Det er eit relativt stort budsjett for eit slikt arrangement. Det blir 25 prosent ekstra berre på grunn av valutaen, så det er litt krevjande, fortel han.
Eit godt samarbeid er med på å gjere det praktiske litt lettare under ein meisterskap. Det er ein del logistikk som skal vere på plass.
– Det trengst gode lokasjonar med hotell og spel-stadar, og dessutan transport til og frå flyplassen, fortel styreleiaren.
Johan-Sebastian Christiansen veit ikkje kvar han dreg, men held desember-månaden open for å ha alt på stell til VM. Kvar enn det måtte bli.
– Får du delteke same kvar det er?
– Det skal ordne seg same kvar det er, men blir utruleg mykje stress dersom det blir visumkrav som sagt. Har vore slik tidlegare og då gjekk det så vidt, seier han og legg til:
– Det hindrar meg frå å reise utanlands i desember òg. I og med at eg må vente og sjå kvar det blir. Må eg ha visum så må eg jo levere frå meg passet. Så det skaper berre mykje unødvendig hovudbry.